Norske sauer kan bli middag i Midtausten

2 weeks ago 11



Nordmenn flest vil ikkje ete norsk sauekjøt. No kan kjøtet «ingen» vil ha bli sendt langt av garde. 800 mil til den vesle oljestaten Oman.

Ferske prognosar frå marknadsregulatoren Nortura Totalmarknad viser at det er 500 tonn sauekjøt på lager og at det vil vekse til 1500 ved komande årsskifte.

Ole Skulberg, direktør i Nortura Totalmarked

Direktør Ole Skulberg i Nortura Totalmarknad seier eksport kan løyse marknadssituasjonen for sauekjøt.

Foto: Tore Tollersrud / NRK

– Lam kunne vi selt litt meir av, men vi har for mykje sauekjøt. Dersom nokon ønskjer å eksportere sauekjøt, så må dei gjerne gjere det, seier direktør i Nortura Totalmarknad, Ole Skulberg.

– Må vere siste utveg

Sauene forsyner seg godt av det grøne haustbeitet ved Jølstravatnet i Vestland. Sauebonde Ragnhild Sæle er fornøgd med at ho har fått ned dei fleste dyra frå fjellbeite.

Som leiar i fagorganisasjonen Sogn og Fjordane sau og geit har Sæle i ei årrekke jobba for sauebøndene sine interesser. No er ho oppgitt over at store mengder sauekjøt kan bli seld på billigsal ut av landet.

I dag får bøndene mellom 12 og 15 kroner kiloen for sauekjøt. Butikkprisen er det mangedoble.

Ragnhild Sæle med sauene sine på beite i Jølster

Sauebonde Ragnhild Sæle er kritisk til at sauene hennar kan ende opp i Midtausten.

Foto: Bård Siem

Ho reagerer på at kjøt frå sauene hennar blir send heilt til Oman i Midtausten. Ei reise på 800 mil.

– Det må vere siste utveg at vi sender fullverdig kvalitetskjøt ut av landet. Det er trass alt ein del av beredskapen vår, seier Sæle.

Ho er skuffa over butikkane og kjedene som tek inn berre lammekjøt og ikkje sau.

– Det er mange som spør etter vaksen sau og heile saueslakt, men det er ikkje råd å få tak i. Det er eit nederlag at vi ikkje klarar å bruke det sjølv, seier ho.

Kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, Kine Søyland, avviser kritikken.

– Vi opplever svært få initiativ og generell laber interesse frå kjøtindustrien og merkevareleverandørane rundt sauekjøtt. Vi kan ikkje ha i sortiment ting forbrukaren ikkje spør etter, seier ho.

Samstundes legg ho til at Norgesgruppen har nokre få produkt av vaksen sau i enkelte periodar av år

Vi bør ete opp sauekjøtet sjølv

På Spar-butikken på Sande i Sunnfjord er kunden Stein Petter Furset overraska over at vi må eksportere sauekjøt for å bli kvitt det.

– Det er dumt at vi ikkje sjølve greier å ete opp sauekjøtet vi produserer. Vi må ta vare på dei norske bøndene, seier han.

Stein Petter Furset ved Spar-butikken i Sande.

Stein Petter Furset på Spar-butikken på Sande i Sunnfjord meiner det er dumt norsk sauekjøt må fraktast heilt til Midtausten.

Foto: Astrid Korsvoll

Sjølv er Furset mest glad i svinekjøt, men han et både lammekjøt og sauekjøt.

Sidan Oman er eit muslimsk land, må eit religiøst ritual følgjast under slaktinga. Dette blir kalla halalslakting som norske slakteri må utføre før skrottane kan bli sende til Midtausten.

– Halalslakting hos Nortura blir gjort av kompetente muslimske slaktarar som les ei bøn før slakteprosessen byrjar. Alle dyr blir bedøvde før dei blir avliva, seier John Trygve Tollefsen i Nortura.

Importerer lam frå Island

Dei fleste nordmenn vil ikkje ha sauekjøt fordi dei meiner det er for seigt og feitt. Dei vil heller ha magert lammekjøt som det er for lite av og som vi må importere. Det meste kjem frå Island.

Det er det bondeeigde selskapet Noridane som jobbar med eksport av sauekjøt. For fem år sidan selde selskapet 500 tonn sauekjøt til nettopp Oman.

Saueslakt ved Nortura Reset

Selskapet Noridane ønskjer å eksportere 500 tonn sauekjøt til Oman.

Foto: Ådne Dyrnesli

Tidlegare har det også vore eksportert sauekjøt til Afghanistan.

Ifølgje administrerande direktør i Noridane, Martin Ravn, er planen å eksportere 500 tonn sauekjøt til Oman.

– Vanlegvis får vi langt mindre betalt for sauekjøt enn lammekjøt, men i Oman er sauekjøt veldig populært. Det blir eksport på kommersielle vilkår, seier han.

I løpet av dei komande vekene vil det bli avgjort om det blir noko av eksportplanane. Det heile kjem an på om dei får den prisen dei ønskjer.

Sauekjøtet vil hope seg opp på lager i Noreg dersom den planlagde eksporten går i vasken.

Publisert 16.09.2024, kl. 16.38

Read Entire Article