Silje (26) fjerna blindtarmen og blei ufør

2 hours ago 2



– Eg gruer meg veldig no. Det er berre rettssak i hovudet heile tida.

Silje sit i sofaen med beina i skreddarstilling for å slappe mest mogleg av i magen. I handa held ho eit smerteapparat som er kopla til fleire elektrodar på kroppen. Med jamne mellomrom trykker ho på knappen og gir seg sjølv små støytar for å lindre smertene.

– I sju år har eg høyrt at smertene ikkje gir meining, at det ikkje er mogleg å ha så vondt etter ein blindtarmoperasjon. Det er slitsamt å heile tida kjempe for å bli trudd, seier ho.

Nærbilete av handa til Silje, som held smerteapparatet ho brukar dagleg.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Silje går sakte over golvet for å hente eit glas vatn. Det er ikkje så mykje meir ho klarer å bere.

– Ein kilo blir altfor tungt, for eg bruker magemusklane rundt skaden på ein slik måte at det skaper ekstreme smerter, forklarer ho.

Nokre dagar orkar ho å lage seg frukost og bere tallerkenen bort til sofaen. På gode dagar kan ho treffe venner. På dårlege dagar må ho halde senga.

No kjempar ho ein kamp ho verken veit om ho orkar, eller vinn.

Nærbilete av augo til Silje

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Ho har saksøkt staten for å få erstatning etter blindtarmoperasjonen som gjorde henne 100 prosent ufør.

Viss ho vinn, kan ho bli tilkjent millionar.

Viss ho taper, kan ho bli sittande igjen med ei kjemperekning.

– Det er veldig skummelt. Eg hadde aldri klart det utan mamma og advokaten min, seier ho.

Ein heilt rutinemessig operasjon

For Silje starta denne historia rett før russetida. Ho var 18 år og sjonglerte skole, trening og deltidsjobb. Silje hadde planar og drøymer om framtida, som alle andre tenåringar.

– Eg hadde ikkje heilt bestemt meg for kva eg ville bli, men eg ville studere. Kanskje fotojournalistikk i Danmark. Eg ville i alle fall ut og reise, seier Silje.

Sånn blei det ikkje.

Silje sit på ein benk på kjøkkenet. I handa held ho ein tekopp som ho lenar på ei pute på fanget

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Ein kveld ho las til eksamen, fekk ho akutte magesmerter.

Legane mistenkte blindtarmbetennelse og same natt blei ho trilla inn på operasjonsbordet. Med tre små snitt i magen blei blindtarmen fjerna ved hjelp av kikholskirurgi.

Det er ein rutinemessig operasjon som blir gjennomført tusenvis av gonger i året på norske sjukehus, men for Silje blei operasjonen starten på eit mareritt.

– Legane sa smertene ville gå over, men det gjorde dei ikkje. Det er sju år sidan og framleis heilt likt, seier ho.

I dag bur Silje framleis heime og er heilt avhengig av hjelp for å klare kvardagen.

Nærbilete av Silje som held ein tekopp ved sidan av lesebrettet ho brukar til å lese bøker.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Draumen om studium i utlandet er lagd bort for godt.

– Det var tungt å sjå at alle andre gjekk vidare, mens livet mitt stoppa opp, seier ho.

Etter blindtarmoperasjonen blei Silje send til tallause undersøkingar og behandlingar, i ulike forsøk på å fjerne smertene. Ingenting hjelpte. Etter kvart kunne helsevesenet berre tilby smertelindring og smertemeistring.

Portrett av Silje som ser inn i kameraet

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Noka forklaring på kva som skjedde den natta blindtarmen blei fjerna, har ho aldri fått.

– Det er ingen som innrømmer at det har skjedd ein feil, eller seier at smertene kjem frå operasjonen. Det er veldig frustrerande, seier ho.

I åra etter operasjonen har ho vore hos ulike legar, fysioterapeutar og behandlarar, for eiga rekning. Ho bruker over åtte tusen kroner i månaden på behandlingar som gjer det litt lettare å leve med smertene.

Kampen for erstatning

Silje har brukt mykje tid på å bestemme seg for om ho skulle gå til rettssak eller ikkje.

Om ho orka. Om ho hadde råd.

I podkasten «På innsida av domstolen» følger NRK Siljes kamp for erstatning.

I tre dagar blir Siljes sjukehistorie bretta ut og analysert i rettssal 257.

Vi høyrer steget til dommaren lenge før døra går opp. Alle reiser seg.

Silje tar tak i bordkanten, og legg vekta på det eine beinet.

Så står ho framfor dommaren som har makt til å endre livet hennar.

– Rett før rettssaka var eg livredd. Mamma måtte halde meg i hendene fordi eg skalv så mykje, fortel Silje.

Silje tar plass i vitneboksen og fortel korleis livet blei endra over natta.

– Eg jobba og hadde eit stort fritidsliv. Nå trengde eg hjelp til alt. Bere ting, lage mat og vaske håret, fortel Silje.

Så er det mammas tur til å vitne. Ho har tatt opp ein video av Silje som retten skal få sjå.

På ein storskjerm ser vi Silje hyle av smerte mens ho stabbar seg mot sofaen i si eiga stue.

Kvifor filma du? spør Siljes advokat Janne Larsen.

– Eg filma henne fordi eg opplever at Silje ikkje blir tatt på alvor, forklarer mor hennar.

På motsett side av Silje sit advokaten til staten med sine sakkunnige. Seinare skal dei vitne om kvifor dei ikkje trur dei sterke smertene kjem frå blindtarmoperasjonen.

Så er alt opp til tingrettsdommaren. Har Silje krav på erstatning?

Jente sit i lenestol med beina i ein annan stol framfor ein PC-skjerm i ein rettssak

Illustrasjon: Kjersti Lofthaug / NRK

Det tronge nålauget

Dei siste åra har stadig fleire søkt om pasientskadeerstatning.

Rundt 70 prosent av alle som søker får avslag, viser tal frå Norsk pasientskadeerstatning.

Det fekk Silje òg. Først fekk ho avslag på søknaden og så på klaga.

Da er siste moglegheit å gå til retten.

Advokaten til staten, Bianca Reichelt, forklarer kvifor staten meiner Silje ikkje har krav på erstatning.

– For å ha krav på erstatning må det som hovudregel har skjedd ein feil under behandlinga. Det skjedde ikkje med Silje. Ho kom inn med ein alvorleg sjukdom og har fått god helsehjelp i tråd med gjeldande retningslinjer, seier ho.

Bianca Reichelt meiner Silje har vore uheldig og fått ein sjeldan, men kjent komplikasjon.

Ho presiserer at det ikkje er risikofritt å la seg behandle.

Men skal ein akseptere å bli så skadd av ein rutinemessig blindtarmoperasjon?

Nei, meiner advokat Janne Larsen. Ho har vore Siljes advokat sidan den første søknaden om erstatning blei sendt for over fem år sidan.

– Eg trur dei fleste ser på ein blindtarmoperasjon som eit bagatellmessig lite inngrep, med liten risiko. Skal ein verkeleg tole å bli uføretrygda og ikkje få erstatning? Eg synest det er urimeleg, seier ho.

Jente med mørkt hår sit i ein stol i ein rettssal ved sidan av advokat med svart kappe

Illustrasjon: Kjersti Lofthaug / NRK

Unntaket

Janne Larsen har spesialisert seg på pasientskadesaker, og meiner staten tolkar lova altfor strengt.

Ho viser til ein unntaksregel som ho meiner gir Silje rett til erstatning.

I pasientskadelova står det at ein kan ha krav på erstatning dersom skaden er særleg stor og uventa.

– Silje var frisk og rask, og hadde svært låg risiko for komplikasjonar. No er ho så å seie lenka til heimen etter eit heilt rutinemessig inngrep. Det er etter mitt skjønn ingen tvil om at dette er ein særleg stor og uventa skade, seier ho.

Men det er svært få som får erstatning etter denne føresegna.

Dei siste ti åra har berre 28 personar fått erstatning etter unntaksregelen etter å ha klaga på vedtaket frå Norsk pasientskadeerstatning. Rettssystemet har halde oppe den strenge tolkinga av lova.

Sidan 2006 har Høgsterett behandla åtte rettssaker som gjeld unntaksregelen. Ingen av pasientane har vunne fram.

– Det skal ekstremt mykje til for å få erstatning etter denne føresegna, seier Bianca Reichelt.

Ho legg til at det ville blitt svært kostbart viss staten skulle vere objektivt ansvarleg for alle komplikasjonar som oppstår utan at det har vore feil eller svikt ved behandlinga.

Sigeren i tingretten

Nokre veker etter rettssaka er dommen klar.

Silje smiler når ho tenker tilbake på augeblinken som ho kjem til å hugse for alltid.

– Eg knakk heilt saman da advokaten min sa at vi vann. Eg hadde ikkje tort å tru på at vi kunne vinne over staten. Men det gjorde vi, ler ho.

I dommen står det at Silje blei operert i tråd med god medisinsk praksis. Det var ingen svikt i behandlinga, men unntaksregelen gir henne likevel rett til erstatning.

«Det kan ikkje vere lovgivars meining at idet ein person verkeleg har behov for helsehjelp, så har ein i praksis akseptert all mogleg risiko for at det kan gå gale, og at det berre skal vere aktuelt å yte erstatning ved behandling av meir bagatellmessige helseplager. Det vil neppe heller vere i tråd med den allmenne rettskjensla, som jo er grunngivinga for at unntaksregelen finst», heiter det i dommen.

For Silje var dommen ein enorm lette.

– Eg blei høyrd og trudd, smiler ho.

Men gleda blei kortvarig. Få veker seinare kom beskjeden om at staten ankar.

Saka går vidare til lagmannsretten.

Ein rettssal uten menneske

Illustrasjon: Kjersti Lofthaug / NRK

– Staten er ein mektig motpart

– Det er lovgivarane som har bestemt at vi skal ha ein streng praksis, seier advokaten til staten, Bianca Reichelt. Ho presiserer at dette ikkje handlar om å tru på Silje eller ikkje. Det handlar om korleis lova skal praktiserast.

– Staten meiner dommen er feil og i strid med praksis frå Høgsterett. Det er derfor staten ankar, seier Bianca Reichelt.

Siljes advokat er ikkje einig.

– Etter mitt syn er denne typen skade i kjerneområdet for denne føresegna og eg kan ikkje forstå at staten anka denne saka, seier Janne Larsen.

Snart møtest partane til ein ny runde i retten. Da skal lagmannsretten avgjere om Silje fell innanfor eller utanfor unntaksregelen.

Siljes mamma stikk hovudet inn gjennom døra for å sjekke at ho har det bra.

– Treng du noko Silje? Skal eg hente noko til deg?

Etter sju år i kampmodus tærer det på kreftene.

– Staten er ein mektig motpart. Det er David mot Goliat, sukkar mora.

Silje er heilt klar på at ho aldri hadde klart denne kampen utan mamma.

– Eg er veldig heldig som har mamma som hjelper meg. Både praktisk og økonomisk, seier ho.

Silje sit på ein turbenk nær Oslomarka, kort veg frå ein parkeringsplass.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Ein livsviktig kamp

Dei har allereie brukt mange hundre tusen kroner på advokatutgifter og sakkunnigvurderingar. Kva rekninga blir til slutt er det foreløpig ingen som veit. Viss Silje taper i lagmannsretten blir det ho som må betale heile rekninga.

Er ho sikker på at det er verd det?

– Viss eg vinn, vil det endre livet mitt. I dag får eg for eksempel ikkje bustadlån som ufør. Ein siger i retten vil gi ei økonomisk sikkerheit for framtida som eg ikkje har i dag. Men for meg handlar dette først og fremst om å bli høyrt og trudd, seier ho.

Om ikkje lenge skal ho i retten for andre gong i sitt liv. Ho håpar at det blir den siste.

– Denne kampen har gjort meg sjukare og set livet mitt på vent. Akkurat no tenker eg at staten aldri kjem til å gi seg. Men det orkar eg ikkje tenke på no, seier ho.

No har ho meir enn nok med å samle krefter til fire nye dagar i retten.

– Sist var eg så nervøs og kjente meg så liten og dum. No er eg meir mentalt førebudd. Eg veit at det blir slitsamt, men eg veit også at eg kan klare det.

Ho har allereie fått ein siger i retten, det gir krefter til å kjempe for ein til.

– Dommaren trudde på meg. Den kjensla er så grunnleggande at eg uansett har fått den bekreftinga eg trong. Livet mitt er sant.

Read Entire Article