Politiet brukte ein halv million på kost og losji under prinsessebryllaupet

2 weeks ago 14



Bryllaupsfeberen har lagt seg både i Ålesund og Geiranger.

Det var i slutten av august at prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett feira bryllaup tre dagar til ende. Festen starta i Ålesund og blei avslutta med eit stort bryllaup i Geiranger.

Og med over 300 gjester, både kongelege og kjendisar, måtte politiet bidra for at alt skulle gå sikkert for seg.

Minst ein halv million i kostnader

I ei pressemelding opplyser no politiet i Møre og Romsdal nokre av kostnadane dei hadde knytt til bryllaupet.

Ifølge politiet manglar framleis ein del av dei samla kostnadane. Det dei veit per no er at dei har utgifter på rundt 500.000 kroner for mat og overnatting i Geiranger. I tillegg har dei rundt 50.000 kroner i materiellkostnader for oppdraget i sin heilskap.

Politiet opplyser at størsteparten av utgiftene deira er knytt til at dei måtte ha personell til stades i Geiranger heile helga. Det blir det naturlegvis buutgifter av, seier dei.

politioverbetjent, Hans Martin Gridseth

Stabssjef i Møre og Romsdal politidistrikt, Hans-Martin Gridseth.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Dei som kjenner Geiranger veit at avstandane ikkje legg til rette for pendling. Det har vore viktig for oss å planlegge best mogleg for våre tilsette, slik at oppdraget blir løyst så smidig som mogleg og belastninga minimal, forklarar stabssjef i Møre og Romsdal politidistrikt, Hans-Martin Gridseth.

– Kva vi trur totalkostnadane kjem på, ønskjer vi ikkje å spekulere i og forheld oss til sluttsummen når den er klar, seier stabssjefen.

Gav eit estimat på tre millionar

Politiet sitt oppdrag under bryllaupsfesten var i hovudsak knytt til gjestane som hadde krav på å bli beskytta, og å sikre deira deltaking slik at dei fekk ei trygg og god oppleving.

Sikkerheita knytt til arrangementa elles, låg til arrangøren.

I tillegg låg det også til politiet sine arbeidsoppgåver å vareta orden- og trafikktenestene. Det var venta at det ville vere mykje folk i Geiranger under bryllaupet.

Politiet opplyser vidare at dei tidleg i prosessen undersøkte moglegheitene om ei sentral finansiering med Politidirektoratet.

Dette skjedde på eit tidleg tidspunkt i planlegginga. Då gav politiet eit estimat på inntil tre millionar kroner.

– Årsaka var at dette ville vere eit ekstraordinært oppdrag for politidistriktet, men vi har likevel, gjennom heile planleggingsfasen, vore førebudde på å dekke kostnadane innanfor våre eigne rammer, opplyser Gridseth.

Usikkert kor mykje det vil koste

Vidare seier politiet at det vil ta noko tid før dei har den endelege oversikta over kostnadane knytt til oppdraget.

– Det er per i dag, ein vesentleg del av kostnadsbildet som ikkje er klart, og det vil det ikkje vere før rekneskapsføringa er klar. Det gjeld heilt konkret lønnskostnadar, som er den største utgiftsposten knytt til oppdraget. Det er forventa klart i midten av oktober.

Politiet i Møre og Romsdal brukte i hovudsak eige personell under bryllaupsfeiringa.

– Ved at vi nyttar eige personell medfører ein auke i lønnskostnadar, ikkje berre for sjølve helga då vi gjennomførte oppdraget, men også i ei viss tid før og etter, seier Gridseth.

Samtidig vektlegg han at ein føresetnad for å bruke personell frå eige distrikt har vore å sikre nødvendig beredskap for innbyggarane i heile politidistriktet; før, under og etter arrangementet.

Vil ikkje kommentere detaljar

Også politiet sin sikkerheitsteneste (PST) hadde ei sentral rolle under den tre dagar lange bryllaupsfeiringa.

Kongehuset har ei eiga livsvaktteneste, Den kongelege politieskorten, som har vore ein del av PST sidan 2022.

Under bryllaupet såg NRK sine journalistar at Pst var delaktig i å transportere prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett mellom fleire lokasjonar.

Seniorrådgivar i PST, Eirik Veum, seier følgjene om saka.

– PST ønskjer ikkje å kommentere detaljar rundt vårt oppdrag på Sunnmøre, korleis vi utførte oppdraget eller kva tiltak som blei sett i verk. PST, gjennom Den kongelege politieskorte, løyste arbeidsoppgåvene på vanleg vis.

Eirik Veum, PST

Seniorrådgivar i PST, Eirik Veum.

Foto: Marius Christensen / NRK

Han seier vidare at Den kongelege politieskorte utfører livvakt- og nærsikringsoppgåver for kongehuset og medlemmer av kongefamilien.

– Dette er personar som har behov for sikkerheit basert på trusselvurderingar, seier Veum.

PST vil ikkje svare på alle spørsmåla frå NRK i denne saka.

Dei svarer mellom anna ikkje direkte på spørsmål om PST yter tenester ovanfor heile kongefamilien, og kva vurderingar dei gjer med tanke på personar som står kongefamilien eller kongehuset nær, utan å direkte vere ein del av det.

Publisert 19.09.2024, kl. 10.14 Oppdatert 19.09.2024, kl. 10.39

Read Entire Article