Omkamp om omstridd klatresti på ikonisk fjell

2 weeks ago 11



Striden om klatreløypa opp Hornelen, «Nord-Europas høgaste sjøklippe», spissar seg til ytterlegare.

I juli blei eit kommunalt vedtak om å stenge klatrestien for allmenn ferdsel annullert av staten fordi det ikkje var aktuelt å «innskrenke allemannsretten».

Natt til måndag fekk saka ei ny omdreiing da ein «sliten og medtatt» turist blei redda ned frå klatreløypa etter å ha sete fast i meir enn åtte timar.

Det var den andre redningsaksjonen i fjellveggen på kort tid.

erg

Frontane er like steile som fjellveggen etter at Hornelen vart pynta med ei klatrerute.

Foto: Sunnmøre Alpine Redningsgruppe.

– Vi gjer lurt i å tenke tryggleik først

Kommunen har fleire gonger gjort eit poeng av at den tilrettelagde stien kan lokke folk opp i fjellveggen som ikkje har føresetnader for å vere der.

– Denne stien er den brattaste eg veit om. Eg trur vi gjer lurt i å tenke tryggleik først, seier Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde.

I eit forsøk på å unngå nye situasjonar med «uvedkommande» i fjellveggen varslar kommunen ein ny reguleringsplan som gjer at stien berre kan brukast i følge med godkjent klatreguide.

Vi reknar med at det vil bli i orden før nyttår, seier ordføraren til Firdaposten.

Ho får støtte at mannen som leidde redningsaksjonen natt til måndag:

– Det er det glade vanvitet at alle som vil kan klatre i denne løypa, seier politimannen til Fjordenes Tidende.

– Allemannsretten er viktig, men her trengst fornuftig regulering.

Kommunen går til nytt skritt for å stenge klatresti som staten insisterer at skal være åpen for alle.

Natt til måndag fekk saka ei ny omdreiing da ein «sliten og medtatt» turist blei redda ned frå klatreløypa etter å ha sete fast i meir enn åtte timar.

Foto: Sunnmøre Alpine Redningsgruppe

Den «heilage» norske allemannsretten

Allemannsretten er rekna som eit norsk adelsmerke, og forsøk på innskrenking skaper automatisk oppstandelse blant norske friluftsorganisasjonar.

Noregs klatreforbund meiner det må vere opp til kvar enkelt turgåar å ta ansvar for eiga sikkerheit – og at ein «formyndarstat» som tar val på vegner av andre ikkje samsvarer med norske friluftstradisjonar.

Det viktigaste kommunen kan gjere for å fremje sikkerheita er å skilte med god informasjon om kva turgåaren kan forvente, seier forbundet.

Juridisk sett er fri ferdsel i utmark og gratis tilgang til natur nedfelt i friluftslova, og kommunar kan ikkje avgrense ferdselsretten på grunn av farleg terreng.

Då det blei innført forbod mot fallskjermhopping i Trolltindane (Rauma), måtte det til dømes ein ny lov til for å få heimel for dette.

Retten kan innskrenkast med heimel i lov, og det finst nokre heimlar for dette i friluftslova, men dei opnar etter vårt syn ikkje for stenging av store friluftsanlegg som her, seier assisterande statsforvaltar i Vestland, Gunnar O. Hæreid.

olav tryggvason

NO BIG DEAL: Olav Tryggvason skal ha klatra rett opp fjellveggen med skjoldet festa på ryggen.

Illustrasjon: Erik Werenskiold

Klage til departementet

Statsforvaltaren skal vareta nasjonale interesser, og har vore på kollisjonskurs med Bremanger kommune om jernstien i fleire år.

Hæreigd seier at «hovudgrunnen» til at dei i sommar overprøvde kommunen er fordi området er regulert som eit allment friluftsområde.

Dersom reguleringsplanen vert endra for heile eller delar av området, kan det få verknad for ferdselsretten, seier han.

Bremanger Eigedom AS og Hornelen Via Ferrata AS har klaga på vedtaket til Statsforvaltaren. Det betyr at saka er oversend departementet, som vil konkludere innan 10. desember.

Stein Tronstad

NKF

Stein Tronstad, president i Noregs klatreforbund.

- Akkurat som på vanlege klatreruter vil den som vel å gå ein via ferrata sjølv vere ansvarleg for si eiga sikkerheit og sjølv måtte vurdere eigne ferdigheiter, utstyr og tilstanden til anlegget. Det viktigaste kommunen og anleggssigeren kan gjere for å fremje sikkerheita er å skilte med god informasjon om kva ein kan forvente og kva som krevst for ein tur opp via ferrataen på Hornelen.

Maylinn Stomperud

Den Norske Turistforening

Maylinn Stomperud, fagsjef for naturforvaltning i DNT

– Vi er glade for at Statsforvaltaren har gripe inn. Dette er eit unikt fjellområde og vi meiner sikkerheitskrav bør varetakast og løysast på andre måtar enn å stenge allmenta ute. Vi oppfordrar derfor til å sjå til Via Feratta Loen og andre stadar i landet, der via feratta-rutene er opne for dei som har ferdigheiter til å nytte seg av dei.

Odd Magne Øgreid

NRK

Odd Magne Øgreid, Klatreforbundet

- Vi er fornøgde med Statsforvaltarens vedtak og ville blitt svært overraska dersom utfallet blei annleis, da lovteksten er heilt tydeleg på kva kommunen kan og ikkje kan gjere. Grunngivinga for å oppheve stenginga er grundig og viser at ein kan ikkje utan vidare sperre av eit område med fri ferdsel, og gjere det om til eit område der nokon skal ha ekslusiv rett til å drive næringsverksemd.

Publisert 17.09.2024, kl. 15.54

Read Entire Article