Norsk hjelpearbeidar vakna av angrep på teltleir: – Håpte at taket ikkje skulle kollapse

1 month ago 17



Det var like etter midnatt tysdag at veggen til hovudkvarteret byrja å riste, fortel Brubakk.

Ho og kollegaane i Legar utan grensar hadde alle lagt seg då ho vakna av ei rekke drønn, som følgde raskt etter kvarandre.

Dei har fått opplyst at det var tre rakettar. Helsepersonell på staden har tidlegare meldt om fire, men sivilforsvaret melder no om «tre djupe krater» ifølge AFP.

– Det var så kraftige smell at ein heilt automatisk krølla seg saman i senga, inn mot veggen, og håpte at taket ikkje skulle kollapse, seier Brubakk til NRK.

Aftermath of Israeli strikes in Khan Younis

20 telt brende ned etter angrepet, ifølge sivilforsvaret i Gaza.

Foto: Abdullah Al-Attar / Reuters

– Så gjekk tankane umiddelbart til dei som sov i telt rett utanfor, som ikkje hadde noko moglegheit til å verne seg mot det.

Rakettane hadde slått ned i ein teltleir i Al-Mawasi, 500 meter unna. Denne leiren ligg i den såkalla humanitære sona i Gaza.

19 menneske er stadfesta døde etter angrepet, ifølge helsestyresmaktene i Gaza. Dei har varsla at talet kan kome til å stige.

Fleire enn 60 menneske er også meldt skadde, nokre av dei alvorleg.

Brende telt i nærleiken av israelsk angrep på Al-Mawasi

Det er eit breitt nettverk av hjelpeorganisasjonar spreidd ut over den humanitære sona i Gaza. Denne gongen skjedde angrepet nærast Den internasjonale raude kors-komiteen sitt feltsjukehus, fortel Brubakk.

Foto: EYAD BABA / AFP

Tvillingar på fire år blei hardt skadde

Eit tvillingpar på fire år blei utsett for eksplosjonane i natt, seier Brubakk.

Borna blei tekne imot på Nasser-sjukehuset i byen, der ho har jobba som barnepsykolog dei siste fem vekene.

– Den eine jenta har mista begge beina og fire fingrar på venstre hand. Den andre tvillingen har mista eit bein.

– Eg vil tippe at mor deira i går kveld pakka pent rundt dei, kyssa dei god natt, ønskte at dei skulle få sove godt, og så vakna dei av å vere alvorleg skadde.

Missilangrep Khan Younis

Sivilforsvaret i Gaza fortel at eksplosjonane øydelagde 20 telt. Vitner på staden seier til nyheitsbyrået AP at dei etterlét seg krater som var opptil ni meter djupe.

Foto: Mohammed Salem / Reuters
Missilangrep i Khan Younis

Det skulle mange til for å få tilgang på alt som ligg nede i sanden.

Foto: BASHAR TALEB / AFP
Aftermath of Israeli strikes in Khan Younis

20 telt er også brende ned, seier det palestinske sivilforsvaret i Gaza.

Foto: Mohammed Salem / Reuters
Bebuarar i Al-Mawasi-leiren

Folk har også samarbeidd for å få berga eigendelar som ikkje er øydelagde.

Foto: BASHAR TALEB / AFP
Missilangrep i Khan Younis

Andre sørger over det som er borte.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

For to dagar sidan kom det ein evakueringsordre frå Israel, seier ho vidare.

I den blei palestinarane i sørlege Gaza bedne om å trekke til akkurat dette området for å berge livet.

– Medan eg har vore på jobb, har eg hatt kollegaar som har sprunge for livet, sprunge over lik for å kome seg vekk, i den humanitære sona.

– Det er første gong for meg at det har vore så nære. Men på fem veker har det kanskje vore to netter der det ikkje har vore bombing.

Katrin Glatz Brubakk i Gaza

Guten som får hjelp her av Brubakk og ein kollega heiter Mohammed. Han har mista far sin og eitt av beina sine i eit tidlegare angrep på sørlege Gaza.

Foto: Katrin Glatz Brubakk / Leger uten grenser

– Dersom vi er i live

Måndag var Brubakk sin siste dag på sjukehuset for denne gong. Ho reiste ut av Gaza som planlagt, og er tysdag kveld i Jordan.

– Eg sa til dei på sjukehuset at eg håpte vi ville sjå kvarandre igjen, og at eg hadde veldig lyst å reise tilbake og bidra ein gong til.

– Då sa ein kollega som dei veldig ofte seier: «Vi sjåast igjen dersom vi er i live». Desse orda går og dirrar i hovudet på meg.

Katrin Glatz Brubakk i Gaza

Det er vanskeleg å hjelpe barn som er kronisk redde for å døy, fortel Brubakk til NRK. Jenta på biletet er ikkje ein av tvillingane som blei skadde i natt.

Foto: Katrin Glatz Brubakk / Legar utan grenser

Netter som den dei no har hatt, viser at dette ikkje berre er noko ein seier, meiner Brubakk.

– Dei har vore livredde for å døy i 11 månader, og det ser du på folk. Eg har sett bilete av dei frå før krigen og du kjenner dei nesten ikkje att.

– Dei har fått eit heilt eige drag over ansiktet.

Seier Israel er «nær ved å fullføre» i sør

Israel har utført ei rekke angrep i og rundt dette området, inkludert eitt i juli der militæret hevda å ha drepe Hamas sin militære leiar Mohammad Deif.

No er planen å trekke seg ut av sørlege Gaza og flytte fokuset mot grensa til Libanon, seier den israelske forsvarsministeren i ein video på sine nettsider.

– Tyngdepunktet er på veg nordover. Vi er nær ved å fullføre oppgåvene våre i sør, men vi har ikkje enno fullført oppdraget vårt her, sa Yoav Gallant til ei gruppe soldatar stasjonerte i nord.

Netanyahu og Gallant i oktober 2023

Yoav Gallant (h) har fleire gongar uttrykt misnøye med statsminister Benjamin Netanyahu (v) og vala til dei andre politiske og militære toppleiarane i Israel.

Foto: Abir Sultan / AP

Tidlegare tysdag sa Gallant følgande i ei utsegn:

– Hamas eksisterer ikkje lenger som militær eining. Hamas driv med geriljakrig, og vi kjemper framleis mot Hamas-terroristar og jaktar Hamas sitt leiarskap.

Meiner utsegna vil bli dårleg motteke

Med dette indikerer forsvarsministeren at han ikkje ser Hamas som ein like stor trugsel som før, seier militærekspert Tormod Heier til NRK.

– Å seie at Hamas ikkje lenger utgjer ei militær eining storleiksmessig, er det same som å seie at Hamas langt på veg kan sjåast på som ein nedkjempa militær organisasjon.

Sjølv er han einig i at Hamas er best skildra som ein geriljaorganisasjon.

Professor Tormod Heier

Heier er professor i militær strategi og operasjonar ved Forsvarets høgskole.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Men dette er eit utspel som statsminister Benjamin Netanyahu og dei meir høgreradikale kreftene i regjeringa vil like dårleg, seier han.

– Deira mantra er jo å totalt nedkjempe alle delar av Hamas for å rettferdiggjere at dei framleis er til stades på Gazastripa.

– Det er nok eit uttrykk for intern misnøye og splid det israelske statsapparatet på politisk og militær side. For eg trur nok at Hamas har vore nokså svekka ganske lenge.

To motstridande israelske historier

Tidlegare tysdag hevda det israelske forsvaret (IDF) at det angreip området med «presis ammunisjon og dronar» fordi det var ein kommandosentral for Hamas der.

– Terroristane var direkte involverte i 7. oktober-massakren, og hadde nyleg utført terroraktivitetar, heiter det vidare i utsegna.

Hamas nektar for at det var noko kommandosentral i Al-Mawasi, og seier dette er «ein openberr løgn for å rettferdiggjere stygge brotsverk».

Det Gallant seier om Hamas sin overgang frå ei militær eining til ei geriljagruppe, strir med Israel si historie om angrepet på Al-Mawasi, meiner Heier.

Dronebilde av området der angrepene skjedde i Al-Mawasi

Også FN sin generalsekretær António Guterres har «sterkt fordømt» angrepet i den humanitære sona natt til tysdag.

Foto: BASHAR TALEB / AFP

– Angrepet signaliserer at Hamas openbert har ein sentralisert, velfungerande kommandokjede med ei rekke underordna avdelingar som let seg styre og samordne verksemda frå, fortel han.

– Då kan ein kanskje tru at årsaka dei gir for angrepet overspelar eller overdramatiserer Hamas si reelle operative emne.

Er du interessert i meir frå NRK sin Utanriksredaksjon? Høyr den siste podkasten vår:

Publisert 10.09.2024, kl. 20.49 Oppdatert 10.09.2024, kl. 21.19

Read Entire Article