Sakkunnige om Frosta-legen:– Har tvangsprega personlegdomsforstyrring

1 week ago 19



– Han beskriv seg sjølv som overdriven samvitsfull i jobben.

Det seier psykologspesialist Kåre Nonstad om den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta.

Sjølv forklarte Arne Bye at han er redd for å oversjå potensiell sjukdom under undersøkingar av pasientar.

– Han søker perfeksjonisme, er oppteken av kontroll for å unngå angst og verkar pedantisk i forklaringar og rettferdiggjering, legg Nonstad til.

Psykologspesialisten fortel at det er usikkert om tiltalte har ein personlegdomsforstyrring fordi han over lengre tid har fungert i krevjande arbeid og hatt eit familieliv.

– Me set derfor ein tentativ, altså førebels, diagnose av tvangsprega personlegdomsforstyrring.

Men dei rettspsykiatriske tar atterhald om at tiltalte har over lang tid vore under stort press.

– Det kan vere uttrykk for ein mildare tilstand, legg Nonstad til.

Overlapp med Aspergers syndrom

Psykologspesialisten fortel i retten at tvangsprega personlegdomsforstyrring overlappar med Asperger syndrom.

– Manglande fleksibilitet, spesialinteresser, sosial dysfunksjon, regelstyring og manglande mentalisering er felles for diagnosane, seier Nonstad.

Han trekk fram at det å halde fram med særeigne metodar trass i påpeiking i staden for å sjekke med andre kan vere fellestrekk for begge diagnosane.

I si forklaring forklarte tiltalte korleis han brukte alternativt utstyr som inhalator, deodorant og ei flaske under gynekologiske undersøkingar.

– Eg skal ikkje bruke omgrepet genialt, men eg syntest det var ein smart ide, sa Bye om bruken av inhalator i underlivet i retten onsdag.

Nonstad seier tiltalte også kan ha det ein kallar eit seksuelt avvik. Det kan vere gjeldande dersom det dreiar seg om ei seksuell tenning opp mot dei gynekologiske undersøkingane.

Men dersom det er slik tiltalte sjølv beskriv det er det annleis.

– Då kan det vere at den tvangsprega perfeksjonismen hans har ført til vanskar for han i arbeidet utan at det dreier seg om seksuelle avvik.

Erkjenner at å smørje middel i underlivet ikkje var innafor

Den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta er tiltalt for å ha valdtatt 87 kvinner under gynekologisk undersøking. I tillegg er han tiltalt for 94 tilfelle av å ha misbrukt stillinga si som lege for å skaffe seg seksuell omgang.

Tiltalte erkjenner tre av 87 valdtekter. Han erkjenner også 35 tilfelle av å ha misbrukt si stilling som lege for å ha skaffa seg seksuell omgang.

– Det er ei erkjenning frå mi side rundt dette at berøring av desse områda har vore inadekvat.

Det seier tiltalte på spørsmål frå aktor om berøring av klitoris. I fleire tilfelle har det skjedd i samanheng med påføring av bedøvande middel.

Publisert 08.11.2024, kl. 09.52 Oppdatert 08.11.2024, kl. 09.58

Read Entire Article