Opplever seksuell trakassering etter truse-opprøret: – Eg blir sint og frustrert

2 hours ago 2



– Det er jo ofte småkommentarar frå publikum. Vi får slengt etter oss at det er tullete at vi spelar i shorts og singlet, for nå er det ingen som kjem til å sjå på strandhandball lenger, seier Ine Grimsrud.

Ho spelar på det norske strandhandballandslaget. Og var i 2021 med på det opprøret mot Det europeiske handballforbundet (EHF).

Dei norske kvinnene nekta å følgje påbodet om å spele i bikinitruser. Og seinare same året fjerna EHF kravet om å bruke truser. No spelar kvinnene i ein tettsittande shorts.

Ine Grimsrud

TRAKASSERING: Strandhandballspelar Ine Grimsrud (i midten) har opplevd seksuell trakassering på kroppen. Masterstudent Janine Børkeeiet (t.h.)) og landslagsspelar Jul Didrik Hvidsten Hansen (til venstre)

Foto: Jørn Tveter, NRK

– Stirring og blikk

Men fokuset på kropp, kler og utsjånad har framleis ikkje stoppa innan sporten, som blir spelt på sand og gjerne under sol og blå himmel i nærleiken av ei strand.

Ei ny undersøking utført av masterstudenten Janine Børkeeiet ved Noregs idrettshøgskole i Oslo viser oppsiktsvekkande funn.

Spørsmåla er sendt ut til 153 landslagsaktuelle spelarar frå Noreg, Sverige og Danmark.

Totalt 42 spelarar, 24 kvinner og 18 menn, svarte på undersøkinga. Av dei 42 utøvarane var 14 frå Noreg, 13 frå Sverige og 15 frå Danmark.

Av dei 24 kvinnene som har svart på undersøkinga, seier nesten halvparten (45,8 prosent) at dei har opplevd seksuell trakassering i strandhandball. To av dei 18 spurde mennene seier at dei har opplevd seksuell trakassering i strandhandball, og totalt for begge kjønn vil det sei ein av tre.

Til samanlikning seier 29,8 prosent av dei spurde kvinnene at dei har opplevd seksuell trakassering utanfor idretten, 5,6 prosent av mennene og totalt 19 prosent for begge kjønn.

– Det er høgast førekomst av seksuelle lada blikk og stirring. Men også seksuelle kommentarar på kropp og legning, seier Børkeeiet til NRK.

– Eg blir sint og frustrert når eg høyrer det, seier Ine Grimsrud.

Heile 95 prosent rapporterte at dei hadde opplevd kroppspress generelt i forbindelse med strandhandball.

Og det som overraska studenten mest var kven som utførte den seksuelle trakasseringa.

Janine Børkeeiet

STUDENT: Janine Børkeeiet har skrive masteroppgåve om seksuell trakassering i strandhandball.

Foto: Jørn Tveter, NRK

– Undersøkinga viser at 75 prosent av trakasseringa kjem frå publikum på stadion. Det hadde eg ikkje trudd, seier Børkeeiet.

– Bygger opp eit sinne inne i deg

Ine Grimsrud opplevde hetsen på kroppen etter ein kamp for Noreg.

– Vi var i Spania. Det var det ein frå publikum som ropte til oss. Då bygger det seg opp eit sinne inne i deg. Det er ikkje moro å høyre ufine kommentarar.

Kva ropte personen?

– Han ropte at det ikkje var noko vits å sjå på strandhandball lenger når vi ikkje spelte i truser. Det var difor han såg på oss, seier Grimsrud.

Trio fra handballforbundet

TRIO: Noregs handballforbund vil jobbe med haldningar blant publikum, ifølge Julie Aspelund Berg (i midten), strandhandballansvarlig i handballforbundet.

Foto: Jørn Tveter, NRK

Det er spesielt kvinnelege utøvarar som opplever seksuell trakassering. Men også menn, viser undersøkinga.

– Det overraskar meg dessverre ikkje, seier Jul Didrik Hvidsten Hansen, også han på landslaget i strandhandball.

Sjølv om bikinitruse-påbodet er oppheva, er det framleis klesreglar i sporten.

– Det har nok mykje med «uniforma» og draktene som spesielt jentene må bruke. Det er framleis strenge reglar for korleis både shorts og singlet skal sitje i forhold til kroppen. Det er spesifisert at det skal vere tettsittande. Eg trur mange utøvarar framleis føler på ubehag, seier Hvidsten Hansen.

Vil ha nulltoleranse

Svært få utøvarar som opplever seksuell trakassering, varslar om hendinga viser oppgåva til masterstudenten.

Hos det norske handballforbundet tek dei masteroppgåva på alvor.

– Vi er fornøgd med at vi demonstrerte i 2021. Men vi ser tydelege teikn på at det ikkje er bra nok. Det handlar framleis om at vi må skape tryggleik. Vi må skape betre haldningar og verdiar blant dei som ser på idretten, der dei fleste kommentarane kjem, seier Julie Aspelund Berg, strandhandball-ansvarleg i handballforbundet.

Ine Grimsrud vil setje foten ned.

– Eg synest det skal vere meir nulltoleranse for ufine kommentarar og utsegn. Når det kjem folk bort til deg og seier at du burde heller spelt i truser, då kjenner eg at det er på tide og seie ifrå at nok er nok, seier Ine Grimsrud.

Publisert 25.11.2024, kl. 16.26

Read Entire Article