Redningsaksjon i Stad etter naudsignal frå fartøy

1 month ago 18



27. august 2024 kl. 20:42

Det går føre seg ein redningsaksjon utanfor Stad etter at eit fartøy sende naudsignal.

– Eit fartøy har hamna i problem, seier redningsleiar Oddgeir Andersen i HRS Vest til NRK.

Det skal vere seks personar i fartøyet. To helikopter er på veg, eitt redningshelikopter frå Florø, og eitt SAR-helikopter frå plattforma Statfjord.

– I tillegg er to kystvakter og ei redningsskøyte på veg, opplyser Andersen.

Read Entire Article