Regjeringa foreslår å gi minst 30 milliardar kroner i støtte til Ukraina neste år.
Det er klart etter eit møte mellom regjeringa og opposisjonen på Stortinget tysdag.
– Vi ønsker at Noreg skal vere tydeleg og leiande i støtte til den motstandskampen Ukraina har. Ikkje berre militært, men også sivilt for å kunne verne om og bygge opp særleg elektrisitetskapasitet og kraftforsyning, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Regjeringa hadde foreslått å sette av 15 milliardar til Ukraina i statsbudsjettet for 2025, men dette meiner opposisjonen er altfor lite.
Etter møtet i Stortinget tysdag auka regjeringa forslaget sitt til 30 milliardar kroner.