Sam­ferdsels­ministeren om togkaoset: – Det er ingen «quick fix»

1 week ago 13



Natt til søndag brann det i kablar ved spora på Nationaltheatret stasjon. Heile stasjonen har vore stengd sidan.

Feilen har ført til innstillingar og forseinkingar som rammar fleire tusen reisande.

– Vi ser enda ein gong at éin feil fører til at nesten heile togtrafikken rundt Oslo blir lamma, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Signalfeil, innstillingar, stengde stasjonar.

Togproblema oppstår jamleg på Austlandet og skaper trøbbel for pendlarar.

Burde dei reisande rett og slett forvente meir togtrøbbel i åra som kjem?

– Målet vårt er å få betre driftsstabilitet og punktlegskap, og at folk skal oppleve at toget kjem og går når det skal, svarer Nygård.

Men samferdselsministeren kan ikkje by på kjappe løysingar.

Oslo 20241111. Mandag er det fortsatt mange innstilte tog på Oslo S, etter en kabelbrann på Nasjonaltheatret stasjon i helgen.

STAPPA: Måndag ettermiddag møtte pendlere på Austlandet nok ein gong innstillingar og skilt for buss for tog.

Foto: Heiko Junge / NTB

Vedlikehald, vedlikehald og meir vedlikehald

Tre ord går igjen når samferdselsministeren skal svare på problema.

Drift, vedlikehald og fornying.

Det er på desse områda ein må gjere ein innsats, ifølge ministeren.

Og han seier at den nåverande regjeringa foreslår å bruke 3.2 milliardar kroner meir på desse tre postane i neste statsbudsjett.

– Det er ikkje nokon «quick fix», men det er den retninga vi må gå i for å få norsk jernbane til å fungere betre, seier ministeren.

På lang sikt meiner han at dette vil føre til færre togproblem, som typiske signalfeil.

Jon-Ivar Nygård

DRAUM: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård har mål om eit jernbanetilbod som går på skjener.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Viser behov for ny tunnel

Men på Nationaltheatret må store greip til for å få løyst det største problemet:

At det rett og slett er for få spor.

Jernbanedirektoratet og Bane Nor beskriv dagens Oslo-tunnel som den største flaskehalsen i jernbanesystemet.

Og behovet for ein ny tunnel gjennom hovudstaden har vore etterlyst i lang tid.

  • Bildet viser brann på kabler ved toglinjen på Nationaltheatret stasjon

    Slik så de ut, de brente kablene på Nationaltheatret stasjon i Oslo. Etter brannen natt til søndag har Bane Nor jobbet med å reparere skadene.

  • Bildet viser kabler som har brent på Nationaltheatret stasjon natt til søndag 10. november.

    Slik så kablene ut etter brannen.

  • Brann nationalteateret. Bane Nor har fullt med mannskap på stedet.

    Bane Nor har byttet ut 250 meter kabel og har mange hundre skjøter som må testes. De har fullt med mannskap på stedet.

Viser brannen at det her eit større behov for ein ny tunnel?

Det trur eg det gjer, seier ministeren.

Tidlegare i år kom ny tunnel inn i Nasjonal Transportplan (NTP) med pengar til planlegging. Det blei også opna for å starte bygginga i perioden 2031–2036.

I beste fall, når er i så fall ein tunnel ferdigstilt?

Det tar dessverre svært lang tid før vi er der.

Ifølge jernbanedirektør Knut Sletta er ny Oslo-tunnel eit stort prosjekt som krev mykje planlegging. Han reknar med at realiseringa ligg 20–30 år fram i tid.

Må få det vi har til å fungere

I mellomtida vil ministeren sjå på andre løysingar.

– Vi må gjere alt vi kan for å få jernbanen vi har, til å fungere. Å få mest mogleg ut av den.

Ei av løysingane han peiker på er samanslåinga av Flytoget og Vy, som fleire politikarar allereie har kritisert.

– Så det er eitt steg på vegen.

Nygård vil også prøve å få fleire reisande om bord på kvart enkelt tog.

– Vi greier ut dobbeltdekkarar og mange sånne type tiltak som kan gjere at vi får fleire passasjerar om bord i toget.

Det er plass til langt flere passasjerer i toetasjes tog. I Sverige ser togene med to etasjer ut slik.

DOBBEL: Det er plass til langt fleire passasjerar i toetasjes tog. I Sverige ser toga med to etasjar ut slik.

Foto: Benjamin Vorland Andersrød

Publisert 11.11.2024, kl. 19.00 Oppdatert 11.11.2024, kl. 20.24

Read Entire Article