«Nynorsk-triks» kan blåse liv i norske verft

1 month ago 18



Frostrøyken dansar over Tomrefjord, som ei påminning om kor store verdiar som står på spel.

Ein ny fregatt kostar opp mot 12 milliardar kroner.

Om han blir bygd i Noreg, så vil delar av kontrakten hamne her – ved Vard Langsten i Tomrefjord.

På toppen har Menon Economics rekna ut at «Forsvarsløftet» kan gi ringverknadseffektar til ein verdi av 85 milliardar kroner.

Føresetnaden er at 28 krigsskip blir bygde i Noreg.

For å få opp aktiviteten og øve muskelen ved norske verft har derfor utgreiingsseksjonen på Stortinget undersøkt kor kreativ staten kan vere utan å komme på kant med EU-kravet om fri konkurranse.

Blant tiltaka som blir drøfta er strengare krav til skriftspråk.

Utreiarane siterer ei undersøking som viser at andelen nasjonale tildelingar gjer eit hopp frå 53 til 83 prosent om båtbyggarane blir «tvinga» over på eit ukjend språk.

Raudt-representant Sofie Marhaug meiner rapporten gir dekning for eit radikalt forslag:

Eit «språktriks» der båtbyggarar i alle land må finne seg i å levere anbod på nynorsk.

Kvifor ikkje? Det gjer at sjansen for at vi får fleire oppdrag til skipsverfta på Vestlandet vil auke mykje, seier ho.

Ho legg til:

Utgreiinga viser at andre land tar seg store fridommar på dette området. Da kan vi gjere det same.

vard-langsten-tysdag

VARD LANGSTEN: Frankrike har tidlegare prøvd å gi konkurransefordelar til eigen verftsindustri ved å reservere utlysinga til dei som snakkar fransk (omtalt som «Clause Molière»).

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Nynorsken si kraft er stor

Eit gamalt ordtak langs kysten seier at kvar jobb på verftet skaper fem andre jobbar i omlandet.

I tråd med den gamle devisen ønsker regjeringa at offentlege byggeoppdrag innanfor maritim sektor i størst mogeleg grad hamnar hos norske verft.

Aleksander Øren Heen (Sp) i næringskomiteen på Stortinget seier «nynorsken si kraft er stor» og at det vil vere «svært gledeleg om vi kan setja krav om målform i innkjøpsprosessane».

– Det skal investerast mange milliardar i Forsvaret i åra framover, og vi må sikre at mest mogleg av dette skjer i Noreg. Om nynorsken kan bidra til dette, så vil det vere ein ny dimensjon, og noko eg vil utforske.

Babels tårn

I bibelen gjer Gud eit radikalt og disruptivt språkgrep når bygginga av Babels tårn blir for nærgåande. I dag er det Raudt og Senterpartiet som vil bruke språket som eit industripolitisk instrument.

Illustrasjon: Pieter Brueghel den eldre (1525-1569)

Oppdrag hamna på nederlandske hender

NRK har tidlegare vist korleis 14 offentlege byggeprosjekt «forsvann» til utanlandske verft i perioden 2017–2021.

Problemet er at politisk vilje, juss og bedriftsøkonomiske prinsipp ikkje alltid speler på lag, symbolisert ved millionskipet til Havforskingsinstituttet.

I 2020 vedtok Stortinget ei støtteordning for å hjelpe verftsindustrien gjennom koronakrisa. Eit av tiltaka var at Havforskingsinstituttet skulle bygge eit nytt skip til 110 millionar kroner

Tiltaket stod under overskrifta «Tiltak for auka aktivitet og sysselsetting – få folk tilbake i jobb».

Ikkje desto mindre hamna oppdraget på nederlandske hender.

Havforskingsdirektør Sissel Rogne sa dei gjorde kva dei kunne for at kontrakten skulle hamne i Noreg, men at EU-reglane kom i vegen.

Havforskningsdirektør Sissel Rogne

– Eg skal love deg at vi undersøkte handlingsrommet. Vi har gjort det som stod i vår makt, sa havforskingsdirektør Sissel Rogne da koronaoppdraget hamna i Nederland.

Foto: Erlend Astad Lorentzen / HI

Smart å stille krav om nynorsk

Standpunktet mitt er sjølvsagt at nynorsk kan brukast overalt og til alt. Eg trur det vil vere både eit smart og interessant politisk grep å stille krav om nynorsk eller bokmål som kontraktspråk, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Om EU aksepterer det, er ei anna sak.

Arbeidarar ved bedrifta Bauta i Hjørungavåg

Det er brei politisk vilje til å vere tettare på bygginga av krigsskip etter ein serie «fregattskandalar» dei siste åra. Sidan Noreg bestilte fem fregattar ved eit spansk verft i 2003 har problema stått i kø på grunn av manglande reservedelar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Stortingsrepresentant for Høgre, Liv Kari Eskeland, kallar språkdiskusjonen ei avsporing frå det som tel: «gode rammevilkår i form av skattenivå, tilgang på kvalifisert arbeidskraft og innovasjonskraft».

Det er så mange KI-robotar som kan omsette språk, at eit nynorsk-krav ikkje vil vera ei hindring for spanske leverandørar, seier ho.

Ho legg til at fleire norske verft har engelsk som arbeidsspråk.

Det sikrar felles forståing og god kommunikasjon, og at verfta er i stand til å levere til utlandet.

  • Marhaug

    NTB

    Sofie Marhaug, stortingsrepresentant for Raudt

    Sjansane for at vi får fleire oppdrag til skipsverfta på Vestlandet, enten det er Stord eller Sunnmøre, ville auka stort med eit nynorsk-krav. I tillegg til at krav om språk, miljø og HMS tilseier at oppdraga bør falle til Noreg, er det gode sikkerheitspolitiske argument for å ha nasjonal kontroll over desse oppdraga. Vi kan ikkje la marknadskreftene overstyre sikkerheita.

  • Frode Sund

    NHO Sjøfart

    Frode Sund, direktør i NHO Sjøfart

    Det finst mange gode grunnar til å støtte opp om norsk verftsindustri, men eg trur det bør leitast etter betre verkemiddel enn språkkrav i kontraktar. Med KI og utbreiing av billige, lett tilgjengelege omsettingstenester, trur eg denne typen krav vil vere meir eit irritasjonsmoment enn ein reell barriere for utanlandske verft.

  • Kaski

    William Jobling / NRK

    Kari Elisabeth Kaski, stortingsrepresentant for SV

    Noreg har ein verftsindustri i verdsklasse som vi må sikre at beheld konkurransekrafta si. Dersom språkkrav kan bidra til å styrke moglegheitene deira til å vinne oppdrag, er vi ikkje negative til det. Samtidig er det avgjerande å sette norske verft i stand til å levere låg- og nullutsleppsskip. Det vil gi verfta eit konkurransefortrinn som vil vere gull verdt i tida som kjem.

  • Kine Asper Vistnes

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Kine Asper Vistnes, nestleiar i Fellesforbundet

    Vi har vore mest opptatte av at klimakrav skal vektast høgare, at fylkeskommunane skal ha god kompetanse til å gjere anskaffingar, at gode lønns- og arbeidsvilkår skal vere til stades og at det blir stilt strenge krav til HMS. Men viss krav om bruk av norsk som kontraktsspråk kan sørge for at fleire av oppdraga hamnar på norske verft, så la oss prøve det!

  • Hugo Strand

    Hugo Strand, direktør i bransjeorganisasjonen Norske skipsverft

    Det er andre verkemiddel som er meir effektive for å bidra til meir norsk skipsbygging enn språkkrav. Sjøforsvaret må bygge alle overflatefartøya ved norske verft, også nye fregattar. Eg er forundra over at norske politikarar ikkje bruker meir tid og midlar på tiltak overfor ei næring som faktisk verkar, men i staden «gir bort» milliardar til batteriproduksjon og havvind.

  • Stål Heggelund

    Stål Heggelund, maritimdirektør i Norsk Industri

    Språkdiskusjonen er interessant, men der er andre grep som er viktigare. Mesteparten av vektinga for kontraktstildeling går på pris. Dersom ein kunne stilt same krav til utanlandske selskap som til norskeigde når det gjeld dokumentasjonskrav i openheitslova, berekraft, og allmenngjering, så ville mykje vere gjort.

  • Eddy Njåstad NynesEddy N. Nynes, hovudtillitsvalt i NITO – Noregs ingeniør- og teknologorganisasjon

    Ragnhild Aasen Jacobsen

    Eddy N. Nynes, hovudtillitsvalt i NITO – Noregs ingeniør- og teknologorganisasjon

    Å krevje norsk i anbodsrunden er noko som utanlandske verft fint kan ordne. Dei finn nokon som kan omsette anbodet for dei. I staden bør det stillast større krav til at leverandøren er registrert i det norske føretaksregisteret. Også kravet til norsk og norsk leveranse må vektast høgare enn pris. I dag blir pris vekta høgast. I tillegg bør kanskje krav til lærlingar komme inn i anbodsrunden.

  • Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant for Høgre

    NRK

    Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant for Høgre

    Eg meiner det er viktigare å legge til rette for at verfta våre skal vera konkurransedyktige både for norske og utanlandske reiarlag, som fritak for formuesskatt på arbeidande kapital. No har vi diverre ei regjering som ikkje har levert på dette. Difor får vi slike rare utspel som at kontraktsspråket skal vera på nynorsk for å sikre at kontrakten vert landa her.

  • Aleksander Øren Heen

    NRK

    Aleksander Øren Heen, stortingsrepresentant for Senterpartiet

    Det vil vera svært gledeleg for oss nynorskbrukarar og nynorsken sjølv om me kan setja krav om målform i innkjøpsprosessane. Om dette er lovleg innanfor konkurranselovgivinga er eg usikker på, så det må vi finne ut av. Uansett er opptrappinga av Forsvaret, som Sp og Ap regjeringa står i front for ei gyllen moglegheit for verftsindustrien òg anna industri.

  • Peder Lofnes Hauge

    Kristianne Marøy

    Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag

    Meir nynorsk i kontraktar ville vore positivt. Vi må trygge norsk på alle område. Mållaget har gått inn for at Stortinget skal vedta ein eigen språkparagraf i Grunnlova som slår fast at norsk er hovudspråket i Noreg, og sikre jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. Ein slik paragraf skal det nye Stortinget ta stilling til. Å drive aktiv språkpolitikk er også viktig innanfor industripolitikken.

  • Gustav Johan Nydal

    Gustav Johan Nydal, styreleiar i Polarny Maritime D & E AS

    Tyskland krev at alle anbod skal vere på tysk, noko som gjer at det er svært vanskeleg for norske verft å delta i konkurransane. Generelt likar eg ikkje proteksjonisme fordi det avgrensar norske bedrifter sine mogelegheiter. Marknadspotensialet for norske verft er større i utlandet enn innanlands. Difor bør vi heller prøve å avskaffe mogelegheitene for strenge språkkrav.

jrxtEB4H82Q

Regjeringa har utvida Byggelånsgarantiordningen frå 50 til 75 prosent. Det betyr at Eksfin kan ta ein større del av kredittrisikoen for bankar som tilbyr lån til norske skipsverft. Bilete: Statsminister Jonas Gahr Støre besøker Rosenberg Verft.

Foto: Janne Møller-Hansen

Publisert 14.01.2025, kl. 09.19

Read Entire Article