Prøvar av kyrkja overraskar ekspertar: – Kanskje vi må skrive om historia vår

1 month ago 39



– Desse prøvene overraskar oss veldig, seier Riksantikvar Hanna Geiran.

Prøvene ho snakkar om er av kyrkjeportalen til Bjølstadkapellet i Heidal i Gudbrandsdalen.

Kyrkja, som er frå rundt 1530, er utsmykka med to portalplankar på kvar si side av inngangsdøra.

Bjølstadkapellet

Portalstolpane til kyrkja er i urnesstil. Ein har lenge visst at desse er gamle, blant det eldste utskorne treverket i landet.

Foto: Even Lusæter / NRK

Desse er i såkalla urnesstil, ei norrøn kunststil oppkalle etter Urnes Stavkyrkje i Luster, som er anerkjent for å ha dei eldste bevarte utsmykkingane i denne stilen.

Urnesstilen, som kjenneteiknast ved sine karakteristiske dyremotiver, har hatt stor innflytelse på både norsk og europeisk kunst. Kunsthistorikarane kallar dette den siste vikingstilen.

Det som finst av objekt i Skandinavia og dei britiske øyene i denne stilen, er frå midten av 1000-talet og eit stykke ut på 1100-talet.

Men no tyder det på at stilen ikkje døydde ut på 1100-talet likevel.

– Det kan sjå ut som om urnesstilen har vore i bruk lenger enn vi har trudd. Dette er heilt ny kunnskap, seier Geiran.

Riksantikvar Hanna Geiran

Riksantikvar Hanna Geiran fortel at undersøkinga som er gjort av portalplankane kan endre Noregshistoria.

Foto: Even Lusæter / NRK

Skil over hundre år

For prøvene frå portalplankane til Bjølstadkapellet, viser at dei er frå heilt ulik tid.

Dateringa viser at den eldste planken, den til høgre for døra, stamma frå eit tre som byrja å spire rundt år 880, og vart hogge i 1014.

Den andre planken er over 150 år eldre, og vart truleg skoren ut langt utpå 1200-talet.

– Eg kjenner ikkje til noko som helst med urnesdekor frå langt utpå 1200-talet, seier seksjonssjef Ingeborg Magerøy for kyrkjeseksjonen ved Riksantikvaren.

seksjonssjef Ingeborg Magerøy for kyrkjeseksjonen ved Riksantikvaren.

– Kva i all verda er det som har gått føre seg i Heidal, lurer Magerøy på.

Foto: Riksantikvaren

No står både Riksantikvaren og bygda igjen med fleire spørsmål enn svar.

Vart den første portalplanken kopiert? Kvifor skar dei ut planken i det som for lengst var ein gammaldags stil på 1200-talet? Eller levde urnesstilen lengre enn ein har trudd?

– Dette må vi forske meir på. No har vi skanna plankane, og ved å sjå på handverksspora, kan det gi oss fleire svar på mysteriet, seier Geiran.

Fleire spørsmål enn svar

Då dei byrja å undersøke plankane, hadde dei eitt spørsmål:

Kor gammal er portalen?

– Det har i alle år vore spekulert i kor gamle dei er. Det har blitt sagt at det er av dei eldste, og kanskje dei aller eldste, seier kyrkjeverje i Sel, Steinar Grønn.

Bjølstadkapellet. T.v Steinar Løsneløkken, leiar i Sel kirkelige råd. I tillegg er han mangeårig redaktør i Årboka for Heidal og medlem av historielaget og Steinar Grønn, kyrkjeverge.

Steinar Løsneløkken og Steinar Grønn hadde håpa å finne ut eksakt når portalen til kyrkja er frå. Men undersøkinga gav fleire spørsmål enn svar.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ved hjelp av årringsdatering og karbonanalyse har dei funne ut at den eldste planken frå Bjølstadkapellet er frå etter år 1014.

– Det er klart at det er ikkje to strekar under svaret, så her har vi ei gåte å løyse, seier Steinar Løsneløkken, leiar i Sel kyrkjelege fellesråd.

– Det er nok ikkje så mange trestykkjer i landet som er eldre enn dette vil eg tru, seier han.

Den eldste portalen i Noreg er Urnesportalen frå mellom 1050 og 1100-talet.

Men at portalen frå Heidal er eldre enn som så, kan ein ikkje seie sikkert enda.

– Vi kan ikkje seie at det er den eldste, men vi kan seie at det er noko av det mest mystiske, seier Magerøy.

Bjølstadkapellet.

Bjølstadkapellet i Heidal er eit lafta kyrkjebygg frå mellomalderen med portalstolpar i urnesstil. Kapellet er på Riksantikvaren si liste over automatisk freda kyrkjer.

Foto: Even Lusæter / NRK

Eit mysterium

Sjølv om undersøkingane gav fleire spørsmål enn svar, er riksantikvaren tydeleg på ein ting.

– Dei har fått eit skikkeleg mysterium i Heidal no.

– No håpar vi å finne ut av dette, og kanskje må vi skrive om historia vår, seier Geiran.

Publisert 29.08.2024, kl. 16.38

Read Entire Article