Rasar mot «kjip og dårleg» endring i romjulssjakken: – Hårreisande

2 weeks ago 9



Eg synest det er heilt hårreisande. Det er imponerande korleis dei gong på gong klarer å gjere det dårlegare og dårlegare.

Det seier Johan-Sebastian Christiansen til NRK. Han er ikkje fornøgd med endringa som pregar årets VM i lynsjakk.

Grunnen til at eg er der, er dei to lynsjakkdagane, for det er der eg er best. Ein blir heilt avhengig av å ha ein knallgod førstedag. Det gjeld eigentleg alle, ikkje berre meg. Det gjeld dei beste òg. Det er jo folk som har starta tregt på dag éin og så komne som ein kanon på dag to og tatt gull. Nå er ein heilt avhengig av éin dag, seier Christiansen.

For i år blir det nemleg innført sluttspel i turneringa.

– Kjip og dårleg endring

Aryan Tari og Johan-Sebastian Christiansen

IKKJE FORNØGD: Christiansen synest ikkje dei nye endringane er spennande.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Frå før er det kjent at Fide innfører ein fridag etter hurtigsjakken, før lynsjakken begynner. Det har vekt reaksjonar hos fleire, spesielt fordi det er dyrt med hotell i New York, der meisterskapen blir halden, på den tida av året.

Men nytt av året er altså også sluttspel i lynsjakken. Etter 13 parti i den opne runden (11 for kvinnene) vil dei åtte beste spelarane gå vidare til ein utslagsfase. Der speler dei over fire parti i kvart oppgjer. Fide presenterte endringane tidleg i september.

Eg synest det eigentleg er ei ganske kjip og dårleg endring, seier Christiansen.

Han meiner det nye opplegget tar frå mindre kjente spelarar ei gyllen moglegheit.

Dette er eit VM som er for dei beste i verda, mellom 150 og 200 deltakarar. Så ender dei opp med at det blir eit «knockout»-format for dei åtte beste, som ein ser kvar einaste månad. Dei får dei moglegheita kvar einaste månad og så blir det same opplegget i VM-syklusen òg.

Chess - FIDE World Rapid and Blitz Championships 2022

DOBBELT OPP: Magnus Carlsen vinn turneringar jamt og trutt. Her med bevisa for at han blei verdsmeister i både hurtig- og lynsjakk i 2022.

Foto: PAVEL MIKHEYEV / Reuters

– Kan komme ein sensasjon

NRKs sjakkekspert Torstein Bae set spørsmålsteikn ved kvifor ein «tuklar med» eit format som har fungert. Han trur ikkje sluttspel er eit format som er optimalt for sjakken, og trur interessa fort kan stupe dersom Magnus Carlsen skulle ryke tidleg.

– Vi får jo tru at Magnus kan kvalifisere seg, sjølvsagt. Det gjeld jo enda meir enn før å ikkje ha ein treg start. Det var berre så vidt han hadde komme med viss det var eit sånt system i fjor. Der låg han jo på sjuandeplass etter første dag, seier Bae.

Samtidig trur han at faren for det er liten.

Torstein Bae i NRKs studio under sjakk-VM.

SJAKKEKSPERT: Torstein Bae er for mange eit kjent fjes frå romjulssjakken.

Foto: Erik Johansen / NTB

– Det skal mykje til at Magnus ikkje er med i det sluttspelet. Og eg trur jo nå som han veit det, så er han ekstra påskrudd første dagen nå. Han veit at det gjeld å bli topp åtte.

Og sjølv om han også forstår poenga til Christiansen, trur han ikkje det er klin umogleg for dei andre norske sjakkspelarane å hevde seg.

– Det å stå løpet i 21 rundar, det er jo veldig krevjande for dei som er litt under eliten. Johan Sebastian og dei andre norske har større sjanse til å overraske når vi snakkar om 13 rundar. Så der kan det komme ein sensasjon, seier Bae, som påpeikar at Christiansen ein gong hadde ni sigrar på rad.

Fide: – Har vurdert alle alternativ

Fide på si side seier i ein e-post til NRK at dei har gjort grundige vurderingar før dei endra formatet.

– Fide har vurdert alle alternativ nøye for å gjere verdsmeisterskapen i lynsjakk 2024 meir engasjerande, både for spelarane og fansen. Sjølv om talet på rundar i «sveitser-­runden» har blitt reduserte, trur vi at kombinasjonen av ein solid kvalifiseringsfase og utslagskampane byr på ei balansert tilnærming som sikrar at det er dyktigheita som rår.

– Vi ønsker å legge til at Fide er forplikta til å kontinuerleg forbetre arrangementa våre for å tene interessene til sjakkmiljøet, samtidig som sporten blir meir attraktiv.

Emil Sutovsky

FIDE-SJEF: Emil Sutovsky.

Foto: Dr.ML-Photo / Dr.ML-Photo

Fide-sjef Emil Sutovsky har uttalt at endringane blir gjorde fordi det er «meir spennande» og at det vil legge til rette for direkte møte med dei sterkaste spelarane.

Trur du det blir «meir spennande» for TV-sjåarane og sjakkfans med eit slikt format, Christiansen?

Nei. Han seier det til alt saman, han. Og han berre gjer ting feil. Det er ikkje noko meir spennande.

Hva synes du om endringen i lynsjakk-VM?

Heller ikkje Bae trur spenningsnivået aukar med denne nyvinninga.

– Eg er litt sånn spørjande, i alle fall til dei argumenta at spenninga har mangla. Det kan eg ikkje skjønne, at nokon som har sett på det og følgt det dramaet som har vore, eigentleg kan føle at spenninga har mangla, seier Bae.

– Vi har jo også hatt stor spenning knytt til å følge dei andre norske. Som folk har vore veldig engasjert i. Så for vår del er det litt ei ulempe. Og som sjølvsagt kjem aller mest på spissen viss Magnus skulle ryke ut i kvartfinalen, eller «god forbid», enda tidlegare.

– Som ein spurt i friidrett

For Christiansen trur ikkje endringa er positiv for verken spelarane, eller fansen som ser på.

Frå eit sjåarperspektiv blir det ikkje like spennande. Eg veit veldig mange synest det er spennande. Spesielt siste dagen, der du har nokon som har dratt frå feltet og så er det nokon som plutseleg kjem som ein kanon. Det er alltid spennande kven som tar det heilt inn, akkurat som ein spurt i friidrett, seier Christiansen.

Han meiner det blir meir opp til tilfella når det skal veljast ut åtte spelarar etter 13 parti.

Christiansen meiner at det er for få rundar til å bestemme kven som skal kunne kjempe om ein verdsmeistertittel, og at det vil by på problem fordi han trur mange kjem til å ligge på same poengsum etter dei oppsette rundane.

Eg synest det berre er dårleg, for det går utover så å seie alle spelarar. Det er kjedeleg, for det er der eg er best. Nå blir det tre dagar med hurtigsjakk, kor eg er ekstremt mykje svakare, og så blir det éin dag med lynsjakk der du må ha skikkeleg tur og hellet med deg.

Prøver å treffe blink i 200 km/t 00:34

Publisert 19.09.2024, kl. 06.09

Read Entire Article