Ordføraren i Istanbul Ekrem Imamoglu er pågripen, skulda for korrupsjon. Det melder Reuters.
Nyheitsbyrået siterer TV-kanalen CNNTurk på at Imamoglu også er skuldra for å leie ein kriminell organisasjon, mutingar, og for å hjelpe terrororganisasjonar.
NetBlocks Internet Monitor rapporterer at Tyrkia har avgrensa tilgangen til fleire sosiale medium etter pågripinga.
Imamoglu er Erdogans viktigste politiske motstandar.
Trakk tilbake universitetsgrad
Universitetet i Istanbul sa tysdag at dei hadde trekt tilbake universitetsgraden til Imamoglu, melder Reuters.
Grunngivinga var at graden hadde uregelmessigheiter ved seg.
Dette skjedde berre dagar før partiet CHP skulle velje sin presidentkandidat.
Ifølge nyheitsbyrået kan ikkje Imamoglu stille som presidentkandidat utan universitetsgraden.
Imamoglu sjølv kalla avgjersla ulovleg, og at han ville utfordre dette jurdisk.
Dette stiller seg i rekka av jurdiske grep mot Erdogangs opposisjonelle.
Publisert 19.03.2025, kl. 06.45 Oppdatert 19.03.2025, kl. 06.59