Like sikkert som at løvetanna sprett fram i vårsola, er det at studietilbodet i vidaregåande skulane hamnar under lupa.
Administrasjonen i Vestland fylkeskommune har no kome med sitt forslag til korleis haustens tilbod blir sjåande ut.
Dei vil kutta 25 studielinjer i fylket, der fleire av dei er yrkesfag- og industriretta.
– Ei bevisst nedbygging og avvikling
Fleire i industribygda Høyanger i Sogn reagerer på forslaget.
VG2 industriteknologi, VG2 kjemiprosess- og laboratoriefag, VG1 studiespesialisering og VG3 påbygg studiekompetanse er foreslått kutta ved Høyanger vgs.
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRKSærleg gjeld dette Elkem Bremanger og Hydro Høyanger.
Ann Synnøve Øygard, fabrikksjef ved aluminiumsverket i Høyanger, seier to av linjene som kan ryke, er svært viktige for dei.
– Når fylkeskommunen foreslår å legge dei ned, så seier dei samtidig at dei ikkje har tru på næringa vår. Dette kan råke ein industri som står for mykje av importinntektene til landet, seier ho.
I eit felles brev til fylkesadministrasjonen er industrigigantane særs kritiske.
Fabrikksjef Ann Øygård i Hydro Høyanger seier industrien skrik etter folk og at forslaget til administrasjonen er vanskeleg å forstå.
Foto: Norsk Hydro / Anders VindeggDei meiner kutta «kan rokke ved grunnlaget for å oppretthalde verdiskaping og sysselsetting» i åra framover.
Begge er tydelege på at linjene er avgjerande for rekruttering i regionen i framtida.
Ordførar Petter Sortland (Ap) kallar forslaget «ei bevisst nedbygging og avvikling» av den vidaregåande skulen.
– Enda ein gong prøver administrasjonen i fylket så godt dei kan å demontere Høyanger vidaregåande skole, seier Sortland til NRK.
Vekkjer stor debatt
Fredag skal yrkesopplæringsnemnda kome med sine anbefalingar til korleis haustens linjetilbod blir sjåande ut.
Forslaget frå fylkesadministrasjonen ser slik ut.
Skulestruktur og kvar dei ulike linjene skal ligge, er eit tema som jamleg vekkjer stor debatt.
I Innlandet var det massemobilisering då seks skular og skulestadar vart føreslått lagt ned i fjor haust.
Også i Vestland har diskusjonen gått for seg, og kommunane har kjempa for sine skular.
Sjølv om søkjartala får ein oppsving til hausten, er framtida meir dyster.
Hovudprognosen til SSB syner 11.000 færre ungdommar i vidaregåande skulealder om ti år enn i dag. Det er ein nedgang på 6 prosent.
Endå tommare blir det i klasseromma i Vestland. Her kan det verte totalt 11 prosent færre vidaregåande elevar.
Forsvarar endringane
Søkartala og arbeidslivet sine behov er utgangspunktet for administrasjonen si innstilling.
– Overordna handlar det om å kunne oppfylle ønska til elevane etter kva dei har som førsteval i søknadane sine, seier direktør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal.
NRK får opplyst at det var fem søkarar til dei to VG2-tilboda innanfor teknologi og industrifag i Høyanger.
Industribygda kan miste fleire linjer på den vidaregåande skulen. Næringslivet i bygda fryktar konsekvensen.
Foto: NRKElias Eide (H), som sit i opplæringsutvalet, meiner forslaga ikkje er særskild omfattande.
Han seier det truleg er mindre endringar i år enn tidlegare.
– Det er kring 1000 offentlege klassar i Vestland. At det er endringar på kring 30 klassar kan ikkje seiast å vere store endringar.
Han viser til at forandringane er naudsynte for at flest moglege søkarar skal få oppfylt ønsket sitt.
– Ja, vedtaket har sjølvsagt konsekvensar. Men kva er alternativet? Viss vi ikkje hadde flytta på desse klassene hadde det vore betydeleg færre som hadde fått førstevalet sitt.
Han er likevel open for å sjå nærare på innspela frå Høyanger når saka skal behandlast politisk.
– Uforståeleg
Også Høyanger Næringsutvikling går hardt ut mot forslaget og kallar det «uforståeleg».
At tilsvarande linjer i industribygda Årdal får ein auke i talet på elevar, dersom forslaget går gjennom, dempar ikkje på stridslysten.
Hydro-sjef Øygard seier til NRK at lokal tilknyting er viktig for rekrutteringa, og at også Årdal har behov for folk.
– Men samstundes må fylkeskommunen spare pengar og nokre plassar må dei kutte?
– Men kvifor skal dei ta kutt på eit område der industrien skrik etter folk? Det er vanskeleg å forstå.
I innspelet frå næringslivet, skuldar dei fylkeskommunen for «manglande heilskapsforståing».
– Vi forventar ein betre samanheng og heilskap mellom utdanning og kompetanse, næring og politiske føringar i Vestland fylkeskommune, heiter det i brevet til fylkeskommunen.
Publisert 27.04.2025, kl. 08.08