Rektor etter hærverk: – Det er sjokkerande

2 hours ago 5



Laurdag føremiddag er rektor og lærarar på plass ved Vadmyra skule for å starte oppryddinga etter hærverk fredag kveld.

Etter planen skulle det arrangerast eit bursdagsselskap i SFO-lokala laurdag. Det skjedde aldri.

– Det er heilt sjokkerande at det går an å øydelegge så mykje. Det er overveldande. Det var ikkje eit rom som ikkje var råka, seier rektor Margareth Gjøsæther Jensen til NRK laurdag.

Ho var på skulen alt fredag kveld for å få oversikt over skadeomfanget.

Hærverk Vadmyra skole

Toalettet var fylt opp med dorullar.

Foto: Politiet
Hærverk Vadmyra skole

Slik ser det ut i ein av bodene.

Foto: Politiet
Hærværk Vadmyra skole

Leiker er blanda med matvarer på opphaldsrommet.

Foto: Politiet

Ein politipatrulje rykka ut til Vadmyra skole ved Laksevåg i Bergen etter melding om ein alarm som gjekk på staden. Då patruljen kom fram såg dei at det var gjort skadeverk på skulen, i form av mat og krydder som er kasta utover, i tillegg til knust glas og roting.

Dei fann ikkje nokon mistenkte på staden.

– Patruljen beskriv «at det ser ikkje ut der». Mat er kasta utover og ting er knust, sa operasjonsleiar Knut Dahl-Mickelsen fredag kveld.

Ein hundepatrulje har vore på staden og utført søk i området. Det er ingen mistenkte førebels, men det har blitt oppretta sak. Kommunen er varsla.

Hærverk på Vadmyra skole

Dei som stod bak hærverket gjekk frå rom til rom.

Foto: Politiet

Stor mobilisering

Rektoren seier ho er overvelda av responsen frå foreldre og tilsette etter hendinga.

Vadmyra skole er ein kommunal barneskule, og har plass til 350 elevar.

Mange har teke kontakt for å hjelpe til med ryddinga, og planen er å få gjort mest mogleg laurdag.

Vadmyra Skole Loddefjord utrykking brann

Vadmyra skole i Loddefjord i Bergen har rundt 350 elevar.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Det som er kasta rundt i lokala er ein blanding av matvarer, formingsutstyr, leikar og teikningar.

Toaletta er stappa fulle med dopapirrullar. Også teikningar som elevane har laga er ramponerte.

– No går vi inn som ei gruppe og prøver å redde ut mest mogleg.

Rektoren er bekymra for at hendinga kan ha skremt elevane.

– Det kan vere vanskeleg for barn å sjå kjente område – deira område – bli ramponerte.

Skulen har ikkje opplevd liknande hærverk tidlegare.

– Vi har vore veldig heldige og hatt lite hærverk tidlegare.

Folk har blitt oppfordra til å tipse dersom dei veit noko om saka, laurdag morgon seier politiet til NRK at det ikkje har kome noko tips.

Hærverk på Vadmyra skole

Tilsette set av store delar av laurdagen for å rydde opp ved Vadmyra skole.

Foto: Politiet

Publisert 05.10.2024, kl. 13.30

Read Entire Article