Norsk frukt og marknadsføring

3 hours ago 1



Marknadsføring av norsk frukt har vore tema i debattspaltene i fleire aviser.

Foto: Jostein Ims

Irritasjonen over stendig skort på namngiing av norske eple, førte til avisartikkelen: «Kvifor er norsk frukt namnlaus?»

Ja, eg trur på «min kjede» når dei fortel om mange norske epledyrkarar og avtalar med desse. Problemet med omsetnaden av norsk frukt ligg ikkje her. Det er frukta sin veg via grossist og butikk til forbrukar som er mitt tema. Kort sagt presentasjon og marknadsføring i dei avsluttande salsledda. Etter påpeiking av skortande namngiing av norsk frukt i butikken, har eg fått rask respons frå «min butikk». I dag er eplekassane merka med store namnskilt med påskrift Gravenstein, Aroma, Rubinstep osv. Sjølsagt har eg gitt fortent rosande respons attende. Biletet ovafor frå denne butikken viser kor godt og tydeleg det kan gjerast!

Øverst i fruktdisken hadde dei tilsette merka Aroma- og Elstar-kassane med store tydelege namneskilt. Under sjølsagt annonsa frå kjeden med det vanlege «Røde eple». Det som serleg kjenneteiknar norsk frukt, i motsetnad til utalandsk, etter min smak, er at norsk frukt har aroma: Ein serleg smak svært ulik frå eplesort til eplesort. Difor er det viktig at kunden får vita namnet på eplesorten. Dei fleste av kundane skil lett mellom raude og grøne eple. Så reklamemakarane treng ikkje fortelja kunden det. Det er såvisst ikkje fargen som fortel noko om smak og aroma på eplet. Etter mi røynsle er det berre saftighet, hardleik og i mindre grad aroma som kjenneteiknar utalandsk frukt. Unntaket er eplesorten Elstar som også har god aroma. Den blir og dyrka i Norge nå.

Er det i grossistleddet den store svikten skjer? Då må kjedene ta tak og rydda opp i dette uføret. Kva om kjedene påla grossistane å leggja små namnelappar i eplekassane og fekk laga små klyper til butikkane med namnelappan med sortsnavnet. Min store draum til slutt er at det blir «min kjede» som er først ute med skikkeleg merking av norsk frukt. Får eg oppleva det?

Innlegget er forkortet. Red.

Read Entire Article