Regjeringa innrømmer at dei bomma på «magisk» kurap-tiltak

2 hours ago 5



Trass innvendingar og tendensar til hånlatter varsla Støre-regjeringa i fjor at metanhemmarar i kraftforet til kua vil gi eit utsleppskutt på 1,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2030.

Kua er berykta for å sende «verstinggassen» metan ut i atmosfæren når han rapar.

Stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, karakteriserte klimagevinsten som ønsketenking og eit «magisk påfunn» utan dokumentert effekt som regjeringa «drog opp av hatten».

Kritikk om at regjeringa skauv drøvtyggarane framfor dine og mine forsakingar kom også frå MDG og SV.

Eitt år seinare erkjenner regjeringa at klimagevinsten frå kraftforet ikkje er så stor som dei først la til grunn.

«Endring i berekningsmetodar og rammevilkår for enkelte av dei planlagde verkemidla har ført til at klimaplanen frå i fjor er svekt», skriv regjeringa i Grønn bok.

Konkret viser dei til «svekt effekt av metanhemmande tilsetningsstoff i foret til husdyr».

I reine tal betyr det at regjeringa skriv ned den samla kurap-gevinsten frå 1,4 til 0,7 millionar tonn CO₂-ekvivalentar innan 2030.

«Grøn bok» er namnet på klimabudsjettet der regjeringa tel karbonutslepp slik dei tel pengar i «det gule» statsbudsjettet.

«Grøn bok» er namnet på klimabudsjettet der regjeringa tel karbonutslepp slik dei tel pengar i «det gule» statsbudsjettet.

Klauvskjærer Jørn Kjerpeseth Andersen lukker døra etter at en ku har gått inn i beskjæringsburet.

Under klimatoppmøtet i Glasgow i 2021 vart verda samde om å redusere dei globale metanutsleppa med 30 prosent frå 2020 til 2030.

En ku står i båsen sin og ser i kamera.

Landbruket skal redusere utsleppa av klimagassar med 5 millionar tonn i innan 2030. Men målet er langt unna, og avstanden har vorte større.

Kyr i fjøsen

Parisavtalen forpliktar landa i verda til å avgrense temperaturstigninga på jorda til mindre enn 2 grader – aller helst 1,5 grad. Målet er å hindre at oppvarminga gjer uoppretteleg skade.

– Tatt med klima-buksene ned

Regjeringa er tatt med klima-buksene nede, seier Alfred Bjørlo (V).

Han anbefaler regjeringa å lese seg opp på den moralske allegorien om ikkje å selje skinnet før bjørnen er skoten.

Moralen er enkel: Ikkje bygg klimakutt på tiltak som ennå er på forsøksstadiet og ikkje er dokumentert.

Stortingsrepresentant for MDG, Rasmus Hansson, karakteriserer metanhemmarane som «ein kjøttstrategi, ikkje ein klimastrategi».

– Å fikle med den ekstremt komplekse biokjemien i tarmen til kua har aldri hatt potensial til meir enn eit heilt marginalt klimatiltak.

– Nå må landbruksministeren komme med klimatiltak for jordbruket som faktisk vil verke.

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Sigrunn Aasland (Ap), svarer at det er normalt å justere effekten av ulike tiltak.

– Vi lærer undervegs heile tida, seier ho.

– Og neste år kjem vi tilbake med nye berekningar og enda fleire klimatiltak.

Sjå utvida svar under.

Nå er dei i gang med dei kvotegreiene igjen

I Hurdalsplattforma tar Støre-regjeringa mål av seg å kutte klimagassutsleppa med 55 prosent innan 2030.

Måndag kunngjorde den same regjeringa at Noreg ligg an til å kutte 26,4 prosent innan 2030, og at det «blir krevjande å nå måla med nasjonale utsleppskutt aleine».

I staden varslar regjeringa at ho planlegg å bruke «fleksible mekanismar» for å nå klimamåla. I praksis betyr det at Noreg vil betale andre EU-land for å kutte delar av utsleppa våre.

– Nå er dei i gang med dei kvotegreiene igjen, sukka Sveinung Rotevatn da han gjesta Politisk kvarter tysdag morgon.

Klima- og miljøminister Tore Sandvik presiserer at «vi er på rett veg».

I fjor gjekk klimagassutsleppa ned med 4,7 prosent i forhold til året før. Det er like mykje som heile nedgangen frå 1990 til 2022. Utsleppa vil truleg fortsette nedover i åra som kjem, men tempoet må aukast.

Geir Jørgensen (Rødt) Her frå munnleg spørjetime i Stortinget

Håkon Mosvold Larsen / NTB

Geir Jørgensen, Raudt

Det er jo på grensa til komedie at olje- og gassnasjonen Noreg går laus på kufjerten for å ta ned utsleppa. Sjølvsagt må landbruket ta sin del, men vi må ikkje gløyme at kua også har sin plass i det naturlege kretsløpet. Vi i Raudt håpar forskinga på metanhemmarar kan vise seg lovande, men at utslepp frå utmarksbeite også burde undersøkast meir.

Rasmus Johan Michael Hansson

Rasmus Hansson, MDG

Trua på at metanhemmarar skal redde klimatruverdet i landbruket har aldri vore ein klimastrategi, men ein kjøttstrategi. Det som verkar er å redusere kjøttproduksjonen. Med jordbrukspolitikken som MDG går inn for, som prioriterer areal og gras framfor einsidig intensiv produksjon, vil lågare kjøttproduksjon og -forbruk vere bra både for norsk jordbruk og norsk sjølvforsyning.

Alfred Bjørlo, Venstre

Ole Berg-Rusten / NTB

Alfred Bjørlo, Venstre

Vi veit kva som må til for å kutte klimautslepp frå matproduksjon: Det er å produsere og forbruke litt mindre raudt kjøt og litt meir frukt, grønt og korn. No ventar eg at regjeringa kryp til korset og gjer det vi veit at verkar.

Harald Volde

Jonas Been Henriksen / NRK

Harald Volden, professor ved NMBU

Det er rett som det blir sagt at effekten er mindre enn det ein tidlegare har lagt til grunn. Dei tidlegare tala er baserte på ei rekke internasjonale studiar der ein i gjennomsnitt har komme fram til ein 30 % reduksjon i metanproduksjonen. Når ein forma ut den første klimaavtalen mellom landbruket og staten, hadde ein ikkje andre tal å gå ut ifrå enn dei internasjonale studiane.

Oda Smeby Christensen

NRF

Oda Smeby Christensen

Avl er det mest kraftfulle tiltaket for å redusere metanutslepp frå husdyrproduksjon. Vidareføring av dagens avlsarbeid på Norsk Raudt Fe kan bidra til å redusere 650.000 tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2021–2030. Gjennom målretta avl for redusert metan og betre fôreffektivitet kan dette auke til 1,55 millionar tonn innan 2035. Dette svarer til ei dobling av det vi skal levere innan 2030!

Ole Kristian Haagenrud

TYR

Ole Kristian Haagenrud, TYR

I Noreg fôrar vi med ensilert gras som i mange tilfelle er seint hausta med auka fiberinnhald samanlikna med mange andre land sørover i Europa som bruker mykje mais med meir stivelse og mindre fiber i rasjonen. Ein ser i dei norske forsøka at vi har fått ein noko lågare effekt av Bovaer grunna auka fiberinnhald i rasjonen, samanlikna med internasjonal statistikk.

Vibeke Lind, forskar på Nibio

Nibio

Vibeke Lind, forskar på Nibio

Prosjektet MetanHUB er inne i sitt første av 4 år. Det ligg i forskinga si natur at vi testar og utprøver ulike metodar, og dette er grundig arbeid som må takast over tid. Først når det er gjort, kan vi gi råd og rettleiing. Kva som blir utfallet av arbeidet vårt veit vi ikkje, men vi arbeider systematisk for at dette skal resultere i kunnskap som kan bli til nytte.

Christian Anton Smedshaug

Jon Petrusson / NRK

Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar i AgriAnalyse

Ein må ta utgangspunkt i den kunnskapen ein til kvar tid har og så justere etter kvart. Det gjeld heile klimakuttproblematikken og vi ser jo også løpande justeringar og endringar over tid i ulike land på mange område. Biologiske produksjonar har særlege utfordringar og i dette tilfellet er det slik at vomma og funksjonen av metanhemmarar kan endre seg over tid i ei biologisk tilpassing.

Heilt udramatisk

Regjeringa la i fjor til grunn at 80 prosent av drøvtyggjarane kunne ha metanhemmarar innan 2026, med 20 prosent effekt.

Det er denne gevinsten som no er halvert.

Heilt udramatisk, seier Egil Hoen, som er nestleiar i Bondelaget.

Det viser seg at det tar litt lengre tid enn vi trudde. Men i det lange løp er dette eit godt tiltak, og gevinsten høg.

Den nye effekten er basert på tal frå forskingsprosjektet MetanHub, som studerer metanutslepp frå norsk matproduksjon.

– Det er viktig å vere open om kva vi får av resultat, seier Harald Volden, som leier prosjektet.

Han viser til at tidlegare prognosar om opptil 30 prosent kurap-gevinst var basert på internasjonale studiar, men at effekten blir noko lågare (18-20 prosent) hos norske kyr som et norsk fôr.

– Det er mykje betre å erkjenne at effekten er lågare ein tidlegare antatt, og justere ned bidraget for bruk av metanhemmarar, seier han.

– Samtidig vil eit tiltak som gir 20 prosent reduksjon vere eit av dei viktigaste tiltaka for å få ned klimagassutsleppet frå landbruket.

Publisert 09.10.2024, kl. 18.49

Read Entire Article