Psykolog delte overgrepsfilmar

2 weeks ago 16



Mannen, som sjølv er far, blei også i 2020 dømte for oppbevaring av overgrepsmateriale. Da fekk han sparken som psykolog og mista autorisasjonen.

Avslørt av organisasjon

Da han på nytt blei tatt med overgrepsmateriale i 2023, var han tilbake i jobb som psykolog med avgrensa autorisasjon.

Kripos blei tipsa om psykologen av den amerikanske organisasjonen National Center for Missing & Exploited Children.

Saka blei sendt over til politiet i Vestfold der mannen høyrer heime.

Delte overgrepa 48 gonger

Undervegs i etterforskinga fann politiet ut at mannen ikkje berre hadde lasta ned overgrepsmaterialet. Han hadde også delt filmane og bilda i sosiale medium.

Beslaget på nettbrettet til mannen bestod av tre bilde og 20 unike videofilmar. Han har innrømt å ha delt overgrepsmaterialet med andre 48 gonger.

– Sjølv om talet på bilde er låge og den samla speletida ikkje er den lengste, er framstillingane av overgrep til dels grove, heiter det i dommen.

Retten finn det skjerpande for straffa at psykologen også i 2020 blei dømt for å ha oppbevart bilde og film av overgrep mot barn.

Meiner straffa er for streng

Psykologen har lagt korta på bordet og tilstått i retten, seier forsvararen til mannen, advokat Steinar Thomassen.

Forsvarer Steinar Thomassen

Psykologens forsvarer, advokat Steinar Thomassen, meiner mannen bør få samfunnsstraff.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Han ankar over straffeutmålinga. Vi meiner at tingretten har lagt seg på eit for høgt straffenivå og meiner at det er grunnlag for samfunnsstraff, seier Thomassen til NRK.

Etter at mannen blei tatt i august i fjor, har han oppsøkt behandling.

Han har tatt ordentleg tak i ting. Han går til behandlingar, seier Thomassen, som legg til at mannen nå er i ein rehabiliteringssituasjon.

Publisert 11.04.2024, kl. 10.16

Read Entire Article