Seier han brukte inhalator i underlivet – ville avdekke livmorhalskreft

2 weeks ago 13



– Eg har brukt denne såkalla sylinderliknande gjenstanden. Det er jo ein type utstyr som opphavleg blir brukt som ein inhalator for å puste inn medisinar ved luftvegslidingar.

Det seier Arne Bye under si forklaring i retten. Han forklarar at han har brukt denne gjenstanden for å lettare kunne avdekke om ei kvinne har livmorhalskreft.

– Når forholda låg til rette for det, så kunne eg få litt betre innsyn i det området der til dømes kan vere skumle celleforandringar og kreft.

En sylinder-lignende gjenstand som ble brukt ved gynekologisk undersøkelse hos den tiltalte legen.

Den sylinderliknande gjenstanden seier tiltalte har blitt brukt i forbindelse med undersøking av livmorhalskreft.

Foto: politiet

Tiltalte viser fram bilete av ein inhalator som er berekna for barn. Vanlegvis er det kopla på ei pustemaske i den eine enden og astmamedisin i den andre enden.

Delar av ein slik inhalator seier tiltalte at han førte inn i skjedeopning under gynekologisk undersøking for å betre kunne sjå og undersøke.

Eg skal ikkje bruke omgrepet genialt, men eg syntest det var ein smart ide.

Tiltalte gjekk også gjennom det han meiner er relevant anatomi og sjukdomslære. I tillegg forklarer tiltalte om utstyret han skal ha brukt under gynekologiske undersøkingar.

Viser til studiar om utstyret han har brukt

Det er jo stilt spørsmål ved min bruk av vaginalspekulum i forbindelse med analundersøkingar.

Bye viser til fleire studiar som han meiner viser at det er gode resultat ved denne bruken av utstyret.

Det kan jo høyrest vondt ut å ha eit spekulum i baken, men undersøkingsmessig er det genialt. Baken er ein veldig solid struktur, legg tiltalte til.

Forklarar kvifor pasientane måtte stå på alle fire

I tillegg til å forklare seg om utstyret han har brukt forklarar tiltalte seg også om korleis pasientane har stått når han har gjennomført gynekologisk undersøking.

Nokre av dei fornærma kvinnene skal ha blitt undersøkt medan dei stod på alle fire og nokre medan dei låg på magen, ifølge tiltalen.

Dette meiner tiltalte gjer det lettare å gjere undersøkingar av til dømes endetarmsopninga.

– Då står eg der og har ein god undersøkingsposisjon. Tarmen rettar seg ut og det er lettare å kome til.

Samstundes seier Bye det kan følast nedverdigande for pasientane å stå på knea.

– For pasienten er det ikkje morosamt å stå i kneleie, det kan følast både nedverdigande og meir til. Det er ikkje noko som helst tvil om det. Men det er viktig å finne patologi, altså sjukelegheit, og ikkje oversjå noko.

Bye forklarar at han opplev at korleis kvinnene var plasserte under undersøkingane har blitt mistenkeleggjort.

I tiltalen står det at kvinnene var plasserte på ein flat undersøkingsbenk på ein måte som gjorde at dei ikkje hadde god oversikt over tiltalte sine bevegelsar.

– Men mykje av dei fysiologiske argumenta som har kome med dette gjeld også for vaginal eller kvinnelivsundersøkingar, seier Bye.

– Folk kom til meg utelukkande for underlivsundersøkingar

– Nokon gonger måtte eg snike dei inn bakvegen for at kollegaane mine ikkje skulle legge seg borti det. Men eg synest det var artig å gje den servicen.

Det seier Bye under si forklaring om bebuarar i Frosta. Tiltalte seier han strakk seg langt for å hjelpe dei som trengde det kommunen, i nabokommunen og tilreisande.

Tiltalte seier at han tar pasientane sine på alvor og at han opplev at fleire av dei har kome til han spesielt på grunn av underlivsproblematikk.

– Det er mange som følte seg avfeia av andre legar, ikkje minst i forhold til underlivsproblematikk.

Bye seier at hans inntrykk er at folk har sett pris på det han har gjort som lege.

– Det er ei rekke kvinner som har budd i forskjellige hjørne av verda som har kome til meg utelukkande for å få gjort underlivsundersøkingar når dei har vore heime i feriar.

Bye si forklaring held fram i retten torsdag.

– Opplæringa gav eg meg sjølv

Arne Bye fortalde om utdanninga si og tida då han begynte som lege i Frosta kommune vinteren 1996/1997.

– Eg var hovudlege og eg kjente på ansvaret.

Tiltalte seier at han sakna nokon som kunne kvalitetssikre jobben han gjorde.

– Det var ei utfordrande tid på Frosta før eg opparbeidde meg meir erfaring, seier han.

For opplæringa gav han seg sjølv.

– Eg skal ikkje bruke omgrepet «prøving og feiling», men det er klart at erfaring er eit samansett omgrep i denne samanhengen.

– Krevjande for dei fornærma

Koordinerande bistandsadvokat, Tove Røddesnes, seier at omfanget til saka er ei belasting for dei fornærma.

– Det at saka er så omfattande som ho er, er både krevjande og til ei trøyst for dei fornærma.

– Det er ei trøyst å vere fleire fordi det er tøft å vere aleine i ein sedeleg sak. Det å vere fleire kan også vere ein lette, legg ho til.

Tove Jensen Røddesnes er koordinerende bistandsadvokat i Frosta-saken. Hun sitter i rettssalen og kikker til sin venstre side med et noe betenkt blikk

Tove Røddesnes er koordinerande bistandsadvokat for dei fornærma kvinnene.

Foto: Bjarte M. Johannesen / Bjarte Johannesen

Men bistandsadvokaten seier at det er også ei belasting at dei er så mange fornærma.

– Det betyr at saka er omfattande og det er umogeleg å unngå saka i media. Det er ei belasting at saka er så omfattande, seier Røddesnes.

Frå tysdag 12. november til fredag 17. januar skal kvar av dei fornærma kvinne vitne i retten.

– Me ønsker at dei skal få lov til å fortelje si historie. Det er mange som har opplevd fleire straffbare forhold enn det som står i tiltalen.

Erkjenner tre av 87 valdtekter

Arne Bye er tiltalt for å ha valdtatt 87 av pasientane sine og for å ha misbrukt stillinga si som lege for å oppnå seksuell omgang med 94 kvinner.

Tiltalte erkjenner tre av 87 valdtekter. Han erkjenner også 35 tilfelle av å ha misbrukt si stilling som lege for å ha skaffa seg seksuell omgang.

Tidlegare erkjente tiltalte 40 tilfelle av å ha misbrukt stillinga si for å ha skaffa seg seksuell omgang.

I dei tre tilfella han erkjenner straffskuld for valdtekt skal Bye ha ført fleire typar gjenstandar inn i kvinnene sin endetarmsopning utan at dette var medisinsk adekvat.

Dette skal han også ha gjort mot fleire av dei fornærma, men som tiltalte ikkje erkjenner straffskuld for.

Det skal mellom anna ha vore brukt ein deodorantliknande gjenstand, plastflaske og ein eggeforma gjenstand.

Kvinne var plasserte på ein flat undersøkingsbenk på ein måte som gjorde at dei ikkje hadde god oversikt over tiltalte sine bevegelsar.

– Alle valdtektene handlar om å vere ute av stand til å motsette seg noko.

Det seier aktor i saka, statsadvokat Eli Reberg Nessimo.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?

Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt.

Publisert 06.11.2024, kl. 13.22 Oppdatert 06.11.2024, kl. 14.01

Read Entire Article