Ny senator vil straffe Noreg for Caterpillar-salet

1 week ago 20



Den republikanske senatoren Dave McCormick frå Pennsylvania reagerer kraftig på at oljefondet har selt seg ut av det amerikanske selskapet Caterpillar og fem israelske selskap.

I eit brev datert 4. september skriv McCormick til USAs handelsminister Howard Lutnick og handelsrepresentant Jamieson Greer.

Der meiner han at USA må «revurdere alt samarbeid med Noreg».

Han føreslår også konkrete mottiltak, som høgare tollsatsar, visumnekt for nordmenn og å avgrense Noregs tilgang til amerikanske finansmarknader.

Viss Noreg kan ekskludere amerikanske selskap på dette grunnlaget, bør det få konsekvensar, skriv han.

Meiner at oljefondet svekkjer amerikanske interesser

McComick åtvarar om at dette kan få alvorlege følgjer for forholdet mellom Noreg og USA.

Samstundes kallar McCormick seg ein «ven av Noreg»

I eit brev publisert av Jewish Insider til Anikken Huitfeldt, Noregs ambassadør til USA, takkar han for gjestfridomen under eit besøk i sommar og for at USA får bruke norske militærbasar.

Men denne avgjerda set vårt venskap på prøve, skriv han til Huitfeldt.

Hvit middelaldrende mann med grått hår i dress foran amerikansk flagg.

Dave McCormick.

Foto: John Shinkle

McComick seier også at han tok saka opp direkte med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), men at han var «utilfreds» med svaret.

NRK har bedt Statsministerens kontor (SMK) om ein kommentar, men har førebels ikkje fått svar.

Skreiv også brev til Noregs ambassadør til USA

Oljefondet selde Caterpillar-aksjane etter råd frå etikkrådet.

Selskapet produserer mellom anna bulldosarar som har blitt knytt til riving av palestinske bustader i Gaza og på den okkuperte Vestbreidda, utført av Israel.

McCormick meiner avgjerda «undergrev amerikanske selskap og svekkjer våre nasjonale interesser».

Han ber om at salet blir omgjort, og varslar politiske og økonomiske tiltak dersom det ikkje skjer.

McCormick skreiv også brev til Noregs ambassadør Anniken Huitfeldt. Der skriv han er «djupt uroa» over avgjerda.

Anniken Huitfeldt under Kirkeneskonferansen 2022

Den norske ambassadøren til USA, Anniken Huitfeldt.

Foto: Karen Gjetrang / Karen Gjetrang

Han meiner det er politisk motivert, og argumenterer for at utelukkinga av Caterpillar i praksis er ein indirekte boikott av Israel, noko han meiner USA ikkje kan akseptere.

Ifølgje Jewish Insider peikar McCormick på at Caterpillar lenge har vore eit hovudmål for BDS-rørsla.

Rørsla som er kort for Boycott, Divestment and Sanctions er ein global kampanje som oppmodar til boikott, investeringstrekking og sanksjonar mot Israel, for å påverke landet til å endre politikken sin overfor palestinarar.

Han meiner oljefondet har latt seg påverke av den same logikken.

Nettavisa skriv også at fondets investeringar i Israel har blitt eit stridstema i den norske valkampen, der venstresida pressar på for å trekkje seg frå fleire amerikanske selskap.

Fleire protestar frå USA

McCormick er ikkje den einaste som har reagert.

Det amerikanske utanriksdepartementet har uttrykt sterk uro over avgjerda.

Departementet har tidlegare skrive til NRK at saka er tatt opp med norske styresmakter.

Senatoren Lindsey Graham frå South Carolina har tidlegare trua med liknande tiltak.

Etter Grahams utspel sendt Støre eit tekstmelding til han og forklarte at oljefondet er uavhengig av regjeringa.

– Kanskje det er på tide å innføre toll på land som nektar å gjere forretningar med store amerikanske selskap, skreiv Graham på X, etter at oljefondet trekte seg ut av Caterpillar.

I sommar selde oljefondet seg ut av nesten halvparten av dei israelske selskapa, blant anna Bet Shemesh, som held ved like fly brukt til bombing av Gaza.

Årsaka er at fleire israelske selskap medverkar til alvorlege brot på folkeretten i dei palestinske områda.

Skjermdump fra Twitter/X, hvit tekst på svart bakgrunn

Skjermbilete av X-meldinga til Lindsay graham.

Foto: Lindsey Graham/Twitter/X

I fjor trekte Noregs største private pensjonsfond (KLP) seg ut av Caterpillar.

KLP meiner selskapet utgjer ein «uakseptabel risiko for medverknad til brot på menneskerettar i krig- og konfliktsituasjonar»

Publisert 05.09.2025, kl. 13.47 Oppdatert 05.09.2025, kl. 13.51

Read Entire Article