Qatar usikker på eiga rolle som meklar mellom Israel og Hamas

2 weeks ago 12



Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 17.4.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallet for antall drepte i Palestina er tall for Gaza. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. Ifølge tall som ble publisert 3. april av israelske myndigheter, har 260 israelske soldater blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

USA, Qatar og Egypt er meklarar i våpenkvileforhandlingane mellom Israel og Hamas.

«Landet som snakkar med alle» har vore ein naturleg meklar. At dei har halde ein open kanal til Hamas, blei prisgitt med ei våpenkvile mellom partane i november.

Men no er statsminister i Qatar, Mohammed bin Abdulrahman al-Thani, usikker på om landet er skikka til rolla. Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Al-Thani meiner at Qatar blir misbrukt av politikarar i forhandlingane, til gunst for eigne politiske interesse. Han utdjupar derimot ikkje kven fråsegna sikter til.

– Dette har ført til at Qatar må gjere ei fullstendig revurdering av si rolle, og vi er no i denne fasa, seier al-Thani.

– Vi er forplikta overfor vår rolle frå ein humanitær ståstad, men det finst grenser.

Qatar utanriksminister al-Thani tar Espen Barth eide i handa. Dei smiler og ser i kamera. Al-Thani har på blå dress og solbriller.

Statsminister og utanriksminister i Qatar, Mohammed bin Abdulrahman al-Thani, var i Noreg i desember for å diskutere krigen på Gazastripa.

Foto: Killian Munch / Kilian Munch

Viktig diplomatisk aktør

Landet har eit godt forhold til «alle», og har i lang tid vore ein viktig diplomatisk aktør. Dei var viktige i å få på plass ein fredsavtale i Sudan i 2011 og mellom USA og Taliban i 2020.

USA, som er Israels største våpenleverandør og næraste allierte, har sin største militærbase i regionen utanfor Qatars hovudstad, al-Udeid.

Og ikkje langt unna har Hamas sitt politiske kontor. Fleire Hamas-toppar bur i landet, mellom anna den politiske leiaren Ismail Haniyeh.

Qatar har generelt eit godt forhold til Vesten, i tillegg til å snakke grupper og land som Vesten ikkje snakkar med.

Kritikk frå amerikansk hald

Men å vere venn med alle, må balanserast med ein knivsegg.

Trass i jamlege møter i Doha, har ikkje våpenkvileforhandlingane dei siste månadane ført fram.

Måndag, nokre dagar før Qatar seier at dei vil revurdere rolla si, blei dei kritisert frå amerikansk hald.

Demokrat og kongressmedlem Steny Hoyer meiner Qatar må legge meir press på Hamas i forhandlingane, og foreslår at landet kan true med å kutte finansieringa til Hamas og nekte leiarane tilflukt i landet.

«Dersom Qatar ikkje klarer å bruke eit slikt press, må USA revurdere sitt forhold til Qatar», skriv Hoyer i ei fråsegn.

Publisert 18.04.2024, kl. 07.26 Oppdatert 18.04.2024, kl. 07.58

Read Entire Article