Regjeringa opnar for å endre alkohol­lova

2 weeks ago 10



Kring hundre nærbutikkar sel alkohol utan at tilsette er til stades. Helsedirektoratet meiner dette strir med alkohollova, som regulerer omsetnaden av alkohol.

Likevel har ingen av butikkane fått påpakning for at salet er ulovleg.

No har helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) uttalt seg om saka.

«Det å kunne ha ubetjente butikker i distriktene, er av stor betydning for lokalsamfunnet, både for fastboende og for besøkende», skriv han.

Jan Christian Vestre

Lovleg eller ei? Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) svarer ikkje godt nok for seg, ifølge Sveinung Rotevatn (V).

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Varslar endring

Regjeringa skal no undersøke kva endringar som må til for at ubemanna alkoholsal skal vere omfatta av lovverket, kunngjer Vestre.

Han seier likevel at endringane kjem med ein føresetnad – teknologien i butikkane må vere god nok for å oppfylle alle krav til sal av alkohol.

Svaret er meir til forvirring enn oppklåring, meiner Venstre-nestleiar Sveinung Rotevatn.

– Viss regjeringa meiner at dagens praksis ikkje er innafor, så må dei få endra regelverket sporenstreks, seier han.

Rotevatn synest det er bra at butikkane får selje alkohol med denne ordninga. Dagens teknologi er meir enn god nok for å kontrollere ølsalet, meiner han.

Sveinung Rotevatn

Venstre-nestleiaren meiner teknologien i butikkane er meir enn god nok for å stanse mindreårige som prøver å kjøpe øl.

Foto: Torstein Bøe

Folk er fornøgde

Joker Viksdalen er ein av butikkane med denne ordninga. Der må kundane bruke fingeravtrykk for å legitimere seg. Eventuelt kan dei vise legitimasjon til eit kamera som ein tilsett overvaker.

– Eg synest det har fungert veldig bra, og folk er veldig positive, sa butikksjef Henny Råheim tidlegare i september.

NRK har førebels ikkje fått svar frå Helse- og omsorgsdepartementet om svaret frå Vestre faktisk betyr at butikkar sel alkohol på ulovleg vis.

Trur systemet blir utnytta

Men ikkje alle meiner at teknologien er god nok.

– Det er mange vegar ein kan gå rundt skanninga av ID. Ein har dårleg oversikt om nokon skulle kjøpe alkohol til mindreårige. Og så er det ingen personell til stades for å vurdere tilstanden til kjøparen, til dømes om nokon er alkoholpåverka.

Det seier styreleiar André Thomassen Haugen i Juvente, ein organisasjon som jobbar for mindre rusbruk blant unge.

Nestleder I KrF Dag-Inge Ulstein og nestleder Ida Lindtveit Røse

Ulovleg er ulovleg, og vurderinga til Helsedirektoratet må gjelde enn så lenge, ifølge KrF.

Foto: Hanna Johre / Hanna Johre / NRK

Også Kristeleg Folkeparti er kritisk. Nestleiar Ida Lindtveit Røse seier det må vere vurderinga til Helsedirektoratet som skal gjelde inntil vidare.

– Det er for å sikre kontroll over at ikkje mindreårige får kjøpe alkohol. Ein treng ikkje vere rakettforskar for å forstå at det er enklare å få tak i alkohol ved ubemanna kasser, seier ho.

Men Rotevatn synest innvendingane er dårlege.

– Eg trur ein i stor grad finn på utfordringar, som ingen som driv sånne butikkar har rapportert at er reelle, seier han.

Publisert 19.09.2024, kl. 13.25

Read Entire Article