Seks år gamal topp­notering kan stå for fall

1 month ago 28



Noreg er inne i ein mild periode, med varmegrader og store nedbørsmengder.

Onsdag kan det føre til den høgaste temperaturen som er registrert i ein januarmånad.

– Det er skummelt å seie at det kan bli varmerekord, men vi har jo ein del milde luftmassar og i tillegg er det eit lokalt fenomen som heiter fønvind, seier statsmeteorolog Emily Karin Rønning.

Toppnotering frå 2019

Det er på Sunndalsøra sjansane er størst for ei ny rekordmåling. Her vart det målt 19 grader i 2019. Førebels fortel prognosane hos yr.no om 14 grader – berre to grader lågare enn gradestokken viste måndag.

Men forholda ligg til rette for at gradestokken kan krype høgare.

Vind frå sør eller sørvest gir aukar sjansen for fønvind i Langfjella og Møre og Romsdal.

Og då spesielt Sunndalsøra, der fønvind ikkje er noko ukjent fenomen.

– Det er varm, tørr vind som kan slå ned på låglandet etter at det har passert eit fjellområde. Det betyr at lufta som kjem over fjellet blir pressa ned, og då kan det i botnen av fjella og i dalane bli lokalt ein del varmare, fortel Rønning.

– Det blir spennande å følgje med, legg meteorologen til.

– Ein liten bismak

I Sunndal er dei vande med både fønvind og varmerekordar, seier ordførar Ståle Refstie.

– Vi brukar å seie at i Sunndal tek vi varmt i mot.

Ståle Refsti

Det blir ikkje naudsynt med boblejakke i morgon, seier ordførar Ståle Refstie.

Foto: Pål Kristian Lindseth / Synnøve Hole

Refstie synest det er stas når dei får toppnoteringar på temperatur, men det minner også om årsakene til at dei stadig når nye høgder.

– Ein får sjølvsagt tankar om global oppvarming og alt vi står i med tanke på ekstremvêr. Så det er med ein liten bismak, men vi er stolte over varmerekordane våre uansett.

Ti varmegrader

Resten av veka vil halde fram med å vere både våt og mild over det meste av landet. Spesielt på Vestlandet og i Nordland.

Meteorologane har sendt gult varsel for nedbør for indre del av Helgeland og delar av Nord-Trøndelag. Her kan det kome opp mot 60 millimeter nedbør frå onsdag føremiddag til torsdag føremiddag.

I tillegg har NVE sendt ut farevarsel for flaum, snøskred og jord/sørpeskred dei neste dagane.

– Det har vore eit skikkeleg vêrskifte, og fleire stadar vil framleis ha det ganske mildt, opp i ti grader, seier Rønning.

  • Krokus og påskelilje på Engelsvåg i Klepp kommune.

    Krokus og påskelilje på Engelsvåg i Klepp kommune.

    Foto: Hilde Karin Krogedal Norland
  • Den grøne vinteren er i ferd med å ta over for den kvite i Sarpsborg.

    Den grøne vinteren er i ferd med å ta over for den kvite i Sarpsborg.

    Foto: Kari Stikbakke
  • Det spirer og gror på Jæren, både ugras og løkknoller har kome til syne etter snøsmeltinga.

    Det spirer og gror på Jæren, både ugras og løkknoller har kome til syne etter snøsmeltinga.

    Foto: Hilde Krogedal Gunnar Norland
  • Desse små søte knoppane dukka fram då snøen forsvann på Nærbø i Rogaland.

    Desse små søte knoppane dukka fram då snøen forsvann på Nærbø i Rogaland.

    Foto: Anne Ueland

80 millimeter nedbør

2025 har bydd på mykje vêr. Ein del stasjonar på Austlandet registrerte rekordstore nedbørsmengder under snøkaoset for januar.

Onsdag kan frysande eller underkjølt regn gi vanskeleg føre på Austlandet.

Disse stedene fikk nye nedbørsrekorder for januar det siste døgnet.

Fleire stasjonar på Austlandet sette nedbørsrekordar

Illustrasjon: Meteorologisk institutt

Fuktige dagar på Vestlandet i det siste har ikkje gjeve nye toppnoteringar på nedbørsfronten. Men mange stasjonar har målt mellom 60 og 80 millimeter nedbør.

Våtast var det på Frøyset i Masfjorden, med 80,4 millimeter frå klokka 06 måndag morgon til klokka 06 tysdag morgon.

– Hadde det kome som snø, så svarar til det nær ein meter. Det er jo ein del nedbør, seier Rønning.

Publisert 14.01.2025, kl. 18.51 Oppdatert 14.01.2025, kl. 19.10

Read Entire Article