Politiet ønskjer tips i valdtektssaker frå 2015

3 days ago 10



Det var mellom onsdag kveld 15. juli til torsdag morgon 16. juli 2015 at ei eldre kvinne vart overfallen og valdteken i heimen sin i Mauseidvåg.

Nokre veker etter, søndag 23. august 2015 vart ytterlegare ei eldre kvinne overfallen og forsøkt valdteken i sin eigen heim, også i Mauseidvåg.

– Politidistriktet har gjennom desse åra hatt dialog med seksjon for cold case i Kripos og vi ønskjer igjen å ta ei ny runde på om nokon kan ha tips som kan bidra til at sakene vert oppklara, skriv politiadvokat Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

Politijurist Yngve Skovly ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Politijurist Yngve Skovly ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Sjølv om åra har gått, har vi fått tips i sakene, og politiet håpar framleis at det kan vere nokon der ute som sit på informasjon som dei ikkje har vore i kontakt med politiet om.

– Er du usikker på om det er informasjon som er relevant, la politiet vurdere det, er den klare oppmodinga frå politiadvokat Skovly.

Politiet har tidlegare fått stadfesta at det er same DNA-profil i begge sakene, og dermed same gjerningsmann.

Det har tidlegare blitt gjennomført ei omfattande DNA-screening for å finne ut av kven som har utført ugjerningane. Dette arbeidet er nå gjenoppteke.

Dei som no blir kontakta av politiet med spørsmål om å gi frå seg DNA-prøve har ikkje mistanke retta mot seg. Via denne elimineringsprosessen håper politiet å kunne oppklare sakene.

Publisert 18.11.2024, kl. 10.51 Oppdatert 18.11.2024, kl. 11.04

Read Entire Article