Sayed, kjennest det godt å ta imot millionar frå rikingar som eigentleg ikkje bryr seg om KrF?

2 hours ago 1



Geir Pollestad meiner Øystein Stray Spetalens kuvending når det gjeld KrF, handlar om strategi, og ikkje overtyding. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Geir Pollestad

    1.kandidat Rogaland Senterparti

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Er valkampen ein kamp med argument og politiske saker – eller eit spel for dei som har råd til å kjøpe seg inn?

Senterpartiet er djupt uroa over utviklinga. I denne valkampen er det ikkje berre folk som bankar på dører og står på stand som formar utfallet. Ein handfull menneske styrer retninga gjennom taktiske donasjonar av millionbeløp – meir enn tusenvis av frivillige kan klare med alt sitt engasjement.

Desse rike støttespelarane vil aldri godta at statsbudsjettet vert brukt på landbruk, bistand, distrikt eller skattelette for vanlege folk.

Det liknar ikkje lenger på eit folkestyre, men på ein kombinasjon av strategispel og investeringsprosjekt.

I 2013 sa Øystein Stray Spetalen at småparti som KrF burde ut av Stortinget. Det var hans store mål. I år gir den same mannen store summar til KrF – fordi han meiner det er nøkkelen til å få Listhaug inn i statsministerstolen. Strategi, ikkje overtyding.

Fleire av dei som no opnar lommeboka for KrF, veit at om Listhaug vert statsminister, kan dei hente heim gevinsten mange gonger i form av redusert skatt. Ei klok investering for dei – men folkestyre er det ikkje.

Og problemet for KrF er dette: Desse rike støttespelarane vil aldri godta at statsbudsjettet vert brukt på landbruk, bistand, distrikt eller skattelette for vanlege folk. Dei vil ha sine milliardar i skattelette. KrF si tru på at Sylvi Listhaug skal satse på distrikt og landbruk, er naiv.

Senterpartiet – og eg – vil kraftig avgrense gåver til politiske parti. Både frå milliardærar og frå LO. For valet skal avgjerast av saker, argument og innsats – ikkje av kven som har mest pengar på bok. Det er sjølve grunnmuren i det norske demokratiet.

Eg utfordrar KrF sin fyrstekandidat i Rogaland: Er du komfortabel med å ta imot millionar frå folk som definitivt ikkje drøymer om eit KrF-samfunn?

Publisert:

Publisert: 15. august 2025 13:40

Read Entire Article