I ei pressemelding stadfester AaFK tilsetjinga, og dei to trenarane blir presenterte på ein pressekonferanse i dag klokka 12.30.
Rekdal får også med seg assistent Geir Frigård. Det stadfestar Aalesund måndag i sine mediekanalar
Rekdal og Frigård signerte først på ein kontrakt ut denne sesongen, og den blir no forlenga.
Aalesund låg nest sist på tabellen med fare for å rykke ned frå 1. divisjon då Rekdal gjorde comeback som trenar i klubben i sommar.
Laget sto med ni poeng etter 14 kampar, men fekk fart på sakene etter at trenarduoen Rekdal og Frigård tok over.
Til slutt enda Aalesund med 40 poeng og sikra fornya plass med god margin. .
Rekdal er inne i sin andre periode som trener i Aalesund.
Trenarprofilen leda laget frå 2008 til 2012 og førte klubben til to cuptriumfar.
Publisert 18.11.2024, kl. 10.25 Oppdatert 18.11.2024, kl. 10.47