Prinsesse Kate i første store oppdrag etter kreftbehandling

1 week ago 14



Prinsessa kom saman med ektemannen prins William og kong Charles til minnekonserten i Royal Albert Hall i London i forbindelse med «The Festival of Remembrance».

Dette er ein av fleire minnemarkeringar denne helga som heidrar veteranar og familiane deira.

Kong Charles, som også går gjennom kreftbehandling, fekk ståande applaus frå publikum då han kom, skriv BBC.

Kong Charles og prinsesse Anne under lørdagens konsert i Royal Albert Hall.

Kong Charles sat ved sidan av prinsesse Anne under konserten.

Foto: Chris J. Ratcliffe / Reuters/NTB

Dronning Camilla var ikkje til stades på grunn av luftvegsinfeksjon.

Kong Charles og prinsesse Kate har begge hatt færre oppgåver det siste året på grunn av sjukdommen.

Eit vanskeleg år

I februar kom meldinga om at kong Charles hadde fått kreft. Han tok ei meir tilbakehalden rolle i forbindelse med oppstarten av behandlinga.

Månaden etter blei det også kjent at prinsessa hadde fått kreft, og hadde starta cellegiftbehandling.

Kongehuset har ikkje sagt noko om kva type kreft kongen og prinsessa har.

Princess Kate i samtale med eldre mann i mørk dress og rødt slips.

Prinsesse Kate i samtale etter konserten. I knappholet hadde ho den raude valmuen som har blitt eit symbol for britar som har falle i krig og konfliktar.

Foto: Chris J. Ratcliffe / AP/NTB

Prins William sa i eit intervju med Sky News denne veka at det siste året har vore eit av dei verste i livet hans.

– Eg er så stolt av kona mi og faren min for måten dei har handtert dette på. Men frå eit personleg familiesynspunkt, har det vore brutalt, sa han.

Prinsesse Kate avslutta kreftbehandlinga i september. Men det vil ta tid før ho blir fullt restituert.

Ho har gradvis kome tilbake til offentlegheita. Førre oppdrag var i oktober då ho og prins William møtte familiane til dei tre jentene som blei drepne med kniv i Southport i juli.

Nye seremoniar søndag

Både kong Charles og prinsesse Kate skal delta på nye arrangement i forbindelse med årsdagen for slutten av første verdskrig søndag, skriv The Guardian.

Sjølve årsdagen er på måndag, men arrangementa blir haldne i løpet av helga.

Det venta at tusenvis av menneske delta i minnemarkeringa med to minutts stille til minne om britar som er drepne i krig og konfliktar, skriv avisa.

Over 800 marinesoldatar, soldatar og flygarar skal stå vakt ved krigsminnesmerket Cenotaph i London og ved minnegudstenestene i Westminster Abbey og Westminster Cathedral.

Publisert 10.11.2024, kl. 08.52 Oppdatert 10.11.2024, kl. 08.52

Read Entire Article