Halverer potten til frivillig skogvern: – Jojo-politikk

3 hours ago 3



– Det var dessverre ikkje heilt uventa, seier Mats Halvorsrud.

For fem år sidan søkte han om å frivillig få verne cirka 80 mål av skogen sin i Totenvika i Østre Toten kommune.

Han ventar framleis på eit formelt «ja» frå staten.

Skogvern

Mats Halvorsrud vil frivillig verne skogen sin i Totenvika i Østre Toten. Skogen han vil verne ligg inntil eit større eksisterande verneområde.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Med kuttet i frivillig skogvern, fryktar han at ventetida fram til skogen hans blir verna, blir enda lengre.

– Det er jo ikkje usannsynleg at det kan ta lengre tid. Eg skulle helst ønske at dei kunne halde potten oppe, og at det var mindre utryggleik rundt det, seier skogeigaren på Toten.

Halverer potten

For i statsbudsjettet for neste år har regjeringa meir enn halvert potten til frivillig skogvern.

Det er sett av 356,2 millionar kroner for 2025. Det er 444,2 millionar kroner mindre enn i år.

– Vi vart ganske oppgjevne, seier Gudmund Nordtun, administrerande direktør i Glommen Mjøsen Skog.

Gudmund Nordtun

Gudmund Nordtun er administrerande direktør i Glommen Mjøsen Skog, eit skogeigarsamvirke eigd av over 7300 skogeigarar på Austlandet.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Dette er tredje året på rad at regjeringa vil kutte i potten til frivillig skogvern.

– Det er ein jojo-politikk som vi synest dei skal slutte med nå, seier Nordtun.

I dag er 5,3 prosent av skogen i Noreg verna. Det er langt under det politisk bestemte målet på 10 prosent.

Frivillig vern er eit tiltak som fungerer bra, meiner både skogeigarar, næringa og miljøorganisasjonane.

– Vi er oppgjevne av at ein enda ein gong set ned løyvingane til frivillig vern, noko som alle er einige om at kanskje er det beste og mest effektive tiltaket, og ikkje minst det minst konfliktfylte tiltaket for å nå vernemåla Stortinget har sett, seier han.

– Forferdeleg alvorleg

Nordtun er lei av at frivillig vern blir lagt inn som eit forhandlingskort i dragkampen for statsbudsjettet.

Nå set han sin lit til opposisjonspartia om å forhandle opp potten til frivillig skogvern.

– Det er forferdeleg alvorleg, seier Lars Haltbrekken, stortingsrepresentant for SV.

Lars Haltbrekken

Lars Haltbrekken, stortingsrepresentant for SV, meiner det blir vanskeleg å nå målet med å verne 10 prosent av all skogen i Noreg med det budsjettet regjeringa la fram måndag.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Han meiner vi ikkje når målet med å verne 10 prosent av skogen med den summen regjeringa har sett av til skogvern.

– Skal vi klare å ta vare på verdifull norsk natur, så veit vi at det å verne skogen er utruleg viktig. Her bur over halvparten av dei plante- og dyreartane i Noreg som er trua av utrydding.

– Det er avgjerande at vi klarer å verne meir skog, og da må vi også vere villige til å bruke mykje meir pengar på det enn regjeringa er i forslaget sitt til statsbudsjett.

Nå jobbar SV med det alternative budsjettet sitt som skal leggast fram om nokre veker. Han vil ikkje seie nå kor mykje dei ønsker å sette av til frivillig skogvern.

– Ei stor løyving

Kjersti Bjørnstad (Sp) er statssekretær i Klima- og miljødepartementet. Trass ei halvering i forhold til årets budsjett, meiner ho 356 millionar kroner til skogvern er ei stor løyving.

– Vi foreslår også 356 millionar kroner til skogvern, noko som framleis er ei stor løyving.

Pressebilde av Statssekretær Kjersti Bjørnstad i Klima og Miljødepartementet.

356 millionar kroner er framleis ein høg sum til skogvern, meiner statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Kjersti Bjørnstad (Sp).

Foto: TROND ISAKSEN / Klima og Miljødepartementet

Ho viser til rekordhøge løyvingar til skogvern dei seinaste åra, med 730 millionar kroner i 2023 og 800 millionar i 2024.

– Under denne regjeringa er det løyvd rekordmykje pengar til skogvern. Det har bidratt til at Noreg har verna 5,3 prosent av skogen, seier ho.

– Skogvern er viktig for å sikre trua norsk natur, og vi skal verne meir skog. Det er bakgrunnen for at vi også i 2025 foreslår ein stor sum til skogvern.

Mange vil verne skogen

Samstundes som regjeringa kuttar i budsjettet til skogvern, står mange skogeigarar i kø for å få verna skogen sin.

Rundt 600 skogeigarar ventar på endeleg avklaring om skogen deira kan bli verna.

Skogeigaren på Toten har trua på at han snart får verna dei 80 måla sine med skog.

– Vi har komme såpass langt i prosessen at eg har trua på at det går gjennom, seier Halvorsrud.

– Men heilt sikker kan ein jo ikkje vere.

Skogvern

Frivillig skogvern er eit tiltak som har funka godt, meiner både skogeigarar, næringa og miljøorganisasjonar.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Publisert 10.10.2024, kl. 07.14

Read Entire Article