Olav Thon er død, 101 år gammal. Det melder Olav Thon Gruppen sjølv i ei pressemelding.
«Det er med stor sorg vi i dag har motteke bodskapen om at Olav Thon er gått bort. Han vart 101 år gammal», står det i meldinga.
Olav Thon hadde næringsinteresser i eit breitt spekter, og var i mange år ein av dei rikaste personane i Noreg.
– Ein stor mann har gått bort
Eitt av kjenneteikna hans det siste tiåret var ei raud strikkalue, som han begynte å gå med fordi han fraus på hovudet.
Han hadde blant anna næringsinteresser innan reiseliv, varehandel og eigedomsbransjen. Gjennom Olav Thon Gruppen gjorde han store investeringar. I 2013 blei alt samla i Olav Thon Stiftelsen, som er morselskapet i Olav Thon-konsernet.
Advokat John Christian Elden har vore god venn av Thon gjennom fleire år. I ein kommentar til NRK, skriv Elden at ein stor mann har gått bort.
- Han har vore pleia med kjærleik frå kona Sissel og har halde ut lenger enn nokon kunne forvente. Vi har avtalt vår årlege julemiddag om eit par veker, og alle gleda seg. Legenden vil leve vidare, sa Elden.
Starta med skinnhandel
Thon blei fødd 29. juni 1923 i Ål i Hallingdal på familiegarden Søndre Thon. Planen var at han skulle studere medisin, men andre verdskrigen sette ein stoppar for studium i utlandet.
Han starta i staden oppdrett av pelsdyr på garden, og skinnhandel i Hallingdal. Han reiste etter kvart til hovudstaden, der han opna pelsbutikk då han var 18 år.
I 1950 gjorde Thon si første investering i eigedom i Oslo, som blei starten på karrieren som investor. Thon Eiendom leiger blant anna ut butikklokale, lagerplassar, leilegheiter og kontorlokale i Noreg og Sverige, men også fleire andre land.
Satsa på hotell
I 1974 kjøpt Thon Hotel Bristol i Oslo, som blei starten på investeringar i reiselivet. 15 år seinare etablerte han hotellkjeda Rainbow Hotels. Målet var å tilby rimeleg overnatting ved sentralt plasserte hotell.
Utover 1990- og 2000-talet kjøpte selskapet opp hotell i Noreg og fleire stader i Europa. I 2005 bytte kjeda namn til Thon Hotels.
I 2020 eigde kjeda over 70 hotell i Europa.
Delte ut pengar
Olav Thon var glad i naturen, og i 1990 etablerte han ei stifting som hadde som mål å støtte Den Norske Turistforening og fremje turar i fjellet. Pengane frå stiftinga blei blant anna brukt til å bygge, innreie og halde ved like hytter, og til merking og vedlikehald av rutenett.
I 2013 samla Thon store delar av formuen si i Olav Thon Stiftelsen, som gir bort pengar til velgjerande og samfunnsnyttige formål. Kvart år deler dei ut fleire millionar kroner til forskingsprosjekt, institusjonar og personar.
Stiftinga er også morselskapet i konsernet, og forvaltar alle aksjeselskapa Thon var med å bygge opp.
Publisert 16.11.2024, kl. 13.44 Oppdatert 16.11.2024, kl. 13.59