Regjeringa begynner å fase ut ordninga for å slette studiegjeld i distrikta allereie før ho kom i gang.
I desember i fjor oppfordra regjeringa til flyttesjau ut i distrikta.
Løftet var at dei som budde i «provinsen» ved inngangen til 2025, kunne slette 25.000 kroner frå studielånet i året.
Eit snautt år seinare varslar Ap-regjeringa i forslaget til statsbudsjett at ho fasar ut ordninga allereie før ho kom i gang.
Det som opphavleg var ei ordning for 189 kommunar (sentralitetsklasse fem og seks) er no ei ordning for 88 kommunar (berre sentralitetsklasse seks).
Vidare har ordninga fått eit tak på tre år. Folk i dei mest «grisgrendte» kommunane får berre avkorta studiegjelda i tre år.
Da gjeldsordninga blei kjent, sa Sindre Stenseth Pettersen (24) som studerer ved NTNU at ordninga gjorde det meir attraktivt å flytte heim til bygda Trysil.
– No er det ikkje så gunstig å flytte dit lenger. Så det er nok lettare å finne seg ein betre betalt jobb andre stader.
– Symptomatisk for ei regjering med elendig distriktsprofil
Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Erling Sande, meiner at regjeringa har halde norske distriktskommunar «for narr».
– Dette er symptomatisk for ei Oslo-dominert Ap-regjering med elendig distriktsprofil, og eg trur mange kjenner seg svikta i dag, seier han.
Han viser til at kollega på stortingsbenken til Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide (Ap), «reiste rundt i heile valkampen» for å hente stemmer på ei ordning som hadde Senterpartiet som fødselshjelpar.
– Dette var eit av hans viktigaste talepunkt i valkampen.
Til dette svarer Vereide at nye omstende har gjort det nødvendig å stramme inn pengebruken.
– Likevel er dette ei sak eg har kjempa for å behalde i budsjettforslaget, og som eg meiner det er gode argument for. Siste ord er ikkje sagt.
– Det er krevjande økonomiske tider, og regjeringa har måtta gjere prioriteringar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland, i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
Ismail Burak Akkan / NRK
Jonas Gahr Støre (Ap), statsminister
Vi kuttar ikkje i noko eksisterande på området, vi innfører det i kvar fjerde kommune. Men når vi skal prioritere, går vi ikkje så langt som vi skisserte for halvtanna år sidan.
Ismail Burak Akkan / NRK
Trygve Slagsvold Vedum, Senterparti-leiar
Det er heilt uhøyrt. Statsministeren og eg stod saman i Stranda kommune og sa at viss ein familie flyttar hit, og begge har studielån, skal dei få sletta 25.000 kroner. Det var frå og med i år. Og vi fekk Stortingets fleirtal med på det.
Stian Lysberg Solum / NTB
Erling Sande, stortingsrepresentant i frå Senterpartiet
Det kan sjå ut som at Arbeidarpartiet har gløymt at Noreg er meir enn Oslo sentrum. Noreg er Noreg fordi vi har folk og næringsliv i heile landet. Store inntekter går inn til statskassa gjennom fiske, havbruk, skogbruk, olje- og gass, energiproduksjon og andre distriktsnæringar. Skal vi halde oppe verdiskapinga treng desse å kunne rekruttere arbeidsfolk.
Privat
Jacob Nødseth, Venstre
I valkampen prata eg med mange veljarar på stadar som Florø, Førde og Gloppen. Fleire av dei hadde tvilt seg fram til å stemme på Arbeidarpartiet, der det utløysande var at regjeringa og den lokale Ap-kandidaten hadde lova dei å få sletta studiegjeld - berre Ap fekk halde fram med å køyre fine svarte bilar etter stortingssvala. Ap fekk mange stemmer, men har no kasta desse veljarane på båten.
Ordførar: – Vi er sjølvsagt skuffa
Arnar Kvernevik (Ap) er ordførar i Gloppen kommune, som forsvinn ut av ordninga med den nye justeringa.
– Vi er sjølvsagt skuffa over å falle utanfor den nye gjeldssletteordninga. Samstundes er det viktig å peike på at sletting av studiegjeld åleine ikkje nødvendigvis sikrar rekruttering, seier han.
– Skal vi få unge til å busette seg og bli verande i distrikta, treng vi også attraktive arbeidsplassar, bustader, gode tenester og levande lokalsamfunn. Det kan Gloppen tilby! seier Arnar Kvernevik (Ap).
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRKLuster-ordførar Andreas Wiese (Sp) kallar den reduserte støtteordninga for «nok eit eksempel på at Senterpartiet trengst for å ta heile landet i bruk».
– Arbeidarpartiet er ikkje villige til å prioritere ein heilskapleg politikk som speler både distrikt og sentrum gode.
I forslaget til statsbudsjett for 2026 reduserer regjeringa løyvinga til tiltaket frå 1,3 milliardar til 437 millionar kroner.
Sletteordninga inngår i ein overordna strategi for å vareta det som er kalla eit norsk adelsmerke:
Det spreidde busettingsmønster som gjer at det er lys i husa i alle små avkrokar av landet.
Rett før valet varsla Senterpartiet at dei også kan tenke seg å senke inntektsskatten til folk på bygda.
– Det mest desperate utspelet i valkampen, svarte kritikarar.
Publisert 15.10.2025, kl. 11.24