Restriksjonar kan hindre svarte i å stemme i USA

2 weeks ago 9



Nesten 60 år etter at svarte amerikanarar i realiteten fekk stemmerett i USA, er det fleire restriksjonar som kan gjere det vanskeleg for dei å stemme.

Ulike restriksjonar som å krevje ein form for legitimasjon, restriksjonar på opningstider på vallokala og andre praktiske forhold rundt stemmegivinga, står i vegen.

Johannes Bergh er forskingsleiar ved Institutt for samfunnsforsking.

Bergh påpeikar at det er naturleg å krevje legitimasjon, men at det nokre stader vert kravd ein type legitimasjon som fattige menneske ikkje har.

Desse påverkar særleg svarte veljarar, ei gruppe på rundt 48 millionar menneske – nesten 14 prosent av befolkninga i USA.

Voting suppression

ENDRING: Troppar slår med batongar for å bryte opp ein borgarrettsmarsj for å kunne røyste i Selma, Alabama, 7. mars 1965.

Foto: Unknown / AP

Stemmerestriksjonar råkar fattige

Ifølgje valforskaren er det fattige som blir mest påverka av desse restriksjonane.

Det vil vere folk med låg sosioøkonomisk status, og minoritetane vil vere representerte i den gruppa.

Forsking viser at svarte amerikanarar, urfolk og latinamerikanarar er dei mest fattige gruppene i USA.

En kvinne fra urfolket Navajo driver vaalgkamp for Kamala Harris i Arizona, 19 oktober 2024.

En kvinne fra urfolket Navajo driver valgkamp for Kamala Harris i Arizona, 19 oktober 2024.

Foto: Rodrigo Abd / AP

Det er delstatsforsamlinga som bestemmer.

Reglane varierer frå delstat til delstat, men generelt sett er det vanskelegare å stemme i republikansk-styrte delstatar, medan det er lettare i demokratisk styrte delstatar, fortel han.

Bergh fortel at det nokre stader er det ikkje ein gong lov å servere vatn til folk som står i kø i varmen for å stemme.

Sørstatane er hardast

Brennan Center for Justice, ein organisasjon som jobbar med å motverke valrestriksjonar, trekkjer fram fleire sørstatar som harde.

Mellom anna viser dei til at Nord Carolina har innført strenge legitimasjonskrav som reduserte valdeltakinga, sjølv etter at lova vart oppheva.

"Jeg har stemt" -Klistremerker deles ut ved et valglokale i Nord Carolina.

"Jeg har stemt"-klistremerker deles ut ved et valglokale i Nord Carolina.

Foto: GRANT BALDWIN / AFP

Texas har òg strenge legitimasjonskrav, men tillèt stemmegiving ved nokre høve utan riktig ID.

Georgia har føreslått restriksjonar mot å stemme på søndagar, som vil råke farga veljarar hardt.

I Atlanta arrangeres en fest for å hjelpe folk å stemme på tross av restriksjoner.

I Florida vart søndagsstemming forbode i 2012, noko som førte til at mange svarte veljarar avstod frå å stemme.

STATANE: Desse sørstatane blir trekte fram av Brennan Center for Justice som vanskelege å stemme i.

Forskaren påpeiker at registrerings- og stemmeprosessen kan vere vanskeleg, spesielt i statar ein må registrere seg på førehand, medan det er enklare i statar ein kan registrere seg og stemme same dag.

Særleg veljarar som har eit veldig travelt liv med fleire jobbar, vert påverka av praktisk byråkrati, ifølgje Bergh.

Johannes Bergh

Johannes Bergh, forskingsleiar ved Institutt for samfunnsforsking.

Foto: NTB

Men nokre stader får restriksjonane motsett effekt.

– Dei bidreg til å mobilisere veljarar. Dei møter opp og stemmer i endå større grad enn dei elles ville ha gjort.

Norskamerikanar meiner valdiskriminering skjer

Lisa Cooper er norskamerikanar, og har budd i Noreg sidan slutten av 1980-talet.

Ho er einig med Bergh, og meiner at sørstatane, som historisk har diskriminert svarte og andre minoritetar, framleis gjer det vanskeleg for dei å stemme.

Lisa Cooper

Lisa Cooper, dagleg leiar i Catalysts, har er amerikanar men har budd over 30 år i Noreg.

Foto: Privat

Ho er eigentleg frå New York, men stemmer i delstaten Georgia.

Heimstaten til farssida hennar, fortel ho er eit av dei vanskelegaste områda for svarte veljarar å stemme. Det har ho sjølv opplevd.

Ho fortel om geografiske forskjellar:

– I område med mange svarte innbyggjarar kan dei ha berre éin skule å stemme på, medan område med få kvite innbyggjarar kan det vere fleire skular å velje mellom.

Ho meiner at dette skilje gjer det vanskeleg for folk å prioritere å stemme, fordi stemmegivinga tek lenger tid enn det elles ville gjort.

– Skiftarbeidarar må ofte ta fri utan løn eller stå i lange køar.

Cooper, som er tidlegare leiar av Democrats Abroard, fortel at det er gjer det vanskeleg for menneske som arbeida skift eller har fleire jobbar å stemme.

Ho skulle ønskje det var eit nasjonal system for korleis ein skal stemme, slik som i Noreg enn at kvar delstat har eigne lovar og reglar.

Publisert 05.11.2024, kl. 17.15 Oppdatert 05.11.2024, kl. 20.14

Read Entire Article