Det var få ledige seter i rettssalen i ankesaka som handla om ein 124 år gamal handel.
Dei mange frammøtte var ikkje tilskodarar – men saksøkarar.
Spørsmålet var like enkelt som det var vanskeleg:
Skulle bedriftseigaren som bur på ein anna kant av landet ha det meste av friområdet og storkaia, eller kunne andre grunneigarar også bruke den?
Følte seg ærekrenka i avisa
Det gamle fiskeværet Søre Bjørnsund på romsdalskysten hadde i ei årrekke vore plaga med konfliktar.
For tre år sidan var to av partane involvert i ei anna spektakulær rettssak:
Bedriftseigaren og ein nabo hadde sett opp avanserte videokamera, som blant anna filma ein badeplass. Da leiaren av velforeininga omtalte det som ulovleg filming i lokalavisa, blei han saksøkt for ærekrenking.
Leiaren for velforeininga blei da frikjend.
Kai og leikeplass
I saka som tysdag starta hadde rundt 30 grunneigarar gått saman mot bedriftseigaren.
Han hadde blant anna sett opp fleire skilt på storkaia med teksten «privat». Der har gjestar gjerne lagt til med båtane sine. Hustadvika kommune trua da eigaren med tvangsmulkt om han ikkje fjerna skilta, noko kommunen seinare gjekk bort frå.
Rettssaka gjaldt også bruken av fleire fellesområde på øya, blant anna med fotballbane og leikeplass.
– Det er ikkje greitt at enkeltpersonar på Bjørnsund skal få terrorisere miljøet her ute på alle moglege vis, slik det blir gjort i dag. Eg ber kommunen om å ta grep i saka, skreiv ein eigar av fritidsbustad til Hustadvika kommune sommaren 2023.
I februar konkluderte jordskifteretten med at mesteparten av storkaia var eigd av bedriftseigaren, og at andre ikkje hadde bruksrett til den. Sjølv om mange hadde trudd dette – og til dels praktisert det.
Jordskifteretten konkluderte også ved hjelp av den 124 år gamle kjøpskontrakten at bedriftseigaren eigde det eine av to «fellesområde» på øya. At øyfolket hadde hatt årlege dugnadar og brukt pengar vedlikehald av vegane/stiene og friareal, hadde ikkje noko å seie, ifølge dommen, som altså blei anka.
Krangla om kloakk
– Eg har ikkje gjort anna enn det andre gjer, nemleg verne om eigedomsretten min. Eg har sett opp skilt på eigedomen min, og ikkje på den offentlege delen av kaia, har bedriftseigaren tidlegare uttalt til Romsdals Budstikke.
Faren hans kjøpte ei bygning på storkaia i 1979.
– Eg har aldri nekta nokon å leggje til. Men eg vil ha moglegheit til å legge til på mi eiga kai når eg treng det, presiserte han til avisa.
Til NRK i dag er han opptatt av at det er viktig å klargjere eigedomsgrensene på øya.
– Det er veldig viktig å få den einigheita på plass, for at øyane ikkje skal bli øydelagde, seier han.
Han vil i dag ikkje kommentere noko om den omtalte kamerasaka.
Konflikten for hans del starta for alvor i 2013, da fleire hyttefolk ville ha kloakkreinsing. Men bedriftseigaren sette foten ned for å ha delar av anlegget på det han meinte var sin eigedom.
– Ja, eg sa at det var dumt å legge ned ein liten tank, når me må leggje ned ein tank som kan dekke behovet for øya. Eg var også bekymra for at stank ville møte besøkande, seier han i dag. Naboane meiner han motarbeider kloakkanlegg.
Slaveriet for fiskarane
I ankesaka var ei kjøpekontrakt frå september i år 1900 sentral. Da var nemleg systemet med mektige fiskeværeigarar avvikla, og «slaveriet for fiskarane blei oppheve», ifølge eit eldre skriv som blei lese opp.
Men kontrakten, som var på 7000 kroner, la grunnlag for usemja som dei siste åra har splitta idyllen på øya.
Advokatane på begge sider las opp eldgamle skriv om alt frå opne sildekummar, vedlikehald av veg, dugnad på brønnlokk og opprusting av storkaia – for å vise eller avvise at kaia og friluftsområdet var til felles bruk.
Dommen er venta før jol.
Publisert 14.11.2024, kl. 05.14 Oppdatert 14.11.2024, kl. 08.55