Özlem fekk beskjed om at ho hadde spontanabortert – var framleis gravid

1 month ago 24



– Korleis kunne dei ikkje sjekke noko som helst?

Özlem Demirkol Tønnesen er gravid i sjuande veke då ho brått får kraftige blødingar medan ho er på jobb.

Sjokkert hastar ho til legevakta, og ektemannen Tord Demirkol-Tønnesen kjem etter. Saman ventar dei fire timar før dei får kome inn.

– Eg fortel legen kva som har skjedd. Ho svarar at sidan eg er sju veker på veg, så er det truleg ein spontanabort.

Legen seier det er trist, men at spontanabort er veldig vanleg i første trimester. Vanlegvis ordnar kroppen opp i det fysiske på eiga hand. No er det viktig at ho går heim og kviler.

Vil ta blodprøve

Legen nemner at ho kan ta ei samanliknande blodprøve, for å påvise at hormonnivået minkar og at det faktisk er ein spontanabort.

– Men dei seier at det eigentleg ikkje er naudsynt.

Özlem vil gjerne ta blodprøva uansett.

Etter mange timar på legevakta går Özlem og mannen heim.

Dei første dagane er overskygga av frykt. Eg er redd, for eg har aldri hatt så kraftige blødingar før, og eg lurer på kva som skjer med meg.

Det er først etter ei stund sorga kjem. Ho kjenner seg meir og meir ubrukeleg.

– Eg hadde på meg jeans dagen blødingane kom. I lang tid etterpå begynner eg å grine berre eg ser buksene i skapet.

Nærbilde av at Özlem Demirkol Tønnesen og mannen held hender

Dei første dagane etter blødingane haldt Özlem seg mest heime, i frykt for at det skulle skje igjen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Fekk ikkje svar

Özlem har stått på venteliste for fastlege i Bergen sidan april 2023, då ho og mannen flytta frå Oslo til Bergen. Ho må difor ta neste blodprøve på Bergen helsehus.

Når det har gått ei veke, ringer ho fastlegen sin. Özlem synest det er vanskeleg å gå på jobb og vil be om sjukemelding. I tillegg kan ho få resultata etter blodprøvene.

– Legen gir meg sjukemelding. Men han meiner at resultata frå blodprøvene ikkje spelar noko rolle.

Det viktigaste er at Özlem ikkje har feber og at ho er frisk, seier fastlegen på telefonen.

I løpet av dei første vekene kontaktar ho både helsehuset og fastlegekontoret fleire gongar for å få prøveresultata. Helsehuset kan gje ho den eine prøva, men den var ubrukeleg utan den andre.

21. juni 2024

ÖT

Özlem Demirkol Tønnesen:Hei,

Eg tok blodprøver førre veke på Bergen legevakt for hCG-nivå og eg vil finne ut resultata. Kan du sjekke? Eg trenger ikkje konsultasjon, og vil berre finne ut skilnaden mellom dei to testane.

27. juni 2024

CA

Carl Berner legekontor AS:Hei,

Vi har desverre ingen svar her hos oss. Venlligst ta kontakt med Bergen legevakten.

Mvh Carl Berner legekontor

Carl Berner legekontor fortel NRK at dei fekk prøvesvaret frå Bergen legevakt via post, først ein månad etter prøva blei tatt. Prøveresultatet frå Bergen helsehus har dei aldri fått.

Til slutt gir Özlem opp å få tak i resultata. Ho tenker at ho må stole på det helsepersonellet har fortalt ho: At det var ein spontanabort.

– Du vil ikkje gå inn i eit falskt håp og tru på at du framleis er gravid, når alle legane rundt deg seier at du har spontanabortert.

Lei og sint

Ho forsøker å halde fram med kvardagen. Ho blir med på sommarfest, et sushi og drikk sjampanje.

Men ho er slapp, kvalm, bekymra og uroleg. I tillegg til sorga ho ber på, kjenner ho dagleg på kvalme og andre graviditetssymptom.

– Jordmora mi fortel meg at hormona og symptoma kan henge igjen litt, men at dei går over etter eit par veker.

Özlem Demirkol Tønnesen sit ved kjøkkenbordet med ein kopp te og ser ut i lufta

Etter tre veker med graviditetssymptom begynte Özlem å tvile på seg sjølv og lure på om ho innbilte seg symptoma.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Då Özlem går inn i den tredje veka med graviditetssymptom, begynner ho å bli lei. Og sint.

– Eg er ekstremt sint på alle som er involvert i mi omsorg. For korleis kunne dei ikkje sjekke noko som helst? Kvifor får eg ikkje ultralyd? Kva om noko er igjen?

Özlem og mannen vil vere trygge på at Özlem si fysiske helse er i orden og få eit endeleg svar på kva som har skjedd.

Utan fastlege i Bergen veit dei ikkje kvar dei kan vende seg. 1. juli går dei til privat gynekolog.

Ho lyttar til meg. Ho tek ultralyd. Skjermen kjem på. Og der er babyen. Ti veker og fem dagar, som er akkurat så gammal den skal vere!

Ultralydbilde

Fosteret i magen var ti og ei halv veke, heilt friskt og er venta til neste år.

Foto: Privat

Özlem sin situasjon er ikkje uvanleg

Andrea Skaarer Kreutz er dagleg leiar i stiftelsen Amathea, ei landsdekkande helseteneste med oppfølgingstilbod før, under og etter abort. Ho blir ikkje overraska over Özlem si historie.

Andrea Skaarer Kreutz

Andrea Skaarer Kreutz, dagleg leiar i stiftelsen Amathea.

Foto: Amathea

– Det er veldig sjeldan ein får tilbod om utgreiing for å avkrefte eller bekrefte at det faktisk er ein spontanabort i første trimester.

Betyr det at ein eigentleg må finne ut av det på eiga hand?

– Ja, svarer Kreutz.

Ho er heller ikkje veldig overraska over at det eine prøveresultatet har forsvunne i systemet.

– Det skal jo ikkje skje, men vi høyrer at det skjer.

Dersom ein faktisk får bekrefta at det er ein spontanabort, så sørgar heller ikkje systemet for at ein får svar på kva som har skjedd, eller vidare oppfølging.

– Ein må gjennom tre spontanabortar før ein blir tilvist til utgreiing i Noreg i dag, seier Kreutz.

Mange spørsmål og behov, men få svar

Ifølgje Folkehelseinstituttet er det om lag 83 000 svangerskap i Noreg kvart år. Av desse endar 17 prosent i spontanabort. Det betyr at om lag 14 110 kvinner går gjennom ein spontanabort kvart år.

Stiftelsen Amathea er dagleg i dialog med kvinner som opplever dette. Kreutz fortel at dei som opplever ein spontanabort ofte har mange spørsmål og behov for oppfølging.

– Dei lurer på kva som skjer med kroppen, kva dei har gjort eller ikkje gjort og korleis dei skal gå inn i ein eventuell ny graviditet.

Mange går også gjennom ein sorgprosess og trenger hjelp til å handtere tankar og kjensler.

Lovde betre oppfølging i 2020

Hanne Charlotte Schjelderup, politisk leiar i Jordmorforbundet NSF, meiner at oppfølginga etter abort er for dårleg i Noreg.

– Vi har ingen nasjonal prosedyre på korleis ein skal handtere ein spontanabort. Så det blir tilfeldig, ut frå kven du kontaktar og kva undersøkingar som blir gjort.

Ein spontanabort bør verifiserast med gynekologisk undersøking, ultralyd eller blodprøve. Og paret bør bli kalla inn til ei samtale med jordmor dersom dei har behov for det, seier Schjelderup.

Hanne Charlotte Schjelderup

– Vi har ein del å gå på når det gjeld kvinnehelse i Noreg, seier Schjelderup.

I 2020 fatta Stortinget vedtak 713, som sa følgande:

«Stortinget ber regjeringa sikre at alle som går gjennom ein spontanabort, får tilbod om oppfølging frå helsepersonell.»

– Det er nok dessverre berre eit papirvedtak, seier Schjelderup.

Dersom ein skal ha eit tilbod der kvinner kan få abortoppfølging, krev det meir ressursar i helsevesenet, både på sjukehusa og i kommunane, meiner ho.

– Det har ikkje vore noko ekstraløyvingar over statsbudsjettet til dette. Så vi har ikkje sett noko forandring, verken i fagmiljøet eller for kvinnene.

Departementet meiner systemet er godt

Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen i Helse- og omsorgsdepartementet synest det er synd at Özlem har opplevd ei svikt i helsehjelpa og seier at det ikkje skal vere slik.

Men ho er ueinig i at det ikkje har skjedd endringar etter vedtaket i 2020.

– Vi har styrka basisfinansieringa av fastlegetenesta, sånn at kvinner i fertil alder skal få ei betre oppfølging.

Ho trekk også fram at stiftelsen Amathea får statsstøtte til arbeidet med oppfølging, og at det finnast informasjon om spontanabort på ung.no og helsenorge.no.

Det er ifølgje Rønning-Arnesen ingen konkrete planar om å utbetre systemet for oppfølging ved spontanabort.

– Systemet er godt. Men det er alltid gjennomføringa som vi må bli enda flinkare på i hele helsetenesta, seier ho.

Etterlyser eit betre system

Özlem og Tord skildrar heile opplevinga som ei berg og dal-bane.

– Først var vi berre sjokkerte, seier Özlem om besøket hos privat gynekolog.

Tord fortel at dei først ser eit foster i magen, og trur at noko er igjen etter spontanaborten.

– Så skrur ho på lyden, og vi høyrer hjarteslaga, seier Tord.

Özlem Demirkol Tønnesen og Tord Demirkol-Tønnesen sit i sofaen heime

Özlem og Tord er lukkelege over at dei framleis ventar sitt første born, men håpar at andre slepp å gå gjennom det same som dei har opplevd.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Dei fortel om ei overveldande lukke, men også andre kjensler.

– Det var ei blanding av sinne, over prosessen og at svangerskapet måtte bli slik. Men også lukke, sjølvsagt.

Özlem ønskte å klage på oppfølginga ho har fått, men fortel at ho ikkje kan finne ein passande måte å klage på.

Ho er ikkje sint på enkeltpersonar, men på systemet.

– Så lenge vi ikkje har skikkeleg system på plass, så kan vi ikkje halde nokon ansvarlege, seier ho.

Hei!

Har du tankar, innspel eller tips om fastlegeordninga eller helsevesenet? Då vil eg gjerne høyre frå deg!

Publisert 22.08.2024, kl. 17.26

Read Entire Article