Det er berre gjennom lufta at industribygdas 4134 innbyggjarane kan komme seg ut.
– Vi er isolerte. Vi har ingen andre utfartsmoglegheiter enn luftvegen. Det gir naturlegvis store problem for alle som skal inn og ut Sauda, seier ordførar Håvard Handeland.
– Men vi har fått avklart at det er moglegheiter for helikopter og flyvêr for det, om det skulle oppstå ein akuttsituasjon for helsehjelp. Sånn som det er no, så er det berre nødetatar som er dei einaste som får lov til å passera forbi raset, held han fram.
– Så for arbeidsfolk som skal på jobb, elevar som skal på skule, og andre som har ærend utanfor Sauda i dag, så blir jo det problematisk, seier han.
Alle fartsårer ut av kommunen er stengde
Hurtigbåten til Stavanger køyrer ikkje grunna is på fjorden, og vegen til Røldal er stengd grunna uvêr.
Fylkesveg 520 Ropeid i Suldal er stengt inntil vidare på grunn av eit steinras.
Med dette er dei tre fartsårene ut av kommunen stengd, opplyser Vegtrafikksentralen til NRK.
Kommunedirektør Vegard Thise seier likevel at ambulansen kjem seg forbi på fylkesveg 520. Han seier også at det er venta godt helikoptervêr i løpet av dagen.
Geolog skal undersøke rasstaden
Det er venta geolog for å undersøke rasstaden på fylkesveg 520 i 8-tida i dag.
Ordførar Håvard Handeland seier at kriseleiinga i Sauda no er samla til eit morgonmøte for å vurdere nødvendige tiltak.
– Vi ventar på svar frå geologar frå fylkeskommunen for å avklare når vegen kan opnast.
Viss isolasjonen held fram over lengre tid må ein sette i gang med å finne alternativ for saudabuar som skal inn og ut av kommunen, seier ordføraren.
Publisert 25.11.2024, kl. 06.10 Oppdatert 25.11.2024, kl. 07.30