Oline (1) blei angripen av ørn – sat aleine på legevakta i ein time

2 weeks ago 16



Sist laurdag blei Oline på 1,5 år angripen av kongeørn medan ho og dei to eldre søskena leika ute på gardsplassen heime.

– Eg høyrde eit rop – eit sånt rop som beskriv at no går det gale. Og når eg snur meg ser eg ei ørn som rett og slett held Oline nedi bakken.

Det seier Tonje Jakobsen, mor til Oline. Ho hamna i ein kamp mot ørna for å få ho til å sleppe taket om hovudet til dottera.

En person holder klørne til en kongeørn opp mot kamera. Personen har oransje hansker på og hvit frakk.

Kongeørna blei avliva etter at ho angreip og sette klørne inn i bakhovudet på Oline.

Foto: Norsk institutt for naturforskning

Eg hadde ikkje sjanse til å få klørne laus. Eg kjente berre at dei for lengre inn, seier Tonje.

Men til slutt slapp ørna taket og dei fekk tilkalla ambulanse. Då blei dei køyrde til legevakta i Orkdal kommune, der mor og dotter blei vist til eit rom dei kunne vente på.

Sat aleine i ein time

Her blei Oline og Tonje sittande aleine i ein time før den vesle jenta fekk hjelp.

– Me blei fortalde at det skulle komme lege etter kvart, men det tok ein time, forklarar mora.

Til slutt kom det ein lege inn til dei to og sende bilete av skadane til Oline til ein barnelege på St. Olavs hospital.

Tonje Jakobsen

Tonje Jakobsen, mor til Oline, seier det var tøft å vente aleine med dotter si på å få hjelp.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Og då kom kontrabeskjeden – Oline måtte til sjukehuset i Trondheim og leggast i narkose.

– Det var eit nytt sjokk då me hadde sete der i ein time, seier Tonje.

– Hadde eg ikkje vore i sjokk, så hadde eg ikkje gått inn på legevakta. Då hadde eg kravd at me skulle bli tatt med til sjukehuset når det er hovudskadar frå ei ørneklo.

For sidan det hadde gått så lang tid begynte Tonje å tenke at det kanskje ikkje var så farleg det som hadde skjedd med dottera.

Beklagar at det tok lang tid

På legevakta i Orkdal kommune seier dei at det blei tatt vurderingar av skadane til Oline på bakgrunn av ei overlevering frå ambulansepersonellet.

Men me beklagar at det har tatt såpass lang tid, og det ønsker me å forbetre.

Det seier kommunalsjef for helse og meistring i Orkland kommune, Anders Jystad.

– Det er ei legevakt og alle som er her har eit akutt behov. Då gjer me faglege vurderingar ut frå prosedyrar på kven som får hjelp først og ikkje, legg han til.

Anders Jystad, kommunalsjef for helse og mestring i Orkland kommune.

Kommunalsjef for helse og meistring i Orkland kommune, Anders Jystad, seier deira fremste prioritering er å vareta familien og Oline.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Er ikkje eit barn som har blitt angripen av ørn og fått klørne inn i bakhovudet ein akutt skade?

– Jo, absolutt. Det er heilt forferdeleg det som har skjedd. Og så er det samstundes noko me er ganske uvande med. Det er noko som me ikkje har høyrd om på veldig mange år, om me i det heile tatt har høyrd om det. Men me vurderer skadane ut frå den vurderinga som er gjort hos ambulansen og så handterer me det deretter, svarar Jystad.

Kan det ha skjedd ein kommunikasjonssvikt i eit eller anna ledd?

Ja. Me vil undersøke alle dei bakanforliggande forholda her, så den mogelegheita held me open, seier kommunalsjefen.

Hovudregel å sende pasientar til legevakta

I ein e-post til NRK seier Christoffer Strøm, avdelingssjef for AMK og pasientreiser ved St. Olavs hospital, at hendinga blei vurdert til å vere eit hasteoppdrag.

Dette inneber at ambulansen rykker ut umiddelbart, men utan bruk av blålys, legg han til.

Han skriv vidare at ambulansepersonellet gjennomførte undersøkingar og vurderte Oline sitt behov for helsehjelp.

– Basert på deira funn og vurderingar blei det bestemt at pasienten skulle fraktast til legevakt for vidare vurdering.

Ole Marius Vormdal, Tonje Jakobsen og Oline (i midten)

Ole Marius Vormdal, Tonje Jakobsen og Oline (i midten). Tonje seier det følast trygt å vere ute på gardstunet der ørna gjekk til angrep på Oline, men at familien framleis slit psykisk.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Strøm skriv at det også er hovudregelen at pasientar skal vurderast av ein legevaktlege.

– Unntak kan bli gjort viss det er behov for rask undersøking eller behandling som berre kan utførast på sjukehus av spesialisthelsetenesta.

– Me har forståing for at dette har vore ein krevjande situasjon for pasient og pårørande, skriv han til slutt.

Kommunalsjefen i Orkdal seier dei vil undersøke i samarbeid med St. Olavs hospital om det finst forbetringspunkt dei saman kan kome fram til.

– Oline har det bra fysisk

Oline måtte leggast i narkose for at legane skulle få undersøke såra etter kongeørna skikkeleg. Og heldigvis gjekk det bra med den vesle jenta.

– Me har hatt kjempeflaks og det har gått bra. Men det visste me jo ikkje då. Det var jo ein grunn til at dei ville legge ho i narkose, seier mora.

Oline og hønene heime på garden.

Ørna gjekk til angrep på Oline og ikkje hønene heime på gardstunet på Svorkmo.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

I ettertid har Tonje tenkt mykje på kva som kunne ha skjedd.

Enn viss skaden i bakhovudet gjekk gjennom kraniet. Men ville de da sett noko anna i ambulansen? Det kan jo hende, det veit ikkje vi, da. Men det blir jo som man blir litt skremt.

Men hendinga har sett ein støkk i Oline og resten av familien.

– Det er den psykiske biten me slit mest med. Oline har det bra fysisk, men det er ein del åtferdsendringar. Ho reagerer litt på stress enno og ho er litt på vakt, rett og slett.

– Eg håper andre slepp å sitte ein time aleine på legevakta etter noko sånt, seier Tonje til slutt.

Publisert 18.09.2024, kl. 09.31

Read Entire Article