Politiet legg ned eit forbod mot ferdsel langs delar av Saltdalselva i Nordland.
Det er på grunn av store vassmengder og pågåande høgspentarbeid som følge av is-proppane fredag.
Ferdselsforbodet gjeld for Saltdalselva på strekket Medbykrysset, til jernbanebrua ved Saltnes.
– Publikum må halde seg vekke frå dette området, då det kan innebere fare å ferdast der slik situasjonen er no. Forbodet gjeld frå no og til annan beskjed blir gitt, skriv operasjonsleiar June Strans Jensen i politiet.
Tidlegare idag blei fartsgrensa sett ned frå 80 kilometer i timen til 50 kilometer i timen. I nærleiken går det ein kommunal tursti som folk ofte brukar å til å vandre i.
– I nedre del av elva, litt lengre ned enn Os, har det løysna heilt opp. Eg var der igår og såg og der var det heilt fint. Der renn elva fritt, men litt lenger ned mot Saltnes der som elva renn ut, der er det tett.
Det seier Robert Jentoft, som bur i kommunesenteret Rognan, ikkje langt unna Saltdalselva.