Reality-bølge på Noregs nasjonalfjell: – Kven som helst kan ikkje komme opp

1 month ago 27



Denne veka blei det klart at det svenske realityprogrammet «Berget» skulle la 15 ukjente svenskar klatre opp på Stetind i Narvik kommune på svensk TV4.

Fjellet blei i 2002 kåra til Noregs nasjonalfjell av Nitimen sine lyttarar. Seinare blei det klart at ordføraren i Tysfjord hadde brukt 19.000 kommunale kroner på telekort for å auke fjellets vinnarsjansar.

Og Stetind var godt kjent lenge før det. Allereie i 1937 skreiv filosofen og fjellklatraren Peter Wessel Zapffe i Den Norske Turistforenings årbok at Stetind var «ein ambolt der gudane kan hamre».

Kart over Stetind, eit fjell som ruvar 1392 meter over havet. I 2002 blei Stetind kåra til Noregs nasjonalfjell.

I 2013 skreiv NRK at Stetind ikkje hadde lykkast med å bli turistmagneten mange meinte han skulle bli.

Men no har Noregs nasjonalfjell blitt eit ynda mål for realityinnspeling.

I sommar har både Finland, Sverige og Nederland spelt inn realityprogram på fjellet.

I Noreg skal TV 2 denne hausten sende programmet «Voktaren: Fjellet gir – fjellet tar».

Etter den tragiske hendinga av den svenske realiyvarianten har TV 2 valt å berre kalle sitt program «Vokteren».

– Det var naturleg å fjerne den «taglinen» frå vår tittel meg omsyn til det tragiske dødsfallet under den svenske produksjonen, seier pressesjef i TV 2, Jan-Petter Dahl til VG.

– Mange får høgdeskrekk

Nordland turselskap guidar turistar i fjellet. Dagleg leiar, Ivar Sandland, fortel at turen opp til Stetind er ein krevjande tur der ein må klatre.

– Stetind er ein tung og lang gåtur med mykje høgdemeter. Du startar ved fjorden og går i ein lang oppoverbakke til 1300 meter over havet.

Det er luftig å klatre Steigtind. Sjølv rutinerte klatrarar kan kjenne på høgdeskrekken, ifølge Ivar Sandland i Nordland turselskap.

Han legg til at turen er både luftig og eksponert.

– Mange får høgdeskrekk.

Det har aldri vore nokre alvorlege fallulykker på Stetind, men i fleire andre nordnorske fjell har det vore dødsulykker i sommar.

Kan skape slitasje

Reality-TV har hundretusenvis av sjåarar, og det er alltid nokre av dei som ønsker å dra stader som blir viste på TV.

Det seier dagleg leiar i DNT Narvik, Jon Sommerseth. Han meiner TV-innspelingane kan gjere at fleire oppheld seg meir i naturen, og at fjelltoppar som denne blir treningsmål og sterke naturopplevingar.

Men Sommerseth er òg uroa for at den auka merksemda kan føre til slitasje på naturen.

Daglig leder i DNT Narvik, Jon Sommerseth

Foto: Privat

– Stetind er ikonisk. Folk i heile Europa har begynt å oppdage fjellet. Det strøymer på med klatrarar og alt i naturen har smertegrensa si, seier han.

Ifølge Sommerseth har Stetind fått ei mangedobling av talet på besøk dei siste fem–ti åra. Det kan bli for mykje forsøpling, stitråkk og klatrarestar i fjellveggen.

Dødsfall tidleg i innspelinga

Onsdag denne veka blei det kjent at ein av deltakarane, ein mann i 50-åra, døydde under den svenske realityinnspelinga.

Politiet fortalde NRK i går at årsaka til dødsfallet er hjartestans. Norsk politi skal likevel undersøke hendinga.

Programmet Berget på svensk TV4 spilles inn i Nordland.

Programmet Berget på svensk TV4 begynte innspelinga denne veka. Innspelinga er nå stoppa som følge av ulykka.

Foto: Faksimile / TV4

Deltakarane skulle klatre opp på det 1392 meter høge fjellet på 14 dagar. No er det usikkert om innspelinga av programmet blir stoppa eller får fortsette etter hendinga.

– Fokuset vårt er nå å ta hand om pårørande, deltakarar og medarbeidarar. Alt anna får vente, seier Karin Nyman, HR og kommunikasjonsdirektør i TV4 til NRK.

Tom-Erik Johnsen med Stetinden i Tysfjord i bakgrunnen

Det har aldri vore nokon alvorlege fallulykker eller dødsulykker på Stetind sjølv om siste del av strekninga er utfordrande.

Foto: Roger Knutsen / Lofoten.com

Programleiar, artist og rappar Petter Alexis Askergren sa i forkant av innspelinga at det var ein stor pengesum å vinne i programmet. Etter hendinga skreiv han følgande på Instagram:

– Eg er sjokkert! Det kjennest uverkeleg. Mine tankar går ut til dei pårørande.

– Like vondt som om dei skulle mista nokon heime

Deltakarane i TVNorge programmet 71 grader Nord – Noregs tøffaste kjendis har tidlegare klatra opp på fjellet.

Blant anna kjendisstylist Erlend Elias Bragstad var med i programmet i 2016. Han kjem frå Kjøpsvik og ser det majestetiske fjellet frå kjøkkenvindauget i barndomsheimen.

Erlend Elias Skoglund Bragstad

Tidlegare realitydeltakar i 71 grader nord, Erlend Elias Bragstad, seier han kjente seg trygg sjølv på luftige strekk av innspelinga i 2016.

Foto: Hanna Johre / NRK

Stylisten trur opplevinga har vore tøff for dei svenske deltakarane.

– Ein kjem i ei boble og blir veldig nær kvarandre. Eg tenker at alle andre som er med der nok har det like vondt som om dei skulle mista nokon av sine næraste heime.

Bragstad seier at han som realitydeltakar kjente seg veldig godt varetatt av sikkerheitsteamet då han var i luftig terreng i norsk reality.

Noregs nasjonalfjell

Foto: Allan Sande / DNT

Dersom det blir avgjort at dei svenske realitydeltakarane likevel skal klatre opp på nasjonalfjellet, seier Sommerseth i DNT at det er heilt avgjerande at dei har klatrekunnige folk eller fjellguide med seg.

Ein kan ikkje berre gå opp på eiga hand viss du ikkje har kompetanse på klatring, seier han og legg til:

Nokre menneske har ikkje innsikt i sine eigne avgrensingar. Kven som helst kan ikkje komme opp Stetind.

Fjellguide Sandland seier at dei norske programma som har vore der tidlegare har stilt opp med eigne guidar. Han forventar at svensk TV gjer innspelinga på ein ansvarleg måte og at apparatet bak er trygt.

– Det blir det framstilt som om deltakarane klatrar fjellet sjølv, men det er fagfolk som står bak og kan hjelpe dei og passe på dei på desse produksjonane.

– Eg er ikkje redd for at dette skaper signaleffekt, seier turguiden.

NRK har stilt svensk TV4 spørsmål om sikkerheit på deira innspeling, og korleis dei valte ut deira deltakarar, men har ikkje fått svar på desse spørsmåla.

Publisert 15.08.2024, kl. 17.41 Oppdatert 15.08.2024, kl. 17.45

Read Entire Article