Klokka halv to legg klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap) og landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) fram stortingsmeldinga om naturmangfald.
Allereie onsdag røpte statsminister Jonas Gahr Støre at regjeringa legg opp til «ein historisk innsats» for naturen etter det han karakteriserer som «ei oppvakning» i løpet av det siste året.
Den nye handlingsplanen skal konkretisere korleis Noreg skal følge opp avtalen om å verne 30 prosent av naturen som blei vedtatt i Montreal i Canada i 2022.
Til NRK seier Støre at målet er for «globalt» å rekne og at regjeringa ikkje har definert noko eksakt tal for vern i Noreg.
Om kroner og øre sa statsministeren følgjande:
- 30 millionar kroner til restaurering av natur, for eksempel til å reparere myr
- 20 millionar til prosjektet Natursats, der kommunar kan søke om midlar til naturtiltak
- I tillegg kjem 50 millionar til eit nytt naturkart, som NRK omtalte tidlegare i september
Planen blir nå send til vidare behandling i Stortinget.
– Altfor puslete
Så langt er den foreløpige responsen på Naturmeldinga laber.
På X har miljørørsla allereie samanlikna pengesummen med «lommerusk», og karakterisert satsinga som «flau».
Gunvar Mikkelsen i Forum for natur og friluftsliv Hordaland tar atterhald om at han ennå ikkje har lese heile stortingsmeldinga.
– Støre sitt engasjement for naturen er i seg sjølv positivt, men vi er mange som fryktar at det som kjem i meldinga blir altfor puslete, seier han.
Tidlegare i månaden fortalde statsministeren at han har utvikla eit like «elskeleg» forhold til skogen som til fjellet, symbolisert ved auka satsing på frivillig skogvern.
Støre har tidlegare sagt at han kan tenke seg å «elske» (!) med Hallingskarvet.
Støre la til at han tok regjeringskollega Geir Pollestad i skole da landbruksministeren sa at alle inngrepa i norsk natur «var verd det».
– Ikkje nok til å innfri Naturavtalen
Leiar i Natur og Ungdom, Gytis Blaževičius, seier til NRK at regjeringa «blåser opp middelmåtige tiltak».
– Støre har lova ei oppskrift mot naturtap, men serverer berre ein alvorsprat med landbruksministeren og 100 millionar kroner til naturtiltak. Det er 3000 gonger mindre enn oljeskattepakken.– Det er verken nok til å stanse bit for bit-nedbygginga av norsk natur eller nok til at Noreg innfrir Naturavtalen.
– Dei lova ei stortingsmelding som skulle stanse tap av natur. Den skulle vere ei historisk satsing og levere på den globale naturavtalen. Det vi har sett no, kjem ikkje til å levere på måla i naturavtalen, seier generalsekretær i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur.
– Kva gjer deg skuffa?
– For havet står det at vi må greie ut vidare. Det er jo heilt tullete når vi har eit globalt mål om å verne 30 prosent av havet! Samtidig så legg vi til rette for meir olje og gass, ein hasteprosess for å få gruvedrift på havbotn, meir havvind, og så vil ein ikkje verne havet – det er heilt vanvettig!
Sjå fleire reaksjonar under.
Cicilie S. Andersen
Une Bastholm, MDG
Støre lova at det å ta vare på klima og natur skulle vere ramma rundt all politikk, men dette viser at han har abdisert. Dette er ikkje ei storsatsing på natur, det er ei oppskrift på at naturen og artane våre skal fortsette å forsvinne i rekordtempo.
Marius Dalseg Sætre
Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT)
Noko av den viktigaste helsepolitikken her i landet, er det ikkje helseministeren som står for. Naturen speler ei avgjerande rolle for førebygging av sjukdommar og psykiske helseproblem. Når varsellampene nå blinkar for naturen vår, må vi ta grep. Naturmeldinga må ha ein klar og ambisiøs plan for å stanse naturtapet.
Naturvernforbundet
Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet
Dei siste tiåra har det blitt mykje færre fisk i Oslofjorden, sjøfuglane slit langs heile kysten, og dei rike naturskogane krympar. Natur blir bygd ned og ei rekke artar er i ferd med å forsvinne. Dette bør vere tydelege nok signal for å få politikarar og forvaltning til å handle.
Byggenæringens Landsforening / Fotograf Nicolas Tourrenc
Nina Solli, direktør i NHO Byggenæringa
Dette blir ei stor omstilling for byggenæringa, men den er vi klare for å ta fatt på. Det er nokre utfordringar for oss i dette, men og mange moglegheiter. Dei skal vi gripe. Vi treng framleis bustader, skolar, barnehagar, butikkar og industri. Da må vi enklare kunne bygge meir på grå areal og bygge meir i høgda, både for nybygg og i eksisterande bygg.
ingunn johansen
Mari Larsen, generalsekretær i LHL
Nærleik til natur speler ei avgjerande rolle for den norske folkehelsa. 90 % av sjukdomsbyrda byrda i Noreg kan førebyggast, blant anna hjarte- og karsjukdom. Derfor må politikarane sjå på bevaring av natur som god helsepolitikk.
Johanna Hanno / NRK
Frode Pleym, Greenpeace
Det er bra at Jonas Gahr Støre tar Geir Pollestad i øyret når han uttaler at alle inngrep i norsk natur «var verd det». Og vi er glade for at Støre beskriv at han har hatt «ei oppvakning». Men sorry ass, det verkar som om statsministeren framleis søv.
NTB
Einar Wilhelmsen, generalsekretær i miljøorganisasjonen Sabima
Statsministeren lovar ein historisk innsats mot naturtap. For oss i Sabima betyr ei ordentleg satsing ein auke på 2 milliardar til natur i statsbudsjettet, og ikkje minst ein handlingsplan som tydeleg viser korleis ein ved hjelp av lovverk og andre kraftfulle grep skal stanse naturøydeleggingane, restaurere mykje meir og verne det mest verdifulle.
Elin Eike Worren
Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet
Regjeringa legg opp til at det skal vernast 30 prosent av natur på land i Noreg, inkludert Svalbard, men har ingen plan for vern av havet. Det er utruleg svakt, Noreg har forplikta seg til å verne 30 prosent av all natur innan 2030, inkludert havet. Ved å utsette havet på denne måten, sviktar Støre havet fullstendig, og rolla si som leiar for det internasjonale havpanelet.
– Må ha strengare krav til kommunane
Naturvernforbundet har i forkant av framlegginga lagt fram tre ønsker til den nye Naturplanen.
- Meir «ekte» vern. Dispensasjonar, unntak og subsidiar som verkar mot verneformålet, må stoppast.
- Strengare krav til næringslivet: «Spelereglane for næringslivet må gi naturen ein sjanse, altså må lovverk og kontroll blir forsterka stort».
- Strengare krav til kommunane.
Trass påstandar om at «hyttekommunane» er ein «akilleshæl» i arbeidet med naturvern, har norske kommunar fått større ansvar for miljø- og arealforvaltninga dei siste åra.
Tidlegare i år presiserte likevel regjeringa at det ikkje var aktuelt å «vengeklippe» det lokalet sjølvstyret.
Presiseringa kom etter auka press om å løfte meir av arealplanlegginga over på høgare plasserte forvaltningsnivå som kan ha eit meir overordna blikk på naturvern.
Det norske lokaldemokratiet har solide tradisjonar, og statleg overstyring sit langt inne.
– Vi treng ei systemendring med tydelege og strengare krav til kommunane, seier Une Bastholm i MDG.
Nina Solli, direktør i NHO Byggenæringen, seier til NRK at ønsker seg eit «breitt forlik på Stortinget for å sikre føreseielege rammevilkår for byggenæringa».
– Når vi nå skal bygge mindre på jomfrueleg areal, må vi gjere det langt enklare å bygge på eksisterande bygg og grå areal som allereie er tatt i bruk.
Tapt natur mens du har lest denne saken:
Publisert 27.09.2024, kl. 12.10