Ny bok: Politiagent gjekk på fylla med drapssikta

1 month ago 43



I 2019 vart sjubarnsmora Elisabeth Aaslie (49) dømd til 21 års forvaring for to drap. 

Aaslie var mistenkt for drap på sin tidlegare sambuar Øystein Hagel Pedersen (66) i 2014. Ho var også mistenkt for å ha teke livet av sin eigen far på byrjinga av 2000-talet. 

Under etterforskinga av Aaslie brukte politiet mellom anna ein hemmeleg agent som skulle kome tett på ho. 

Over tid skulle den hemmelege agenten, som brukte dekknamnet Anna Andersen, bli ein del av hennar inste sirkel.

Ny informasjon

I den nye boka «Løgnen: Politiets jakt på 'Noregs farligste kvinne'», kjem det fram meir om korleis politiet over lenger tid arbeidde med etterforskinga av Aaslie.

Forfattarane, TV 2-journalistane Magnus Braaten og Kenneth Fossheim, har fått innsyn i fleire detaljar om den hemmelege operasjonen. 

Delar av rettssaka i 2018 som handla om den hemmelege agenten og hennar arbeid, vart ført for lukka rett. 

Mykje av informasjonen har derfor ikkje tidlegare vert kjent. 

Forfattarane har hatt samtaler med forvaringsdømde Elisabeth Aaslie og gått gjennom politirapportar.

Difor kan ein fortelje meir om agent Anna Andersen enn det som var mogleg å gjere tilbake i 2018.

Aaslie har heile tida nekta for å ha drepe dei to mennene. 

Dekkhistoria

Anna skal ha hatt ein dekkhistorie om at ho var saman med ein valdeleg kjærast som «ho ønskja å bli kvitt». 

På denne måten skal ho ha klart å skape ein relasjon til Aaslie.

Under rettssaka i 2018 kom det fram at i perioden frå desember 2014 til august 2017, skal Aaslie og agenten Anna ha treft kvarandre heile 49 gonger. 

Desse møta skal ha vart i alt frå 10 minutt til 13 timar. 

Blant anna skal eit slikt møte ha hendt i april 2016. Då inviterte den hemmelege agenten med seg Aaslie på ein tur til Oslo, skriv forfattarane.

 Privat
FORVARING: Elisabeth Aaslie vart dømd til 21 års forvaring i 2019. Foto: Privat

Timen som forsvann

Etter at politibetjenten og den drapsmistenkte Aaslie kom til Oslo, er det dokumentert fleire barbesøk gjennom lydopptaka frå mikrofonen politibetjenten Anna bar på seg. 

I løpet av dagen er dei innom 2–3 ulike barar og restaurantar. Under heile reisa hadde Anna på seg ein skjult mikrofon for å ta opp samtalane med Elisabeth.

Dersom ho forsnakka seg eller kom inn på noko som hadde med drapa å gjere, skulle bandopptaket sørgje for at politiet fekk det dei trengde av informasjon. 

Men opptaket av den siste timen av denne aprildagen i Oslo manglar, ifølgje boka. Det er førebels ikkje klart kva som er årsaka til at lydopptaket ikkje held fram. 

Verken forfattarane av «Løgnen» eller TV 2 har fått svar frå politiet om kva som hendte med mikrofonen eller opptaket. 

Ifølgje forfattarane står det heller ikkje noko reell forklaring i rapporten politibetjenten Anna har skrive frå oppdraget om kvifor opptaket stoppar her.

I rapporten hennar skal agenten Anna ha skreve at dei to kvinnene gjekk og la seg rundt 01:30. 

Forfattarane skriv at basert på tidskoden på bandopptakaren til agenten og kva damene seier i opptaket før det stoppar, syner at klokka skal vere rundt 00:30. 

Måtte bygge truverd

På tidspunktet for turen til Oslo har dei to kvinnene kjent kvarandre i godt over eit år. 

I boka kjem det også fram at det ikkje er første turen den hemmelege agenten har invitert Aaslie med på. 

Ved fleire høver har ho nytta slike reiser for å styrke relasjonen mellom dei to kvinnene. Men denne turen var likevel første tidspunktet det vart aktuelt å drikke alkohol saman ettersom Aaslie hadde vore gravid.

I saksdokumenta forfattarane har fått kjem det fram at Anna og hennar kontaktperson i politiet hadde diskutert ein god del rundt alkoholinntak i ein slik operasjon, men at dei vurderte at det ville framstå som rart dersom desse to god venninnene aldri hadde teke eit glas vin saman. 

 Daniel Sannum Lauten/TV 2
ANNAN FORKLARING: Elisabeth Aaslie meiner ho kjende att politiagenten Anna frå ei reklame for Politihøgskolen. Foto: Daniel Sannum Lauten/TV 2

I eit intervju Aaslie gjorde med TV 2 i 2023, der ho fortalde at ho forsøkte å få saka si gjennoppteken, hevdar ho at ho lenge var klar over at Anna var frå politiet. 

Ho hevdar å ha sett bilete av Anna på ei reklame for å søkje Politihøgskolen og at ho derfor var klar over kven den hemmelege agenten heile tida var. 

Kontroversiell metode

Bruken av hemmelege operasjonar og infiltrering ved bruk av hemmelege agentar har lenge vert sterkt kritisert og er ein omstridt metode. 

Olav Sylte, som var Aaslie sin forsvarer i første rettsinstans i 2018, var også kritisk til bruken av hemmelege agentar. Den gangen prøvde Sylte å stoppe at fleire av opptaka vart brukt i retten. Han meinte det var i strid med den mistenkte sin rett til å ikkje forklare seg for politiet. 

Snakka om vitaminkapslar

Politiet retta søkjelyset mot Aaslie etter at hennar ekssambuar Pedersen vart funnen død på eit hotellrom med fleire sovepiller i rommet. Aaslie skal ha vore den siste som var på besøk hos han. 

I 2017 vedtok politiet å grave opp faren til Aaslie for å ta nye prøver. Det synte seg at faren hadde roande middel i kroppen. 

Derfor vart samtala om utbytting av innhald i vitaminkapslar til fordel for sovemedisin eit viktig bevis i rettssaka i 2018. 

 Daniel Sannum Lauten/TV 2
HEVDAR SI USKULD: Aaslie hevdar framleis at ho er uskuldig dømd. Foto: Daniel Sannum Lauten/TV 2

Eit samtaleemne mellom Aaslie og agenten, som skal ha blitt teke opp fleire gonger, blant anna i bilen frå Sørlandet til Oslo, er korleis ein kan byte om innhaldet i vitaminkapslar med sovemedisin. 

Dette var eit av bevisa retten vektla då dei valte å dømme sjubarnsmora til lovas strengaste straff. 

Politiets svar

TV 2 har sendt ei rekke spørsmål til både Oslo-politiet og politiet i Agder om kva vurderingar som har blitt gjort i denne saka. 

Politiet i Oslo har ansvaret for hemmelege agentar i Noreg, medan politiet i Agder har eigarskapet til saka som vart bygd opp mot Aaslie. 

Spørsmåla som er oversendt handlar om kvifor dei har valt å sette inn ein hemmeleg agent, kva restriksjonar har Anna hatt ovanfor Elisabeth og kva vurderingar har blitt gjort kring informasjon dei kunne ha motteke når den mistenkte var under påverknad av alkohol. 

Oslo-politiet har tilvist alle spørsmål vidare til Agder politidistrikt. 

TV 2 har fredag vore i kontakt med Agder politidistrikt. Dei hadde ikkje anledning til å svare på henvendinga før helga.

Magnus Braaten og Kenneth Fossheim jobber som krimjournalist og reportasjeleder i TV 2. De har ikke vært involvert i arbeidet med denne nyhetsartikkelen.

Read Entire Article