Psykolog om TikTok-trenden: – Håp for denne generasjonen også

1 month ago 50



Mange TikTok-brukarar har fått med seg trenden «raw dogging» i sommar.

Psykolog John Petter Fagerhaug trur det er sunt at unge kastar seg på trendar kor dei kuttar ut skjermbruk.

– Då er det håp for denne generasjonen også, seier han til NRK.

Søker ein på «raw dogging» på TikTok dukkar det opp mengder av videoar av folk som sit på fly i timevis utan å gjera noko som helst anna enn å stira ut i lufta. Dei testar eigne grenser, og går viralt.

Målet er å klara seg utan distraksjonar på lange flyturar. Utan telefon, underhaldning og nokre gonger søvn.

Komikar og programleiar Karsten Blomvik var ein av dei som prøvde seg på å «raw dogga» ei lang flyreise i Asia i sommar.

– Det verka som ei gøy meditasjonsøving, seier han.

Slik ser nokre av videoane av «raw dogging»-trenden på TikTok ut.

Utan mat og drikke

« Just me and safety instructions» og «just me and flight map» skriv nokre av TikTok-brukarane «raw doggar» flyturar.

På flyturen er det einaste dei følger med på kartet eller sikkerheitsopplysningane til flyet. Dei skal ikkje skrolla, eller sjå på underhaldning. I dei mest ekstreme tilfella går heller ikkje folk på do. Det siste blir kalla idiotisk av ein fastlege, i eit intervju med BBC.

Erling Braut Haaland på eit fly

Også Erling Braut Haaland delte bilete på sosiale medium av at han «raw dogga» ein flytur.

Faksimile: Skjermbilete Instagram

Gå på toalett er noko eg må gjera. Og mat ... Eg er eit matmonster, så maten måtte eg eta, seier Blomvik om si oppleving. Han klarte seks av tolv timar med «raw dogging» av flyturen.

Ein går jo inn i ein sånn transe, til ei viss grad. Når ein mediterer lenge nok, forsvinn tida litt. Så du ender opp med å synast at det er behageleg.

– Sunt å gjera ingenting

Flyselskapa Norse Airlines eller Norwegian har ikkje merka noko til trenden om bord på flya sine, men har notert seg trenden i sosiale medium.

Kommunikasjonssjef i Norwegian Charlotte Holmbergh seier det er positivt at passasjerane passar på å ikkje gjera noko når dei flyg.

– Mange har hektiske og intensive liv der mykje skjer heile tida og der ein alltid skal vera tilgjengelege. Derfor kan det vera sunt å utnytta tida om bord til å gjera nettopp ingenting, seier ho.

Psykolog John Petter Fagerhaug foran en skjerm.

– Du let tankane fly. Du har god dialog med deg sjølv og då dukkar det opp masse spennande ting, seier psykolog Fagerhaug om å droppe skjermen på flyreisa.

Foto: Privat

Det er også psykolog Fagerhaug einig i. Han har jobba med å hjelpa folk med å kutta skjermtida i over ti år. Han

Han rår ikkje folk til å kutta ut mat og drikke på reisa – slik dei mest ekstreme «raw dogg'arane» gjer – men meiner at å klara seg utan skjermen har mange fordelar:

Du sit 17 timar på fly og berre let tankane komma. Då får du sortert mykje og rydda opp i hovudet, seier han.

Er det ikkje litt rart at ein skal ta ein pause frå mobilen, når ein likevel deler det på sosiale medium i etterkant?

Ja, og det blir paradoksalt. Viss du filmar deg sjølv heile tida, så er det ikkje fråvær av teknologibruk, seier Fagerhaug.

Blomvik på si side seier:

– Eg kan ikkje «raw dogga» utan å fortelja det til nokon!

– Det var utruleg kjedeleg

Svømmar Henrik Christiansen – som elles har fått mykje merksemd på sosiale medium grunna kjærleiken for sjokolademuffins – «raw dogga» flyturen frå Noreg til Paris, då han skulle delta i OL. Det er rett nok ein kortare flytur, på litt over to timar.

– Haha, det var jo utruleg kjedeleg. Det trur eg alle kan forstå, skriv han i ein e-post til NRK.

Christiansen seier han ikkje kjem til å gjera det igjen.

– Det blei nok med denne eine gongen, for å vera ærleg, seier han til NRK.

Christiansen legg til at han har sett at trenden ofte refererer til at foreldre «raw doggar» lange flyturar. Det kjenner også Blomvik seg att i.

– Far min sit ikkje med avis eller noko. Han sit berre der. Han berre flyg, seier han.

Betyr eigentleg noko anna

Sjølve uttrykket «raw dogging» refererer til å ha sex utan kondom, men trenden der folk «raw dogg'ar» sjølve livet, er nyare.

Forskar Emilie Owens ved UiO fortel at uttrykket «raw dogging life» dukka opp på nettet for nokre år sidan.

– Då samanlikna ein brukar på X/Twitter det å leva utan terapi, reseptbelagde medisinar og illegale stoff, med å ha ubeskytta sex, seier ho.

Medieforskar Emilie Owens

Emilie Owens er doktorgradsstipendiat på Universitetet i Oslo og forskar på barn og unge og deira medievanar.

Foto: Magnus Graham / UiO

Det er ei absurd samanlikning, og nettopp det gjer uttrykket morosamt, meiner Owens.

– Særleg bruken av «raw dogging» heilt ut av kontekst: Samanlikninga er overraskande, men også tilfredsstillande, fordi det har så sterke assosiasjonar.

Owens seier det no har blitt heilt vanleg internett-slang om å leva livet. Ho ramsar opp eksempel:

– Du kan «raw dogga» trening utan energidrikke og oppvarming, du kan «raw dogga» soving ved å sovna utan hjelp, eller «raw dogga» jobben din ved å ikkje bruka Google eller KI.

Populært blant unge menn

Det siste året er det særleg unge menn som følgde trenden på TikTok og delte klipp av seg sjølv gjera ingenting i timevis.

Karsten Blomvik trur trenden først og fremst er populær fordi «den er mest lættis», men legg til:

Og så trur eg det ligg litt i den kulturen av at ein ikkje skal ta inn noko, berre vera seg sjølv og vera hard. At det ligg litt i den litt usunne machokulturen på sosiale medium, då.

«15 timar. Ny personleg rekord», skriv ein TikTok-brukar. Jo lenger flyturen er, jo betre, får ein inntrykk av.

Gabriele de Seta, prosjektleder og forsker ved UiB

Gabriele de Seta ved Universitetet i Bergen forskar på korleis sosiale medium og KI påverkar liva våre.

Foto: Scott Rettberg / UiB

– Det handlar om å forplikta seg til å gjera noko for å forbetra til dømes konsentrasjonen og kroppen. Det ser ein ofte i menns vanar på sosiale medium, forklarar forskar Gabriele De Seta.

Psykolog Fagerhaug ser ikkje noko negativt i at det hovudsakleg appellerer til menn.

Det går ikkje utover nokon, og det gjer noko bra for personen. Eg ser den maskuline biten som ein sunn konkurranse, seier han.

Publisert 25.08.2024, kl. 11.12

Read Entire Article