Regjeringa og opposisjonen er ueinige om kor stør støtta til Ukraina bør vere.
I år gir Noreg 27 milliardar kroner i støtte, men i forslaget til statsbudsjett for 2025, var dette kutta til 15. milliardar kroner.
Dette meiner opposisjonen er altfor lite, og har kravd ein auke i støtta. Høgre har foreslått at det blir løyvd 45 milliardar kroner neste år.
Difor møtte regjeringa dei parlamentariske leiarane på Stortinget tysdag, for å drøfte vegen vidare for støtta.
Etter møtet sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at regjeringa forslår å doble forslaget til minst 30 milliardar kroner.
– Det er ein meir alvorleg situasjon i Ukraina. Og vi ønsker at Noreg skal vere tydeleg og leiande i støtta til den motstandskampen Ukraina har.
Vil ha ei avgjerd torsdag
I tillegg til å støtte Ukraina militært, ønsker regjeringa også at pengane skal bli brukt til å sikre og bygge opp elektrisk kapasitet og kraftforsyning i Ukraina.
Partia på Stortinget skal no drøfte forslaget i partigruppene.
Sjølv reiser Støre til Stockholm for å møte statsministrane i dei nordiske og baltiske landa. Også den polske statsministeren skal delta.
– Støtte til Ukraina blir eitt av tema på dette møtet, seier Støre.
Og så har regjeringa avtalt eit nytt møte med partia på Stortinget for å konkludere om den norske støtta torsdag ettermiddag.
Høgre ønsker meir pengar
I sitt Høgres alternative forslag til budsjett, hadde partiet lagt inn 45 milliardar kroner til Ukraina. Og sjølv om regjeringa no doblar sitt opphavelege forslag, meiner Høgreleiar Erna Solberg det ikkje er nok.
– Vi meiner situasjonen i Ukraina krev enda større innsats enn det regjeringa har lagt på bordet.
Ho peikar på to område der ho meiner det trengst meir pengar i Ukraina. Det gjeld energisektoren som har vore eit mål i bombinga, og som er viktig for å få Ukraina til å fungere, og så meiner ho det er viktig å bygge opp Ukrainas kapasitet til å produsere ammunisjon og våpensystem sjølve.
– Vi ser særleg på droneområdet at dei ligg langt framme med stor kunnskap. Vi meiner dette er viktig å støtte opp under.
Publisert 26.11.2024, kl. 11.56 Oppdatert 26.11.2024, kl. 12.23