Over 32.000 toginnstillingar visest ikkje i statistikken

12 hours ago 2



Forseinkingar, innstillingar og buss for tog er blitt velkjente omgrep for norske togpassasjerar.

Per i dag finst det to statistikkar hos Bane Nor som fortel om eit tog er i rute:

  • Punktlegheit måler kor stor del av toga som kjem til endestasjonen i rute.
  • Regularitet måler kor stor del av dei planlagde avgangane som blei gjennomført utan å bli innstilt.

Men det er nokre tal som ikkje kjem fram i denne statistikken.

VG omtalte først korleis Bane Nor held trafikkmeldingane ute av nyheitsbiletet.

Over 32.000 heil- og delinnstillingar

Tal NRK har henta inn frå Bane Nor viser at så langt i år har i tillegg mange tusen tog vore innstilte på grunn av planlagde arbeid i sporet:

  • 23.775 persontog heilt innstilte
  • 8712 tog delvis innstilte

Tog som er heilt eller delvis innstilt på grunn av planlagt arbeid på jernbanen er ikkje rekna med i statistikken for punktlegheit og regularitet fordi dei ikkje er ein del av det planlagde rutetilbodet på jernbanen.

Det opplyser Anne Kirkhusmo, presseansvarleg i Bane Nor.

Alle desse planlagde innstillingane for å arbeide i sporet, kjem i tillegg til innstillingar som er uplanlagde og oppstår akutt.

Når det oppstår eit akutt avvik så tel det med i statistikken vår i form av at det blir mange innstillingar som går utover regulariteten, forklarar Kirkhusmo.

presseansvarlig, Bane Nor

– Me er sjølvsagt opptekne av at folk skal oppleva at dei har tillit til at toget går når det skal, seier Kirkhusmo.

Foto: Harry Korslund / Bane Nor

Dette kan vere plutselege hendingar som ekstremvêr, ras, kvikkleireskred, feil i IT-systemet hos Bane Nor som til dømes kan ramme trafikken. Nokre gonger i heile landet.

Målet for regularitet er på 97 prosent. Så langt i år ligg den på 93.9 prosent.

Men for oktober til no er regulariteten berre på 85,5 prosent.

Kor punktleg er tog på norsk jernbane?

Heller ikkje når det gjeld punktlegheit for dei toga som faktisk går, når ein målet.

Så langt i oktober er berre 63,4 prosent av toga i rushtida i Oslo i rute. Det er mykje lågare enn målet på 85 prosent.

Informasjonskjerm som viser at flere tog er innstilte

Informasjonsskjerm som viser at fleire tog er innstilt. Og at det blir buss for tog.

Grafikk: BANENOR

Det er ikkje tilfredsstillande, og vi forstår veldig godt at kundane heller ikkje er nøgd med tilbodet slik som det har vore i haust, seier Marius Holm

Marius Holm, konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Vy

– Vi er frustrert over at infrastrukturen i Noreg har mange oppståtte feil som gjer at vi må innstille tog uventa, seier Holm.

Foto: Tom Balgaard

Han er konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Vy.

For persontog i heile landet er antal tog i rute nede i 78 prosent for oktober i midten av månaden.

For heile året fram til no ligg talet på 87,1 prosent. Målet er 90 prosent punktlegheit.

– Vi forstår veldig godt at det er frustrerande når toget ikkje kjem og går når det skal, og vi jobbar kvar dag saman med dei andre aktørane i sektoren for at jernbanen skal bli meir påliteleg, seier Kirkhusmo.

Forklaringa frå Bane Nor på dei dårlege oktober tala er at gjenopning av Hovudbanen var forsinka. Fleire tog måtte dermed køyre gjennom Romeriksporten. Det gav tett trafikk og forseinkingar på fleire tog i perioden.

I tillegg har det vore mykje vedlikehaldsarbeid på sentrale strekningar som har ført til fleire kritiske saktekøyringar forbi pågåande arbeider ved sporet, til dømes på Østfoldbanen.

Holm meiner den største utfordringa for jernbanen i Noreg er uvisse.

– At ein ikkje er trygg på at ein kjem seg dit ein skal, seier han.

Tilliten frå kundane vert dårlegare

Sidan kvikkleireskredet ved Nesvatnet i Levanger i slutten av august har ikkje SJ Noreg køyrt tog nord for skredet. Halve Trønderbanen og Nordlandsbanen køyrer ikkje tog.

Rikke Lind foran en buss

– Stortinget må forsikre seg om at det er nok pengar til at det blir eit togtilbod ein kan stole på i 2026, seier Lind.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Rikke Lind, administrerande direktør i SJ Noreg opplyser at dei toga som går hos dei har bra punktlegheit. Men mykje innstillingar skaper dårlegare tillit frå kundane som ikkje kjem om bord.

– Tilliten frå kundane blir jo dårlegare. Toget går ikkje når det skal, eller det kjem kanskje ikkje fram. Ein blir usikker, og utrygg. Tog er ein del av infrastrukturen vår og ein del av beredskapen. Det at vi ikkje har eit togtilbod å stole på, er dårleg for Noreg og dårleg for den enkelte kunde.

SJ Noreg har vore råka av fleire hendingar siste året.

To gravemaskiner jobber ved jernbanebrua på Otta i Gudbrandsdalen som er stengt, men snart åpner Dovrebanen igjen.

To gravemaskiner jobbar ved jernbanebrua på Otta tidlegare i år. Den var stengt omtrent 2,5 månad pga. skader etter is danning og mykje vatn i elva.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Det har ført til mykje buss for tog. Dei er svært klar over at det ikkje er noko kundane liker.

Dykk har hatt over 5000 heil- og delinnstillingar hittil i år, kva syns du om det?

Altfor mange. Til kundane vil eg berre si beklagar. Det er ikkje slik vi vil ha det. Vi ønsker at toga skal gå når de skal og komme fram i tide. Og det er for mange innstillingar på grunn av infrastruktur i hovudsak, seier Lind.

Bane Nor må ta vare på Infrastrukturen. Den må tole vêr og vind, meir vatn, meir regn og meir vind legg ho til.

Bilete viser korleis jord har brøyta seg gjennom skog og over vegen i Verma. Like ved ligg den gamle togstasjonen.

Ras i Romsdalen i sommar ramma Raumabanen.

Foto: Knut Inge Orset, Statens vegvesen

Vil måle antal forsinka passasjerar

Jernbanedirektoratet ser på å lage det dei kallar «passasjerpunktlegheit».

– I dag er det slik at vi måler forsinka tog. Det vi skal gjere no det er å måle forsinka passasjerar. Då vil vi sjå skilnad på om toget var fullt eller tomt når det kom for seint til stasjonen, seier Jan Frederik Geiner.

en mann i dress

Det er rundt 250 000 passasjerar som dagleg reiser med tog Austlandet, ifølge Jernbanedirektoratet. Talet dekker reisande frå Halden, Skien, Kongsberg, Gjøvik, Lillehammer og Kongsvinger – inn, ut og gjennom Oslo.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Han er avdelingsdirektør for kunnskapsgrunnlag, innsikt og berekraft i Jernbanedirektoratet.

Kva vil det hjelpe mot?

– Vi trur det vil hjelpe oss med å sette inn tiltak meir målretta. Der kor det er flest passasjerar som blir ramma av forseinkingar, seier Geiner.

Han fortel at dei skal få målt antal passasjerar gjennom sensorar på toga. Men og ved hjelp av maskinlæring.

– Vi bruker maskinlæring for å måle kor mange passasjerar som blei forsinka når eit tog er forsinka til stasjonen sin.

Jernbanedirektoratet satsar på å få tatt i bruk den nye målemetoden frå nyttår.

en gruppe mennesker som venter på et tog

Togpassasjerar på Oslo S.

Foto: Tom Balgaard / NRK

– Men alt det her er jo minst eitt år fram i tid. De er ikkje redd for at de mister tilliten til toga medan de ventar?

– Vi håpar å oppretthalde tilliten. Tog er ei god reiseform, særleg i rush. Det er ikkje mange gode alternativ. Og vi håpar at kundane har det tolmodet som skal til for at vi får gjort dei grepa som vi veit vil virke for å gjere reisekvardagen betre for folk, avrundar Geiner.

– Vi er opne for å diskutere måtar å måle punktlegheit på, seier Kirkhusmo frå Bane Nor.

Publisert 29.10.2025, kl. 19.25 Oppdatert 29.10.2025, kl. 19.31

Read Entire Article