Nytt radarpar: Norske Henrik fann internett–fenomenet i Kenya

1 month ago 221



«Nitauimba Wimbo» («Eg syng») heiter låten som Maombi Samson laga video på og som på kort tid gjekk viralt over heile verda.

Det har nærast vore umogleg å ikkje sjå ein eller fleire versjonar av låten i sosiale medium.

Kor mange delingar gospel-country-låten har hatt er nærast umogleg å telje, men det er uansett snakk om millionar av visningar.

Blant anna på Samson sin eigen Youtube-kanal.

No har den norske influensaren Henrik Borg vore på tur til Kenya for å møte sin store helt – og saman har dei gitt ut ein ny versjon av låten.

– Eg pugga swahili og lærte meg songen før eg la den ut på TikTok første gongen, fortel Borg på telefon frå Sverige der han bur.

Henrik Borg og kona

Henrik Borg øvde mykje på låten

Foto: privat

Flaug for å finne artisten

Han la det ut på TikTok og over natta hadde han fått 50.000 følgjarar frå Kenya.

– Kenya har litt same syndrom som Noreg, med ein gong Noreg blir nemnt i utlandet, så blir jo nordmenn heilt ville. Same gjeld kenyanarar òg. Så det var jo ikkje så veldig vanskeleg.

Men etter kvart bestemte Henrik Borg seg for å gjere meir ut av dette.

For eit par veker sidan sette han og ein kompis seg på flyet til Nairobi for å finne den kenyanske artisten.

Men det skulle vise seg å bli vanskelegare enn dei trudde på førehand.

Henrik Borg på svensk P3

Henrik Borg fortel den elleville historia om turen til Kenya på svensk P3.

Foto: P3.se

Blei lurt

For det viser seg at den Maombi Samson dei har avtalt med slettes ikkje er den rette Samson!

Henrik Borg og kompisen har blitt lurt, dei er djupt inne i Kenya og gode råd er dyre.

– Vi tenkte jo at det kom til å bli ei god historie uansett, så vi fekk tak i ein taxi som køyrde oss på humpete grusvegar til Masai Mara. Der fann vi oss ein lodge med gin/tonic og basseng, fortel Borg og ler.

Der la dei ut innhald om at dei var på jakt etter den ekte Maombi Samson – og ganske raskt fekk dei kontakt via TikTok.

– Folk går mann av huse og taggar han i det vi legg ut.

Maombi Samson og Henrik Borg i Nairobi

Gleda var stor då Maombi Samson og Henrik Borg møttes i Nairobi.

Foto: privat

Møttest i hovudstaden

No går ting kjapt.

Dei avtaler å møtes i Nairobi, hovudstaden i Kenya. Maombi Samson set seg i ein taxi saman med broren.

– Vi møtes i Nairobi, eg har fiksa han presidentsuiten på hotellet. Det var utruleg kjekt å møte han endeleg, fortel Borg.

Dagen etter spelar dei inn innhald til ein ny video saman og blir samde om å gje ut den nye versjonen av låta på Spotify.

– Han er ein superhyggeleg fyr. Vi lo masse saman og prata om familieliv og hadde det veldig gøy.

NRK har ikkje fått nokon kommentar frå Samson sjølv.

Men i eit intervju med ein kenyansk TV-kanal fortel han om musikken.

– Reisa mi til countrymusikken er inspirert av Gud. Eg finn sjelefred av dette, seier Samson.

Henrik Borg synger med country-artisen Maombi Samson i en video han la ut på Instagram.

Henrik Borg / Instagram

Skal til Tromsø

No er det ei veke sidan Henrik Borg kom tilbake til Uddevalla. Og no ventar nye, spennande samarbeid med Samson.

Via Borg er han nemleg alt booka til å spele på Tromsø countryfestival 12. juli.

– Kona mi er høggravid då, men han framfor 10.000 folk i Tromsø må eg jo få med meg, seier Borg.

– Skal du på scena sjølv?

– Det kan eg nok garantere!

Maombi Samson til Tromsø countryfestival

Samarbeidet mellom Henrik Borg og Maombi Samson gjer at han no skal til Noreg.

Foto: Skjermdump / NRK

Publisert 10.02.2025, kl. 17.27

Read Entire Article