Mannen som har vore sakna i Sunnfjord er funnen død, opplyser politiet.
Mannen i 70-åra som har vore sakna sidan slutten av september, er laurdag funnen død i Førde, på sørsida av Viefjellet.
Pårørande er varsla.
Det var fleire leiteaksjonar og mange frivillige som meldte seg då mannen blei sakna frå Førde sentralsjukehus 26. september.
– Dei pårørande er svært takksam for all innsats som er gjort for å finne mannen, opplyser politiet.
Mannen blei laurdag funnen av Norske Redningshunder som var ute og gjorde søk på eige initiativ.