Regjeringa vil gjere det lettare for Victoria (25) å betale med kontantar

1 month ago 32



Når var sist gong du fann fram setlar og myntar for å betale noko på butikken?

Kanskje kan du ikkje hugse det. Men det gjer Victoria Andal.

– Det var på fredag. Bankkortet fungerte ikkje, då var det kjekt at eg hadde myntar på meg.

Andal er så glad i å betale med kontantar at ho faktisk er med i ei eiga gruppe for menneske som ho. I tillegg er ho medlem av Arbeidarpartiet.

Penger

Andal seier ho forstår at mange har inntrykk av at berre eldre bryr seg om å betale med kontantar. Sjølv har ho oppdaga at mange unge også er opptatt av dette.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Det fine med kontantar er også at ein har kontroll på økonomien, og ein kan fysisk sjå kor mykje ein har, seier ho.

Og Andal er ikkje åleine om å meine at kontantar er viktig.

Mehl: – Eit klart behov

8. mars skreiv regjeringa i ei pressemelding at dei vil styrke den lovfesta retten til å betale kontant.

– Kontantar er viktig av omsyn til beredskapen, samstundes som det gir ein tryggleik for mange som synest det er krevjande å nytte digitale løysingar for betaling, skreiv dei.

Emilie Enger Mehl

– Gong på gong har vi sett eksempel på at lova blir utfordra, det er difor eit klart behov for å styrke retten til å betale med kontantar, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl i Sp.

Foto: William Jobling / NRK

I lovforslaget understrekar departementet at retten til å betale med kontant eksisterer allereie i dag.

No ønsker dei altså å styrke denne med å fastsette sterkare moglegheiter for bøter og sanksjonar for dei som ikkje overheld lova.

Lommebok med kontanter

– For ein del av befolkninga er andre løysingar for betaling enn kontantar ei utfordring. For regjeringa er det viktig å skape tryggleik for dei som kvir seg for å bruke digitale løysingar for betaling, seier Mehl.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ein forbrukar vil etter forslaget ha rett til å betale med kontantar i alle salslokale der næringsdrivande sel varer eller tenester som dei tar imot betaling for.

Med nokre unntak. Det gjeld til dømes ikkje om det er eit ubetent salslokale, eller varer frå automat.

Har kontantar i beredskap

Victoria brukar mest kontantar når ho ikkje finn kortet eller når systema har svikta. Ein av dei viktigaste årsakene til at ho vil ha kontantar, er samfunnsberedskapen.

Ho minner om 16. mai 2022 då ein feil i systemet gjorde at ingen kunne betale med kort, og det var kø i minibankane.

– Eg stod sjølv i 30 minutt for å ta ut kontantar, då eg ikkje hadde nok på meg.

Vinmonopolet i Bergen, lang kø på grunn av betalingsproblemer

Slik såg køane ut i Bergen då bankterminalane svikta 16. mai 2022. Victoria Andal stod i ein liknande kø i Bodø då.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Det er også viktig for ho å lære sonen sin om økonomi med kontantar.

– Han vil ikkje få tilgang på bankkort før han er gamal nok til å forstå ansvaret det inneber.

Ifølge ho er det å ta ut kontantar og lage eit budsjett blitt ein trend, som kallast «Cash Stuffing». Ho har sett trenden på TikTok frå fleire stader i Europa.

Leiar for organisasjonen JA til kontantar, Kim Renè Hamre (23), er glad for forslaget frå regjeringa.

– Eg vil seie at det er med på å sørge for at det er ein viss orden i samfunnet.

Då siktar han til at det kan oppstå kaos dersom det digitale systemet sviktar.

Kim Hamre står i ei gate i Bergen og ser inn i kamera. Han har på seg ei dressjakke og ei hvit skjorte.

Leiar for organisasjonen JA til kontantar, Kim Renè Hamre, engasjerte seg i gruppa som 18-åring, og har seinare også blitt medlem av Senterungdommen og Senterpartiet.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Så no håpar eg at lovforslaget skal til Stortinget, at det får fleirtal, og at ein går inn for å handheve lova og faktisk gi bøter til dei som bryt retten til betale med kontantar.

Det er likevel ikkje alle som synest at det er ein god idé at kundane skal kunne betale kontant.

Cutters: Risikoen for ran aukar

– Vi er ueinige i dette lovforslaget. Cutters har drive kontantfritt i snart ti år. Kundane våre betalar i app, med kort eller vipps.

Det seier dagleg leiar i frisørkjeda, Gunn Inger Hansen.

Cutters i Kristiansand

– Vi utfordrar regelverket når vi meiner at det er utdatert, seier dagleg leiar i frisørkjeda Cutters, Gunn Inger Hansen.

Foto: Elisabeth Sandve / NRK

Cutters har utfordra lovverket fleire gongar, både med å nekte å skrive ut kvitteringar, og å nekte kundane å betale kontant.

– Eit påbod om kontantar vil medføre auka kostnader for ei rekke bedrifter innan norsk vare- og tenestehandel, ikkje berre for Cutters, seier ho.

For deira del vil det handle om å få på plass infrastruktur for betaling med kontantar, men også ved at frisørane deira vil får mindre tid til å klippe hår.

Gunn Inger Hansen, CEO i Cutters, har mørke øyne og langt lyst hår. Hun står foran en lys vegg og har på seg hvit bluse og grå dressjakke.

Om ei ny lov kjem med eit klart påbod for å ta imot kontantar vil frisørkjeda Cutters endre sin praksis, seier dagleg leiar i frisørkjeda, Gunn Inger Hansen.

– Vil de halde fram med å nekte kontant betaling om lovverket blir endra?

– Cutters har tidlegare blitt trua med bøter. Dagens finansavtalelov er uklar på kva kravet eigentleg er. Dersom ei ny lov gjer eit påbod krystallklart, må vi sjølvsagt ta dette til etterretning.

NHO: Håper på andre digitale reserveløysingar

Øystein Dørum, sjeføkonom i NHO, seier at Cutters har rett i at kontantar er gårsdagens betalingsmiddel.

– Det aukar faren for svart økonomi, kvitvasking og ran.

I tillegg meiner han at det er ein meir ineffektiv måte å betale på enn digitale betalingsmiddel.

– Om det blir påtvunge å ta imot kontantar mange stader der det ikkje er hensiktsmessig, vil det gi ein kostnadsbyrde for mange verksemder fleire stader.

sjef-økonom i NHO, Øystein Dørum

– Det er gode argument at nokon ikkje meistrar digital betaling. Beredskap er òg eit godt argument, også for næringslivet, seier sjeføkonom i NHO, Øystein Dørum.

Foto: Berit Roald

For delar av næringslivet vil nemleg eit påbod om å ta imot kontantar bli hovudbry, ifølge Dørum.

Mange bedrifter må lage nye rutinar og finne tilbake til system for handtering av kontantar.

Likevel er sjeføkonomen einig i argumenta om til dømes beredskap er gode.

– Vi lever i ein mykje meir ustabil verd enn tidlegare. Eit cyberangrep vil vi kunne slå ut dei elektroniske betalingsløysingane. Då er det bra at vi har andre betalingsløysingar i beredskap.

Penger

– Vi er opptatt av forholdsmessige byrder lagt til næringslivet. Spørsmålet er kor mykje som er praktisk handtering og kor mykje som kjem som tvang, seier sjeføkonom i NHO, Øystein Dørum.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Publisert 21.03.2024, kl. 13.10

Read Entire Article