– Eg søkte på den offentlege skulen på Otta og privatistskulen i Lom. Det gjorde eg fordi eg var usikker på om det vart skule i Lom.
Måndag 18. august er det skulestart for Ragnill og tusenvis av andre håpefulle og spente ungdommar over heile landet.
Ekstra spenning er det knytt til skulestarten i Lom på Jotunheimen privatistskule.
Usikker på kor mange som kjem
Kor mange elevar som faktisk møter opp måndag er førebels usikkert.
– Vi kan ikkje heilt vite kor mange som startar her, men rektor har ringt rundt til elevane og fortald om skulen. Dei fleste ser dette som sitt beste alternativ. Eg tippar vi blir opp mot 90 elevar.
Det seier styreleiar for Jotunheimen privatistskule, Hanna Flækøy Skjåkødegård.
Hanna Flækøy Skjåkødegård, styreleiar for Jotunheimen privatistskule.
Foto: Even Lusæter / NRKHo skulle aller helst sett at det var eit offentleg skuletilbod i Lom.
– Det blir ein festdag, men det er også bittersøtt. Vi ynskjer å ha ein skule som er i offentleg regi, seier Skjåkødegård.
Fylkeskommunen: – Mister plassen
Mange av elevane har gjort som Ragnill og søkt om skuleplass både på den private skulen i Lom og den offentlege skulen på Otta som ligg seks mil unna.
– Vi har planlagd og dimensjonert skulestart utifrå dei som har takka ja til skuleplass. Så får vi sjå kor mange som møter opp, seier Aasa Gjestvang, kompetanse- og tannhelsesjef i Innlandet fylkeskommune.
Aasa Gjestvang og Innlandet fylkeskommune har planlagd skulestart utifrå dei som har takka ja til skuleplass.
Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRKHo er klokkeklar på at dei som har takka ja til elevplass i den offentlege skulen, men som ikkje møter opp, mister retten sin.
– Dersom ein ikkje møter opp eller gje anna beskjed så har du ikkje skuleplassen lenger. Mitt råd er at alle må tenke seg nøye om rundt valet dei gjer. I det offentlege er det elevrettar du får som du ikkje får i det private.
Vil bli veterinær
For Ragnill sin del har ho fått god tid til å tenke på det komande skuleåret i sommar.
Gjennom heile sommaren har ho vore budeie for geiter på ei seter i Griningsdalen i Vågå.
– Draumen er å bli veterinær.
Sjølv om ho er klar over at ho ikkje får fyrstegongsvitnemål, og må ta eksamen som privatist i Lom, føler ho det er tryggast og best for ho å gå i Lom.
– Det gode i Lom gjer opp for det. Eg har hatt god dialog med rektor og lærarar. Dei har lagt så godt til rette for meg. I tillegg er eg i nærleik til dyra mine.
Ragnill håper å bli veterinær. I heile sommar har ho vore budeie i Griningsdalen.
Foto: Even Lusæter / NRKTakka nei til den offentlege skulen
No gler ho seg til skulestart i Lom.
– Eg trur eigentleg at den einaste forskjellen frå i fjor blir eksamen. Eg takka nei til den offentlege skulen da eg fann ut at det vart i Lom. Det blir godt å kome i gang og eg håper på eit normalt år for meg. Fjoråret vart spesielt.
16-åringen vart ramma av kreft og har vore fleire gongar på sjukehuset for cellegiftbehandling det siste året.
– Heldigvis vart eg godt vareteke i Lom, og det er derfor eg valde Lom igjen. Miljøet der er utruleg godt.
Samla inn over 65 millionar kroner
Det var i fjor at fylkespolitikarane i Innlandet frå Arbeidarpartiet, Høgre og Miljøpartiet de Grønne, vedtok å legge ned seks vidaregåande skular i Innlandet.
Det vekte eit enormt engasjement fleire stader. I Lom vart det så stort engasjement at dei no har starta sin eigen privatistskule.
Fredag var lærarane på plass i Lom for å gjere alt klart til skulestart.
Foto: Even Lusæter / NRKArbeidsgruppa for skulen, Tafi, har samla inn over 65 millionar kroner og sikra drift for den private skulen i tre år.
Håpet er at søknaden om å bli ein kristen og offentleg privatskule blir godkjend av Utdanningsdirektoratet.
Dersom dei blir godkjend får dei statstilskot.
– Vi har flytta fjell og gjort det umoglege mogleg, seier Skjåkødegård.
Fredag la ho dei siste detaljane på plass i Lom saman med rektor Tor Olav Mundal og dei tilsette.
– Ordna kaos
Som elevane er også ho spent – men festprogrammet er klart.
– Det er jo eit ordna kaos. Vi blir jo nedringt av mange, men det viktigaste er å ha fokus på elevane og lærarane, seier Skjåkødegård.
Ho skal sjølv møte i bunad på festdagen i Lom.
– Eg kjenner at eg er rørt. Akkurat no er kjensla utanfor kroppen.
– Vi føler presset. Det er bygdefolk som i stor grad har betalt for skulen. Så her må oss pent prestere, seier rektor Mundal.
Rektor for privatistskulen er Tor-Olav Mundal. Han var også avdelingsleiar i Lom da det var offentleg skule.
Foto: Even Lusæter / NRKPå den andre sida så hadde alternativet vore at det ikkje var nokon skule i Lom, fortel Mundal.
– Vi har planlagt lenge, så dette kjem til å gå bra. På lærarmøte onsdag var det ei euforisk stemning og jubel. Lærarane blir trigga av dette.
Ei rekkje politikarar kjem
I løpet av måndagen blir det opningsseremoni, lunsj med Arne Brimi, politisk debatt og skulegudsteneste.
Ei rekkje prominente politikarar har meldt sin ankomst til Lom.
Sylvi Listhaug frå Framstegspartiet, Trygve Slagsvold Vedum og Emilie Enger Mehl frå Senterpartiet, Bjørnar Moxnes frå Raudt, Geir Lippestad frå Sentrum, samt representantar frå Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, og Venstre kjem til Lom.
I tillegg har Arbeidarpartiet stadfesta overfor NRK at stortingspolitikar Rune Støstad frå Vinstra kjem til skuleopninga måndag.
– Det blir ein unntaksdag. Samtidig er det veldig fint å få til ei slik markering, seier Mundal.
Fylkeskommunen sitt råd
Gjestvang i Innlandet fylkeskommune opplyser at omtrent 13 000 elevar startar i den offentlege skulen måndag i Innlandet.
Omtrent 90 prosent av elevane har fått fyrsteynskje sitt – det er på nivå med fjoråret.
Det er fleire elevar som startar i Lom på privatistskulen som også har takka ja til plass på den offentlege skulen på Otta.
Foto: Even Lusæter / NRKFylkessjefen fortel at dei er klare til å ta imot alle elevane, men veit at det blir ein spesiell skulestart for mange.
– Vi har dimensjonert og planlagd utifrå dei som har takka ja til skuleplass. Det viktigaste for oss er å legge godt til rette for dei som møter, seier Gjestvang.
Uansett kor ungdommane startar må kvar enkelt gjere det som følast rett for seg sjølv, er rådet hennar.
– Skulestart er alltid starten på noko nytt og ein stor dag. Det er starten på framtida. Mitt råd til alle som startar på skulen måndag er å vere nysgjerrig og bruke kreftene på det rundt deg. Still krav og spørsmål, og så er det viktig å ha det fint og kose seg.
Hei!
Takk for at du las artikkelen. Har du tankar om artikkelen eller andre tips kan du gjerne sende meg ein epost.
Publisert 17.08.2025, kl. 14.59