Opplysningar til NRK: Skal ha blitt valdtatt av Høiby i eigen heim

2 days ago 8



Tidleg tysdag morgon opplyste politiet at dei har utvida siktinga mot Marius Borg Høiby.

Han blei pågripen på nytt måndag kveld.

Politiet opplyste at dei har sikta Høiby for å ha «seksuell omgang med nokon som er bevisstlause eller av andre grunnar er ute av stand til å motsette seg handlinga».

NRK får opplyst at hendinga skal ha skjedd heime hos den fornærma kvinna klokka åtte om morgonen ein dag i mars i år.

Det var VG som meldte dette først.

Prinsesse Ingrid Alexandra på festforestilling for Elvebakkens Vg3-elever

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Høiby sjølv nektar straffskuld for dette forholdet har forsvararen Øyvind Bratlien sagt.

Ifølge politiet skal valdtekta ha skjedd utan samleie.

– Ho har det tøft

Det var politiet som meldte forholdet etter å ha etterforska dei andre siktinga mot han.

– Ho har det tøft og det er tungt, sa kvinna sin bistandsadvokat Hege Salomon tidlegare i dag:

Marius Borg Høiby ble pågrepet av politiet slo

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Ho har ikkje søkt offentlegheitas lys. Ho kjente ikkje den sikta eller dei andre fornærma i denne saka før hendinga som er omtalt i pressemeldinga. Og ho ønsker å vere skjerma, seier Hege Salomon.

Høiby skal tilbringe natta på sentralarresten på Grønland i natt etter pågripinga av han. Om han blir heldt varetektsfengsla, blir avgjord onsdag.

Høiby er no sikta for truslar, vald, vald i nære relasjonar, brot på besøksforbod, skadeverk, og valdtekt. Det er fem fornærma i saka.

Utvida siktinga til vald i nære relasjonar

Ikkje berre blei siktinga mot Høiby utvida til valdtekt, men og til å gjelde vald i nære relasjonar mot den fornærma etter hendinga på Frogner i august i år.

Denne kvinna var saman med Marius Borg Høiby i ein bil då han blei pågripen måndag.

– Eg har sett det kome ein periode at siktinga kjem til å bli utvida. Min klient er informert, og ho har ikkje hatt noko spesielle kommentarer til det, seier kvinna sin bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen.

Mette Yvonne Larsen

Mette Yvonne Larsen er bistandsadvokaten til ei av dei fornærma i saka.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / Magnus Skatvedt Iversen / NRK

Grunnen til at siktinga er utvida er på grunn av at Høiby og kvinna har vore sambuarar. Dei har ikkje noko kjæresterelasjon no, men dei har hatt avgrensa kontakt, seier Larsen.

Ifølge NRKs opplysningar skal dette handle om fysisk og psykisk vald. Den fysiske valden skal ha bestått av lugging, dytting, kvelartak og han skal ha spytta henne i fjeset.

Mette Yvonne Larsen vil ikkje kommentere desse opplysningane.

Det var TV 2 som meldte dette først.

– Alvorlege anklagar

NRK møtte Kronprins Haakon i Jamaica i dag. Der er han for tida på reise som goodwill-ambassadør for FNs utviklingsprogram (UNDP).

– Det er alvorlige anklagar som Marius no står overfor. I dag tenker vi sjølvsagt på alle dei berørte.

Kronprinsen sa han hadde tillit til at politiet og rettsvesenet gjer jobben sin i saka.

– Eg skulle gjerne vore heime saman med Mette i dag. Eg saknar henne.

– Visste kronprinsen om pågripinga?

– Vi blei ikkje forhandsvarsla.

Slottet har ikkje ønska å kommentere den nye pågripinga av Høiby i dag.

Publisert 19.11.2024, kl. 22.44 Oppdatert 19.11.2024, kl. 22.55

Read Entire Article