Saue­mysteriet i Florø: 50 sauer spor­laust forsvunne

10 hours ago 7



På øya Store-Batalden beiter Linda Langø Batalden sine 60 svartfjes-sauer fritt.

Men sidan 2019 har sauebonden mista totalt 55 dyr.

Firdaposten omtalte saka først.

en person med et par sauer

Linda Langø Batalden er bekymra for sauene sine.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

– Vi har leita og leita, både med gjetarhundar og erfarne fjellfolk. Det er ikkje spor å finne. Ikkje beinrestar og ikkje ull.

Det seier Linda Langø Batalden fortvilt.

Sauene er merka, men dei er ikkje overvaka med GPS eller kamera.

Ifølgje sauebonden lar ikkje kameraovervaking seg gjennomføre, ettersom beiteområdet er for stort.

en mann som holder en bøtte og en hund ved en båt på en steinete strand

Sauebonden er ber no om hjelp.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

Situasjonen på øya gjer Langø Batalden bekymra for næringa si.

Dei siste seks åra anslår sauebonden eit økonomisk tap på kring 250.000 kroner.

– Økonomisk er det ei stor påkjenning. Eg og mannen min fann ut at vi må ha hjelp. Derfor melde vi saka til politiet.

en sau på en gresskledd høyde ved en vannmasse

To av sauebonden sine lam, på beitet ute i havgapet.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

Langø Batalden trur ikkje forsvinninga skuldast rovdyr, ettersom ho ikkje finn leivningar etter dyra.

Bonden ønskjer at politiet skal etterforske forsvinningane som organisert tjuveri.

Politiet ber bønder ta kontakt

Etterforskingsleiar Elias Demac ved Florø politistasjon seier til NRK at saka er henlagt på grunn av bevisgrunnlaget.

Likevel er politiet i dialog med bonden, og Demac understrekar at det er ei sak dei ser alvorleg på.

– Me synst det er bra at dette får merksemd, og ønskjer at bønder som har opplevd liknande tek kontakt med oss, seier han.

Utover det ynskjer ikkje etterforskingsleiaren å kommentere saka.

Heile årskull med lam borte

Sauebonden på Store-Batalden er ikkje aleine om saueproblematikken.

På naboøya Vevlingen, står også Mette Johannessen i same problemstilling.

Sidan 2019 har sauebonden opplevd at heile årskull med lam forsvinn frå øya.

Kartet viser øyene kor sauene har forsvunne frå.

– Vi mister lam, og veit ikkje kor dei forsvinn. Vi finn ingen kadaver. Det er veldig merkeleg, seier Mette Johannessen.

Johannessen er klar på at dei reknar med å miste ein til to vaksne sauer per sesong.

Men tap på heile årskull meiner ho er alarmerande.

Berre i år har bonden eit tap på 23 lam.

Eit gamalt mysterium

Taxibåt-sjåfør Stein-Arve Olsen, meiner at sauemysteriet ikkje er eit nytt fenomen.

Det er ikkje noko nytt at sauer forsvinn på mystisk vis. Dette har gått føre seg i fleire generasjonar.

en mann som kjører et kjøretøy

Olsen er oppdatert på sauemysteriet ute i havgapet.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

Olsen har frakta post, varer og passasjerar mellom øyene i Florø, i ei årrekke.

– Eg er eit bindeledd mellom øyene, og godt kjend med folka som bur her, fortel sjåføren.

Olsen hugsar særleg ei hending spesielt godt.

– Ein bonde hadde 13 sauer på øya si ein laurdag føremiddag. Når han var tilbake på øya måndag morgon, var det berre åtte sauer igjen.

sauer som beiter i nærheten av en innsjø

Sauene nyt beitet på øya, enn så lenge.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

Taxibåt-sjåføren synest det er urovekkande at det ikkje er nokon teikn etter dei forsvunne dyra.

– Dei finn verken kadaver, blod eller beinrestar. Ikkje så mykje som ein ulldott er å finne.

Publisert 26.04.2025, kl. 22.58

Read Entire Article