– Politiet var kjend med at sikta skulle reise til Italia

1 month ago 21



– Politiet var kjend med at sikta skulle reise til Italia. Det var og er ikkje planlagt nye avhøyr i perioden han er bortreist, skriv Oslo politidistrikt i ei pressemelding.

Onsdag blei det kjent at Marius Borg Høiby hadde reist til Italia dagen etter avhøyret. Det var VG som meldte dette først.

– Det er planlagt fleire avhøyr, og politiet er i dialog med forsvarar om dette, skriv politiet i pressemeldinga.

Øyvind Bratlien, Høibys forsvarar, stadfesta at han hadde reist etter råd frå han sjølv.

Har vore i avhøyr – reiste til Italia

Det var tysdag denne veka at Marius Borg Høiby blei avhøyrt av politiet tre veker etter hendinga på Frogner natt til 4. august.

Høiby er sikta for kroppskrenging, skadeverk og truslar mot ei fornærma kvinne i saka.

Det innrømma han i ein uttale til NRK.

Han har også innrømma at han har eit rusproblem og at han no vil søke hjelp for dette.

Det blei tatt blodprøver av Høiby då han blei pågripen, desse er no analysert.

– Vi har fått svar på blodprøvene, og vi vil legge dette fram for han, skriv politiet.

– Ikkje uvanleg

I ettertid har to ekskjærastar, Juliane Snekkestad og Nora Haukeland, uttala seg på sosiale medium der dei hevdar å ha blitt utsett for vald av Høiby.

Politiet har med bakgrunn i dette oppretta to undersøkingssaker der Høiby er mistenkt for vald i nære relasjonar. Dei to kvinnene har sjølv forklart seg til politiet.

Juliane Snekkestad har vore i fire avhøyr.

– Det er ikkje uvanleg at avhøyr blir gjennomført over fleire dagar, skriv politiet torsdag.

Publisert 29.08.2024, kl. 12.12 Oppdatert 29.08.2024, kl. 12.25

Read Entire Article